Høybåre

Frå Alnakka.net
Bering av høybåre på TustnaNordmør i juni 2012.
Foto:Hallgjerd Utne

Ei høybåre er ein stegaliknande landbruksredskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særlig vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjor og ordna i kjemmor med riva. Så legg ein kjemmone på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løda. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein veltar båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vara kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik fölgte ein med kor mykje av høyet som var att.

Høykjemmor og høybåre.
Foto:Olve Utne

Annan bruk av ordet høybåre

Ordet blir stundom bruka i staden for høybørd, som er høy med eit taug kring som blir bore på ryggen. Dessutan blir ordet av og til bruka om ymse småvogner og anna som blir bruka til høytransport.