Glückstadt

Frå Alnakka.net
Frå hamna i Glückstadt.
Foto:«Nightflyer»

Glückstadt (ty.) eller Glykstad (da.), òg stundom kalla Lykstaddansk, er ein by ved nedre Elben i Holsten i det novarande Tyskland.

Historie

Glückstadt i året 1652. Den planlagte festningsbystrukturen visest tydelig. Likeeins ser vi at store deler av dei planlagte byareala enno ikkje var tekne i bruk.

Glückstadt vart grunnlagt i 1617 av Christian IV, konge av Danmark og Norge og hertug til Slesvig og Holsten. Målet var å etablere ein konkurrent til byen Hamborg, og han skulle vara ein oinntakelig festnings- og hamneby ved den nedre (nord-vestlige) delen av Elben. Befestninga vart fullført i 1620. Kongen prøvde å lokke dit innbyggjarar dels ved å gje handelsprivilegium, dels ved å gjera han til hovudsete for den kongelige delen av hertugdømma, og dels ved å lova religionsfriheit. Det sistnemnte førte med seg at det kom portugisarjødar; nederlandske reformerte, remonstrantar og mennonittar; og katolikkar til Glückstadt.

Islandshandel og grønlandshandel

I perioden 16271639, da Hans Nansen residerte i byen som salsledar for det Islandske Compagnie, var Glückstad stabelstad for islandshandelen. I 1671 sette så borgarskapet i byen i gang med grønlandsfart, som fortsette til innpå 1700-talet.

Elbtollen

1628 innførte Christian 4. elbtollen, som alle passerande skip (ikkje minst til og frå Hamborg) måtte betala. Elbtollen stod ved lag fram til 1645.

Skipsbygging

Alt på 1600-talet vart det dreve skipsbygging i Glückstadt. På 1700-talet vart desse fartya bygd:

1766: 1 evert (3½ lestar),
1777: 1 evert (8 lestar),
1778: 2 evertar (11½ lestar),
1780: 1 evert (4 lestar),

og dessutan fleire skip bygd mellom 1786 og 1815.

På 1700-tallet var det minst 3 skibsbyggmeistrar i Glückstadt: Johan Meinertz (frå 1730), Schröders og Thiedemanns værft (frå 1779) og Claus Seeman (i alle fall frå 1787). I 1799 til 1803 var det minst 25 faste arbeidarar på verfta. Dessutan var det 4 reipslageri kring år 1800.

Krigshendelsar

Byen vart beleira og angrepen fleire gonger under dei mange krigane som herja på 1600-talet, og som Danmark–Norge under Christian IV var involvert i. Under keisarkrigen motstod byen i 162728 ei femten vekkor lang beleiring som vart leda av hertug Johann Tserclaes Tilly.

Fram til 1710, da det vart reve, stod Glücksburg slott[1] i byen. Her vart hertug Frederik (da fyrstbiskop av Bremen og Verden, seinare Frederik III av Danmark) sitt bryllaup med Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg feira i 1643.

Regjeringskanselliet

Rådhuset i Glücksburg.
Foto: Dirk Ingo Franke

I 1648 oppretta Frederik III eit regjeringskanselli som fikk sete i Glückstadt. Statthaldaren og regjeringskanselliet vart eit mellomledd til Det tyske kanselliet i København. Da den gottorpske delen av Slesvig 1675–79, 1684–89 og endelig frå 1713 vart föreint med den kongelige delen, vart regjeringskanselliet delt i eit slesvigsk kanselli, Justitskancelliet på Gottorp Slot, kalla Overretten på Gottorp, og eit holstensk kanselli som vart varande i Glückstadt, og som òg vart kalla Overrett.

På grunn av at regjeringskanselliet låg i Glückstadt, vart byen hovudstad for den kongelige delen av Holsten (motsett den gottorpske delen). Etter dét vart Holstein-Glückstadt (på dansk Holsten-Lykstad) det offisielle namnet på den danske kongen sine besittelsar i Holsten. Fram til Preussen annekterte Holsten i januar 1867 var dei danske kongane hertugar av Holstein-Glückstadt; men for Christian IX av Danmark (1863-1867) sin del vart det likevel berre ein tom tittel.

Napoleonskrigane

I 1814, heilt mot slutten av napoleonskrigane, måtte byen kapitulere, og befestninga vart øydelagt. Byen vart frihamn i 1830.

Folkevekst på 1800-talet

Innbyggjartalet vaks i begynnelsen av 1800-talet:

1803: 5.178 innbyggjarar,
1835: 5.988 innbyggjarar,
1840: 5.939 innbyggjarar,
1845: 5.884 innbyggjarar,
1855: 6.145 innbyggjarar.

Etter 1864

Etter krigen i 1864 vart byen, i lag med resten av Slesvig-Holsten, ein del av Preussen.

Religion og livssyn

Kristendom

Jødedom

Glückstadt Judenfriedhof vart etablert i 1622.
Foto: Uwe Barghaan

Portugisarjødane i Glückstadt fikk løyve til å byggje esnoga i 1630. I 1767 vart den nye esnogaen i Königstraße 6 nybygd. Etter stadig minkande jødisk folketal utover 1800-talet, vart esnogaen selt og reven i 1895.

Den jødiske gravlunden vart etablert alt i 1622 og var i bruk — frå 1861 berre for asjkenazím — fram til den siste attvarande jøden i Glückstadt dødde i 1914. Under nazismen vart samtlige gravsteinar fjerna og området planert. Etter 1945 har dei kring 100 attvarande gravsteinane vorte tilbakeført, og ein har prøvd å rekonstruere gravlunden i den grad det er mulig.

Verdt å sjå

Den protestantiske kirkja vart bygd i 16181623 i renessansestil. Framom inngangen finst det eit stormflomerke frå 1756. Til høgre framom kirkja står ein kopi av ei bronsebyste av kong Christian IV. Originalen er på Rosenborg Slot i København.

Brockdorff-Paléet vart oppført i 1631/32 til guvernøren for byfestninga. I dag held bymuseet, Detlefsenmuseet, heime i paléet. Samlinga der er skapt av Sönnich F. Detlefsen. Museet gjev eit omfattande bilde av livet til innbyggjarane i Glückstadt og Elbmarsken.

Det første rådhuset i Glückstad vart bygd i 1642/43 i nederlandsk seinrenessansestil. På grunn av dårlige grunnförhold og setningar måtte huset rivast i 1872, og i 1873–74 vart det attoppbygd med ein reproduksjon av den opprinnelige fasaden.

Sidan 1968 har matjessildfestivalen Glückstädter Matjeswochen vorte feira frå og med tredje torsdagen i juni kvart år.

Transport

Elbferje mellom Glückstadt og Wischhafen.

Frå Glückstadt er det ferjesamband over Elben til Wischhafen.[2]

Personar

Æresborgarar

Innbyggjarar fødd före 1866

Innbyggjarar fødd etter 1866

Fotnotar

Litteratur

  • Klem, Knud: Skibsbyggeriet i Danmark og Hertugdømmerne i 1700-årene : om skibsbygning og handelskompagnier i den florissante periode, b. II. (Søhistoriske Skrifter; XIV.) København : Handels- og Søfartsmuseet på Kronborg, 1986. ISBN 87-88646-13-0

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon