Carlos Seixas

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 00:20 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{honom}}» til «honom»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
José António Carlos de Seixas.

(José António) Carlos (de) Seixas (f. 11. juni 1704 i Coimbra; d. 25. august 1742 i Lisboa) var ein portugisisk komponist og organist.

Liv

José António Carlos de Seixas vart fødd onsdagen den 11. juni 1704 i Coimbra ått foreldra Marcelina Nunes og domorganist Francisco Vaz. I 1718, berre 14 år gammel, tok han over organiststillinga etter far sin, og to år seinare flytta han til Lisboa, der han gav musikktimar. I Lisboa møtte han Domenico Scarlatti, som budde i Portugal frå 1721 til 1728. Det blir sagt at da Dom António (son ått kongen) prøvde å ordne at Carlos Seixas skulle få cembalotimar med Scarlatti, svara Scarlatti at det heller var Carlos Seixas som burde gje honom timar. Seinare vart Carlos Seixas organist i hoffkapellet og i domkirkja i Lisboa så vel som hoffkomponist. Han vart adla i 1738 av kong João V av Portugal. Carlos Seixas dødde laurdagen den 25. august 1742 i Lisboa.

Verk

Carlos Seixas var påverka av den tyske Empfindsamer Stil (bokstavelig tala ‘følsam stil’). Mykje av musikken hans forsvann i jordskjelvet i Lisboa i 1745. Det som finst att er tre orkesterverk, kring 100 sonatar for tangentinstrument og ei handfull korverk for liturgisk bruk. Korverka er elles vesentlig meir konservative i stilen enn dei andre bevarte verka hans er.


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon