Geirfugl

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Geirfugl tekna av Audubon i 1800-åra.
«Geirfugl» i ordlista
ein geirfugl, geirfuglen (dativ ått di geirfugla); fleire geirfuglar, alle geirfuglane (dativ ått all(om) dei geirfuglom)
geirfugl

Pinguinus.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Alcidae
Slekt: Pinguinus
Art: P. impennis
Vitskaplig namn
Pinguinus impennis
(L., 1758)

Geirfugl (Pinguinus impennis (förelda: Alca impennis)) var ein stor, ikkje-flygande fuglart i alkefamilien. Geirfuglen dødde ut kring midten av 1800-talet. Han var den einaste attlevande arten i slekta Pinguinus i nyare tid; den andre, Pinguinus alfrednewtoni, kjenner vi berre frå Pliocen-epoken (5,33–1,81 mill. år sidan). Geirfuglane heldt til i Nord-Atlanteren, der dei hekka på steinote, isolerte øyar med lett tilgang til havet og rike matressursar. Slike plassar var det ikkje mange av, så det fanst berre nån få hekkeplassar för geirfuglane. Utom hekkesesongen svømte geirfuglane over store område på jakt etter mat — frå så langt sør som Nord-Spania og New England til Canada, Grønland, Island, Færøyane, Norge, Storbritannia og Irland.

Med høgda på 75–85 cm og sine kring 5 kg var geirfuglen den störste av alkefuglane. Han hade svart rygg og kvit buk. Det svarte nebbet var langt, grovbygd og krokot ytst med skrådde furor på sidone. I hekkesesongen hade geirfuglane ein stor, kvit flekk over kvar auge. Etter hekkinga mista geirfuglen dei her flekkane, og i staden hade dei eit kvitt band som strekte seg mellom augone. Med venger som var berre kring 15 cm lange, så kunne ikkje geirfuglane flyge. Derimot var dei gode svømmarar, og kosthaldet deras bestod hovudsaklig av fisk, inkludert Brevoortia tyrannus og lodde, og skaldyr. På land var geirfuglane ganske hjelpelause. Dei naturlige fiendane deras var spekkhoggarspekkhoggarar, havørnar, isbjørnar — og menneske. Geirfuglane var monogame. Dei hekka i tette, sosiale koloniar. Kvar hoe la eitt egg på berre berget, og hoa og hannen delte på ruginga i dei seks vekkone det tok för egget å klekkjast. Geirfuglungane förlet sjølve klekkjeplassen etter 2–3 vekkor, men föreldra fortsette å passe på dem vidare utover sommaren.

Eldey vestom Reykjavík på Island, der dei siste geirfuglane vi veit sikkert om vart drepne laurdagen den 3. august 1844.
Foto:Christian Bickel.

Menneska dreiv jakt på geirfugl i over 100 000 år. I mange indianarsamfunn veit vi at geirfuglen var viktig både som mat og som symbol. Mange Maritime Archaic-folk vart gravlagt med geirfuglbein, og éin person vart gravlagt i ei kappe laga av over 200 geirfuglskinn. Da europeiske oppdagarar begynte å reise over Atlanterhavet kring år 1500, vart geirfuglane ei lettvint kjelde til mat og fiskagn. Geirfuglduna var svært etterspurt i Europa, noko som gjorde at geirfuglbestanden der i hovudsak var försvunnen alt kring 1550. Vitskapsfolk begynte å innsjå at geirfuglen var truga, og det kom på plass fleire tidlige miljølovar som skulle verne dem — men det vart ikkje nok. Ettersom fuglane vart sjeldnare, auka interessa för geirfuglskinn og -egg blant europeiske museum og private samlarar. Dei siste geirfuglane vi veit sikkert om vart drepne måndagen den 3. juni 1844Eldey vestom ReykjavíkIsland.

Innhaldsliste

Taksonomi

Geirfuglskjelett.

Geirfuglen var ein av dei 4400 dyreartane som Carl von Linné opprinnelig skildra i arbeidet Systema Naturæ (1758), der geirfuglen vart kalla Alca impennis.[1] Arten vart ikkje plassert i si eiga slekt, Pinguinus, före 1791.[2] Slektsnamnet er utleda frå det kastiljanske og portugisiske namnet på geirfuglen, medan artsnamnet impennis er henta frå latin og viser til at geirfuglane mangla flygefjører, eller pennae.[3] Men somme ornitologar meiner enda det er best å klassifisere arten i slekta Alca.[4]

Analysar av mtDNA-sekvensar har bekrefta morfologiske og biogeografiske studiar som viser at alke er den nærmaste nolevande slektningen til geirfuglen.[5] Geirfuglen var òg nært i slekt med alkekongen (Alle alle), som utvikla seg i radikalt olik retning frå geirfuglen. På grunn av snarlikheita med alkone (anna enn størrelsen og at geirfuglane ikkje kunne flyge), vart geirfuglen ofte plassert i slekta Alca i tråd med Linné.

Fossilfunn (særlig Pinguinus alfrednewtoni) og molekylære data viser at sjølv om dei tre slektene Alca, Pinguinus og Alle er nært beslekta, så skilte dei fort lag etter at den felles opphavsarten, ein fugl som trulig likna på ei kraftig utgåve av kaliforniastariken (Synthliboramphus hypoleucus), hade spreidd seg til kystane kring Atlanterhavet. På den tida ser det ut til at lomvien alt hade skilt lag med dei andre atlantiske alkefuglane. alkeliknande fuglar var vanlige i Atlanterhavet i Pliocen, men evolusjonen til alkekongen er heller sparsamt dokumentert.[5] Molekylære data er föreinlige med begge alternativa, men hovudvekta av bevismassen pekar mot å plassere geirfuglen i si eiga slekt.[5] Geirfuglen var ikkje nærskyldt med nån av dei andre utdødde slektene av flygeodyktige alkefuglar — Mancalla, Praemancalla eller Alcodes.[6]

Pinguinus alfrednewtoni var ein större, men òg flygeodyktig art i Pinguinus-slekta som levde i tidlig Pliocen.[7] Vi kjenner den fuglen frå bein som vart funne i Yorktown-formasjonen av Lee Creek Mine i North Carolina. Pinguinus alfrednewtoni levde i Nordvest-Atlanteren, medan geirfuglen levde i Nordaust-Atlanteren. Da P. alfrednewtoni dødde ut etter Pliocen-epoken, spreidde geirfuglen seg til Nordvest-Atlanteren òg.[7]

Det baskiske namnet på geirfuglen er arponaz og det tidlige franske namnet var apponatz; begge betyder ‘spydnebb’. Det norrøne namnet var geirfugl, som betyder ‘spydfugl’. Dette sistnemnte namnet har òg vorte innlånt til engelsk, attmed det vanligare namnet great auk, i forma garefowl.[8] Det inuittiske namnet var isarukitsck, som betydde ‘liten veng’.[9] Det kymbriske (walisiske) namnet var «pengwyn» (‘kvit-haud’).[10] Spanske og portugisiske sjyfolk kalla geirfuglen pingüino. Da europeiske oppdagarar fann det vi no kjenner som «pingvinar» på den sørlige halvkula, la dei merke til snarlikheita med geirfuglen og kalla dem opp etter honom, trass i at dei ikkje er i nær slekt.[11]

Utsjånad

Hekkande (ståande) og ikkjehekkande (svømmande) fjørdrakt. Av John Gerrard Keulemans.

Den flygeodyktige geirfuglen var 75 til 85 cm høg og vog kring 5 kg,[12] og var dermed den störste fuglen både i sin eigen familie og i heile ordenen Charadriiformes. Geirfuglane som levde lenger nord var gjenomsnittlig större enn dei sørligare individa.[6] Hannar og hoor hade lik fjørdrakt, men det finst prov för olikheiter i størrelsen — særlig i nebb- og lårbeinlengda.[10][13][14] Ryggen var hovudsaklig glinsande svart, medan buken var kvit. Halsen og beina var korte og haudet og vengene var småe.[15] Geirfuglen såg småfeit ut på grunn av eit tjukt feittlag som hjelpte fuglen til å halde varmen.[16] I hekkesesongen hade geirfuglen ein vid, kvit flekk over dei brune augone.[17][18] Etter hekkesesongen felte han fjørene og mista augeflekken; i staden hade han eit vidt, kvitt band og ei grå linje av fjører som strekte seg frå augone til ørone.[10] Om sommaren var strupen brunsvart, medan innsida av nebbet var gul.[13] Om vinteren felte han fjører att og halsen vart kvit.[10] Det store nebbet var 11 cm langt og neroverbøygd ved spissen.[16] Det var djupe, kvite furor i både øver- og nernebbet; opptil sju i øvernebbet og tolv i nernebbet om sommaren, men færre om vinteren.[19][20] Vengene var berre 15 cm lange, og dei lengste vengefjørene var berre 10 cm lange.[16] Føterne og dei korte klørne var svarte og svømmehuda mellom tærne var brunsvart.[20] Beina satt langt bak på kroppen, noko som gjorde geirfuglen til ein kraftfull svømmar og dykkar.[21]

Nyklekte geirfuglungar var gråe og dunote.[20] Ungfuglane hade mindre utprega furor i nebba sine og hade kvit- og svartspraglot hals,[22] og augeflekken som vaksne fuglar hade var ikkje utvikla enno. I staden hade dei ei grå linje som gikk i linje mellom augone (som enda hade den kvite ringen) og vidare til rett nerom ørone.[13]

Geirfugllåtane inkluderte ei låg kraing og eit håst skrik. Ein fanga geirfugl skal ha laga ein gurglande lyd når han var nervøs. Det er ikkje kjent kva andre låtar geirfuglen hade, men ein trur at dei likna på alkone sine låtar, anna enn at dei var djupare og meir høglydt.[23]

Åtferd og økologi

Geirfuglar gikk seint, og somtid bruka dei vengene sine för å komma seg fram i vanskelig terreng.[22] Når dei ein sjeldan gong sprang, så var det klossot og med korte steg i rett linje.[24] Dei hade få naturlige fiendar; hovudsaklig store havpattedyr, som spekkhoggarar, og havørnar.[24] Isbjørnar gikk stundom laus på hekkekoloniane til deras.[25] Geirfuglen var ikkje naturlig redd för menneske, og det at dei ikkje kunne flyge og attpåtil var klossot på land gjorde dei enda meir sårbare. Menneska jakta på dem för bruk til både mat og fiskagn; för duna deras; og til utstopping för museum og private samlingar.[26] Fuglane var vâre för lydar, men dei vart sjeldan skremt av synet av noko.[27] Dei bruka nebba sine aggressivt, både i dei tette hekkeområda og når dei vart truga eller fanga av menneske.[24] Ein trur at geirfuglane hade ei levetid på kring 20–25 år.[28] Om vinteren trekte geirfuglane sørover parvis eller i småe gruppor, og aldri ihop med heile hekkekolonien.[29]

Geirfuglen var generelt ein utmerka svømmar, og han bruka vengene som framdriftsmiddel under vatn.[22] Når han svømte, heldt han haudet over vatn, men halsen var nerdykt.[24] Han kunne rotere, svinge og snu under vatn.[29] Vi kjenner til at geirfuglen dykka ner til 76 m, og det har vorte hevda at han kunne dykke heilt ner til 1000 m.[30] Han kunne òg halde pusten i 15 min. — lenger enn selar.[29] Geirfuglen kunne akselerere under vatn og skyte utur vatnet og lande på berghyllor over havflata.[29]

Kosthald

Ein geirfugl et ein fisk, av John Gould.

Geirfuglane jakta gjerne på grunnor som var grunnare enn det som er typisk för andre alkefuglar,[31] men etter hekkesesongen vart dei observert opptil 500 km frå land.[31] Ein trur dei jakta i samarbeidande flokk.[31] Hovudføda var fisk, vanligvis 12–20 cm lang og 40–50 g tung, men stundom kunne byttet deras vara opptil halvparten av lengda til geirfuglen sjølv. Gjenomsnittlig kunne geirfuglen dykke ner til 75 m för byttet sitt, med maksimal dykkedjupn anslega til 130 m; men för å spara på kreftene var dei fleste dykka grunnare.[31] Evnen til å dykke så djupt reduserte konkurransen med andre alkeartar. Basert på biologiske restar i förbindelse med geirfuglbein funne på Funk Island og på økologiske og morfologiske overvegingar, ser det ut til at Brevoortia tyrannus og lodde var det företrekte byttet deras.[32] Andre fiskartar föreslegne som mulig bytte inkluderer rognkjeks (Cyclopterus lumpus), ulke (Myoxocephalus scorpius), torsk, skaldyr og silar (Ammodytidae).[30][31] Geirfuglungane åt trulig plankton, og kanskje òg fisk og skaldyr oppgulpa av vaksne geirfuglar.[33][28]

Reproduksjon

Egg, illustrasjon av Adolphe Millot.
Hekkeplass med ungfuglar og egg, av Keulemans.

Geirfuglane etablerte par tidlig til midt i mai.[34] Ein trur at dei hade livslange parforhold, men somme pekar på muligheita för at geirfuglane kan ha para seg utom parforholdet, eit trekk vi ser blant alkor.[24][28] Med ein gong paret var etablert, fann dei seg ein eigna eggplass inni hekkeplassen ved nerkanten av klippone, der dei trulig para seg.[16][24] Para hade eit sosialt spel der dei nikka med hauda og viste fram den kvite augeflekken, nebbfurone og den gule munnen.[24] Dei her hekkekoloniane var ekstremt tettsette; somme overslag seier at det var éin hekkande geirfugl för kvar med land.[24] Koloniane var veldig sosiale.[24] Når koloniane inkluderte andre alkefuglar, var geirfuglane dominante på grunn av størrelsen sin.[24] Geirfuglen la berre eitt egg kvart år, mellom seint i mai og tidlig i juni, men dei kunne legge eitt ekstra egg om det første egget gikk tapt.[29][34] I år med för lite mat, hekka ikkje geirfuglen.[35] Fuglane la eitt enkelt egg rett på grunnen opptil 100 m frå sjyen.[22][36] Egga var pæreforma og var gjenomsnittlig 12,4 cm lange og 7,6 cm på tvers på det vidaste.[2][25] Egga var gulkvite til lys oker på let med variabelt mønster av svarte, brune eller grålige flekkar og linjor som ofte samla seg nærme buttenden.[22][37] Ein trur at variasjonen i eggmønstret hjelpte föreldra til å kjenne att egget sitt i kolonien.[34] Paret veksla på å ruge det loddrett-ståande egget i dei 39 til 44 dagane det tok före egget klektest — typisk sétt i juni, sjølv om det enno kunne finnast egg i koloniane så seint som i august.[25][34]

Föreldra delte òg på arbeidet med å mata ungen. Ved klekkinga var ungen dekt med grå dun.[28] Ungen trong berre to–tre vekkor på å vekse til nok til å förlata reirplassen og gå i sjyen, typisk sétt kring midten av juli.[25][34] Föreldra fortsette å ta seg av ungen etter at han förlet reiret òg, og vi har skildringar av kossen ein kunne sjå dei vaksne geirfuglane svømme med ungane på ryggen.[34] Geirfuglane vart kjønsmodne når dei var fire til sju år gamle.[35]

Utbredelse og habitat

Omtrentlig utbredelseskart för geirfuglen. Blåe område viser totalutbredelse og gule punkt viser kjente hekkeplassar. Kartet er basert på eit utbredelseskart frå 1855.
Stac an Armin i St. Kilda i Skottland — ein av dei kjente hekkeplassane til geirfuglen.
Foto: Stephen Hodges

Geirfuglen fanst i dei kalde, nordatlantiske farvatna langs kystane av Canada, det nordaustlige USA, Grønland, Island,Norge, Storbritannia, Irland, Frankrike, og det nordlige Spania.[38] Geirfuglen förlet havet berre för å hekke; utom hekkesesongen sov han endatil flytande til havs.[19][24] Hekkekoloniane til geirfuglen fanst frå Baffin Bay og sørover til Gulf of St. Lawrence i Nord-Amerika, vidare tvers austover Atlanterhavet, inkludert Island, og i Norge og på Dei britiske øyane i Europa.[19][39][40] Geirfuglen var avhengig av at hekkekoloniane låg på steinote øyar med hellande strender slik at fuglane kunne komma seg på land.[21] Dét var ein ekstremt begrensande faktor, og forskarane trur at geirfuglane neppe nån gong har havt over tjue hekkeplassar.[21] I tillegg måtte reirplassane vara nærme matrike havområde og langt nok frå både land og iskanten til å minimalisere besøk av isbjørnar og menneske.[41] Vi kjenner berre til sju hekkeplassar: Papa WestrayOrknøyane, øya St. Kilda ved Skottland, Færøyane, og dei islandske øyane Grímsey og Eldey, Funk Island[42] ved Newfoundland og Bird Rocks (Rochers-aux-Oiseaux) i Gulf of St. Lawrence.[21] Historiske kjeldor tyder på at geirfuglen hekka på Cape Cod i Massachusetts òg.[21] Kring slutten av 1700-talet og begynnelsen av 1800-talet var dei einaste kjente, attvarande hekkeplassane Funk Island, Grímsey, Eldey, Gulf of St. Lawrence og St. Kilda.[39] Funk Island var den störste kjente hekkekolonien.[33]

Geirfuglen trekte nordover og sørover frå hekkeplassane etter at ungane förlet reiret, og dei trekte helst sørover på seinhausten og om vinteren.[43] Han var vanlig på the Grand Banks austom Newfoundland.[41] Geirfuglbein har vorte funne så langt sør som Florida, der geirfuglane ser ut til å ha funnest i fire isolerte periodar: kring 1000 fvt., 1000 evt., 1400-talet og 1600-talet.[44][45] Geirfuglane streifa òg innom Frankrike, Spania, og endatil Italia i Middelhavet.[39] Eit 1500-tals vakttårn ved Trapani på kysten av Sicilia var opprinnelig kalla «la Torre di Santo Stefano di Alca Grossa»[46] etter geirfuglane som vi veit besøkte Marausa-bukta. Geirfuglen trekte typisk sett sjeldan sørom Massachusetts Bay om vinteren.[43] Det har òg vorte föreslege at nån av beina i Florida kan ha komme dit i förbindelse med førcolumbiansk handel.[43]

Geirfuglen og menneska

Geirfuglbein funne av arkeologar i ein gammel kjøkenmødding i Caithness i Skottland.

Geirfuglen vart jakta på av neanderthalarane för over 100 000 år sidan, som vi veit ut frå dei reinskrapa beina funne ved leirplassane deras.[38] Bilde av geirfuglar vart rissa inn i veggene inni El Pinto-hola i Spania för over 35 000 år sidan,[47] medan 20 000 år gamle holemåleri har vorte funne i Grotte Cosquer i Frankrike.[9]

Amerikanske urfolk som heldt til i område med geirfugl verdsette han både som matkjelde om vinteren og som eit viktig symbol. Det har vorte funne bein-halsband med bilde av geirfuglar.[48] Ei grav frå kring 2000 fvt.Maritime Archaic-gravstaden ved Port au ChoixNewfoundland inneheldt ein mann som var gravlagt i eit antrekk laga av over 200 geirfuglskinn med dei intakte hauda hengande som dekorasjon.[49] Mesta halvparten av fuglbeina som er funne i gravene der kom frå geirfugl, noko som tyder på at geirfuglen var kulturelt viktig för Maritime Archaic-folket.[50] Det utdødde Beothuk-folket på Newfoundland bruka å laga pudding av geirfuglegga.[28] Dorset-folket jakta òg på geirfugl, medan Saqqaq-folket på Grønland overbeskatta geirfuglane og reduserte den lokale utbredelsen.[50]

Frå 1500-talet og utover bruka europeiske sjyfolk geirfuglane som navigasjonshjelpemiddel: Når dei såg geirfuglane, visste dei at dei nærma seg the Grand Banks of Newfoundland.[9]

Utryddinga

Det har vore gjort overslag som seier at maksimumsbefolkninga av geirfuglane var millionar, men somme vitskapsfolk argumenterer mot eit så høgt tal.[28] Geirfuglen vart jakta i stor skala för mat, egg og dun i alle fall frå 700-talet i Europa. Före det er det dokumentert lokal jakt heilt sidan yngre steinalder i Skandinavia og frå det austlige Nord-Amerika,[51] så vel som frå tidlig på 400-talet evt. i Labrador, der geirfuglen ser ut til å ha vore meir ojamnt til stades.[52] I Norge ser det ut til at geirfuglen var utrydda som hekkefugl före utgangen av mellomalderen og berre streifa innom kysten utom hekketida i nyare tid.

Den transatlantiske tida (1497– )

I 1497 fann Zuan Chabotto («John Cabot», c.1450–c.1499) det austlige Nord-Amerika, som han kalla Terra Nova. Det er oklart kva nøyaktige punkt han oppdaga, men det som er klart er at dei oppdaga rikdommen av fisk på bankane austom Newfoundland, og at dét var opptakta til eit økonomisk eventyr för europeiske fiskarar. Oppdagarar i dei neste åra, inkludert Jacques Cartier (14911557) og mangfaldige skip som prøvde å finne gullBaffin Island, var ikkje försynt med nok proviant för heimreisa, så dei bruka geirfuglen både som ei lettvint matkjelde og som agn til fiske.[53] Nån av dei seinare fartya blir sagt å ha ankra opp attmed ein geirfuglkoloni og lagt plankar til land. Sjyfolka gjette så hundretals geirfuglar ombord i skipa, der fuglane vart slakta.[54] Somme författarar uttrykkjer tvil om den jaktmåten faktisk kan ha fungert i praksis.[50] Geirfuglegg var òg verdsett som matkjelde, ettersom egga var tre gonger så store som lomviegga og hade ein stor plomme.[50] Sjymennene førte òg med seg rottor til øyane.[37]

Den litle istida kan kanskje ha redusert geirfuglbestanden gjenom at fleire av hekkeplassane vart tilgjengelige för isbjørnar, men den massive — og dødelige — sankinga av duna deras førte til dramatisk nergang i bestanden.[35] Midt på 1500-taket var hekkekoloniane langs den europeiske sida av Nord-Atlanteren meir eller mindre eliminert av menneska som drap fuglane för å samle dun til puteproduksjon.[55] I 1553 kom det første offisielle vernet av geirfuglen, og i 1794 förbaud Storbritannia å drepa geirfuglar för duna.[56] I St. John’sNewfoundland vart folk som hade brote ein lov frå 1775 mot å jakte på geirfuglen för dun eller egg offentlig piska; men jakt för bruk til agn var enda lovlig![50] I Nord-Amerika vart ærdun företrekt til å begynna med, men da ærfuglen vart mesta utrydda i Nord-Amerika i 1770-åra, begynte dunsamlarane å jakte på geirfugl på samma tida som geirfugljakt för kjøtt, agn og olje vart mindre vanlig.[50][57]

Samlemani og eggrøveri

Da det vart tydelig at geirfuglen var utryddingstruga, vart eksemplar av geirfuglar (skinn eller utstoppa fuglar) og egga deras høgt prisa samlarobjekt blant både museum og rike europearar, og massivt eggrøveri bidrog sterkt til utryddinga. Eggrøvarane som fór til hekkeplassane til geirfuglen för å stela egg oppdaga fort at geirfuglane ikkje la alle egga på samma dagen, så dei kom att til samma hekkeplassen fleire gonger för å få med seg alle egga. Eggrøvarane tok berre vare på obefrukta egg; dei befrukta egga kasta dei gjerne frå seg.[25]

Utstoppa geirfuglar og egg:

Færøyane, 1808

Dei siste observerte geirfuglane på Færøyane var streifande individ. Aller siste gongen ein geirfugl vart sétt der var i 1808Stóra Dímun.

Skottland, juli 1840

Det var i juli 1840 på øya Stac an ArminSt Kilda, at den siste geirfuglen vi veit om på Dei britiske øyane vart fanga og drepen.[58] Tre fiskarar frå St Kilda fanga ein enkelt «garefowl» — dei merka seg dei småe vengene og den store kvite flekken på haudet. Dei batt fuglen og heldt han i live i tre dagar. Da blas det opp til storm. Ettersom dei trudde at geirfuglen var ei heks og skuld i stormen, slo dei han i hel med ein kjepp.[59][60]

Island, juli 1844

Eldey vart den siste tilfluktsstaden för geirfuglen.
Foto: Christian Bickel

Den siste geirfuglkolonien hekka på Geirfuglasker (nordvest om Reykjavík), ei lita gruppe av vulkanske skjer som var otilgjengelige för menneske. Under det undersjyiske vulkanutbrottet på Reykjaneshryggur i 1830 sokk dei her skjera i havet, og de attvarande fuglane flytta hekkeplassen sin til Eldey, som var ein meir risikabel hekkeplass ettersom øya var tilgjengelig för menneske frå éi side. Eldey-kolonien vart oppdaga i 1835, og da var det mesta 50 geirfuglar der. Museum som ville ha geirfuglskinn til konservering og utstilling begynte fort med å ta ut fuglar frå kolonien.[61] Det siste paret, som ruga på eit egg da dei vart funne, vart drepe der måndagen den 3. juni 1844 — Jón Brandsson og Sigurður Ísleifsson kvelte föreldra og Ketill Ketilsson knuste egget under støvelen sin.[62]

Norge, våren 1848?

I Norge er det gjort arkeologiske funn av geirfugl kring OslofjordenAustlandet, ved Kristiansand i Agder, på Jæren og i BergenVestlandet, på Hitra i Midt-Norge og på Kjelmsøya i Sør-Varanger kommune i Nord-Norge.[63]

Våren 1848 trefte Lauritz Odin Brodtkorb (18231893) på fire okjente sjyfuglar i sundet mellom Vardø og øyane Hornøya og Reinøya. Han skaut éin av dem, og dei tre andre kom seg unna. Han ville ta vare på fuglen, men han vart så tilsølt av blodet i båten at han la han frå seg nedmed fjørå. Da han kom tilbake dagen etter, var fuglen borte; trulig bortskylt av stormen. Mykje tyder på at det var ein geirfugl, men vi veit det ikkje sikkert.

Tida etter 1848

Det vart hevda at ein geirfugl vart sétt ved Grand Banks austom Newfoundland i 1852, noko som vart godteke som den siste geirfuglobservasjonen av International Union for Conservation of Nature and Natural Resources (IUCN).[26]

Etter at geirfuglen var utdødd, kunne prisen för eit geirfuglegg komma opp i 11 gonger årsløna til ein fagarbeidar.[64] Og sjølv om tusenvis av enkeltbein har vorte samla — frå 1800-talets Funk Island til neolittiske møddingar, finst det berre nån få komplette skjelett.[65] I dag finst det kring 75 geirfuglegg, 81 utstoppa skinn og 24 komplette skjelett i museumssamlingar.

Arven etter geirfuglen i moderne kultur

Litteratur

Geirfuglen er ein av dei mest nemnte utdødde fuglane i litteraturen. Han dukkar blant anna opp i mange barnebøker, inkludert The Water-Babies, A Fairy Tale for a Land Baby (1863) av Charles Kingsley og The Sea of Adventure (1948) av Enid Blyton.[66][67] Begge dei her verka handlar om slutten til geirfuglane. I The Water Babies er ein av rollefigurane ein geirfugl som förtel historia om kossen dei held på å dø ut. I The Sea of Adventure reiser hovudpersonen på ei mislykka leiting etter det han trur er ein okjent, overlevande geirfuglkoloni. Geirfuglen er òg til stades i eit vidt spenn av annan skjønlitteratur. I romanen Ulysses (1922) nemner James Joyce fuglen medan hovudpersonen i romanen fell i sømn. Han assosierer geirfuglen med den mytologiske rokk-fuglen som ein måte å formelt sende hovudpersonen til eit dormande land av fantasi og minne.[68] I den satiriske romanen L’Île des Pingouins (1908) av nobelprisvinnaren Anatole France (18441924) blir det förtelt ei oppdikta historie om ein geirfuglkoloni som blir massedøpt ved eit feiltak frå ein nærsynt misjonær.[69] Ein geirfugl blir innsamla av den oppdikta naturalisten Stephen Maturin i Patrick O’Brian sin historiske roman The Surgeon’s Mate (1980). I det verket finst det òg ei skildring av «hausting» av ein geirfuglkoloni.[70] I The Great Auk (1963) av Allen Eckert blir hendelsane som fører til at geirfuglen dør ut sétt frå perspektivet til den siste attlevande geirfuglen. I Farley Mowat sin roman Sea of Slaughter (1984) finst det òg ein geirfugl.[71] I skandinavisk litteratur er geirfuglen blant anna nemnt i Håkon Evjenth (1894–1951) si bok På to og fire i Suonjo (1936), og da omtala dels som utdødd og dels som “verdens sjeldneste fugl”.[72]

Musikk, dans og drama

Geirfuglen er hovudtemaet i balletten Still Life at the Penguin Café (2002) av Simon Jeffes[73] og i songen «A Dream too Far» i den økologiske musikalen Rockford’s Rock Opera (2009) av Matthew Sweetapple, Steve Punt og Elaine Sweetapple.[74] I operaen The Rake's Progress (1948/1951) av Igor Stravinskij (libretto: W.H. Auden og Chester Kallman) er ein geirfugl ein verdsett eigedel til rollefiguren Baba the Turk.

Bildekunst

Den amerikanske akvarellmålaren Walton Ford (f. 1960) har bruka geirfuglar i to bilde: «The Witch of St. Kilda» og «Funk Island».[75] Den engelske målaren og författaren Errol Fuller (f. 1947) produserte «Last Stand» för monografien sin om arten.[76] Geirfuglen var òg motivet på eitt av ein serie på fem frimerke med utdødde fuglar utgjeven på Cuba i 1974.[77]

Oppattkalling

Geirfuglen er maskot til Archmere Academy i Claymont i Delaware, Sir Sandford Fleming College i Ontario og Adelaide University Choral Society (AUCS) in Australia.[78][79][80] Han er òg maskoten til utdanelseskonkurransen Knowledge Masters.[81] Det vitskaplige tidsskriftet til American Ornithologists’ Union heiter The Auk til ære för geirfuglen.[64] I følgje Homer Hickam sine memoarar, Rocket Boys, og filmversjonen, October Sky, kalla han og venene hans dei tidlige rakettane dei bygde «Auk».[82] Endatil ein tobakksprodusent, dei britiske «Great Auk Cigarettes», var oppattkalla etter geirfuglen.[64]

Fotnotar

  1. Linnaeus, C (1758) (in Latin). Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata.. Holmiae: Laurentii Salvii. p. 130. 
  2. 2,0 2,1 Gaskell, Jeremy (2000). Who Killed the Great Auk?. Oxford University Press (USA). p. 152. ISBN 0-19-856478-3. http://books.google.com/?id=tsUzeXV_7jcC&pg=PA152&lpg=PA152&dq=egg+%22Great+Auk%22. 
  3. Johnsgard, Paul A. (1987). Diving Birds of North America. Lincoln: University of Nebraska Press. pp. 265–266. ISBN 0-8032-2566-0. http://digitalcommons.unl.edu/cgi/viewcontent.cgi?article=1011&context=bioscidivingbirds. Retrieved 11 May 2010. 
  4. Fuller, Errol (1999). The Great Auk (illustrated ed.). Southborough, Kent, UK: Privately Published. p. 401. ISBN 0-9533553-0-6. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Moum, Truls; Arnason, Ulfur & Árnason, Einar (2002). "Mitochondrial DNA sequence evolution and phylogeny of the Atlantic Alcidae, including the extinct Great Auk (Pinguinus impennis)". Molecular Biology and Evolution 19 (9): 1434–1439. PMID 12200471. Retrieved on 2009-05-08. 
  6. 6,0 6,1 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Systematics-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/systematics. Retrieved 2010-04-29. 
  7. 7,0 7,1 Olson, Storrs L.; Pamela C. Rasmussen (2001). "Miocene and Pliocene Birds from the Lee Creek Mine, North Carolina". In Ray, Clayton E.. Smithsonian Contributions to Paleobiology. 90. Washington DC: Smithsonian Institution Press. p. 279. http://si-pddr.si.edu/dspace/handle/10088/2006. 
  8. Cokinos 2000, s. 333
  9. 9,0 9,1 9,2 Cokinos 2000, s. 314
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Crofford 1989, s. 8
  11. Crofford 1989, s. 10
  12. Livezey, Bradley C. (1988). "Morphometrics of flightlessness in the Alcidae". The Auk 105 (4): 681–698. Retrieved on 2009-05-08. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Characteristics-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/characteristics. Retrieved 2010-04-29.  (berre för abonnentar)
  14. Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Measurements-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/measurements. Retrieved 2010-04-29. 
  15. Crofford 1989, s. 15
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Crofford 1989, s. 28
  17. Crofford 1989, s. 9
  18. Cokinos 2000, s. 310
  19. 19,0 19,1 19,2 Crofford 1989, s. 29
  20. 20,0 20,1 20,2 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Appearance-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/appearance. Retrieved 2010-04-29.  (berre för abonnentar)
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 Cokinos 2000, s. 312
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 Morris, Reverend Francis O. (1864). A History of British Birds. 6. Groombridge and Sons, Paternoster Way, London. pp. 56–58. http://books.google.com/?id=GEkDAAAAQAAJ&printsec=frontcover&dq=Francis+Orpen+Morris#PPA56,M1. 
  23. Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Sounds-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/sounds. Retrieved 2010-04-28. 
  24. 24,00 24,01 24,02 24,03 24,04 24,05 24,06 24,07 24,08 24,09 24,10 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Behavior-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/behavior. Retrieved 2010-04-28.  (berre för abonnentar)
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 Crofford 1989, s. 35
  26. 26,0 26,1 BirdLife International (2004). Pinguinus impennis. 2006. IUCN Red List of Threatened Species. IUCN 2006. www.iucnredlist.org. Retrieved on 11 May 2006.
  27. Cokinos 2000, s. 315
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 28,4 28,5 Cokinos 2000, s. 313
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 Crofford 1989, s. 32
  30. 30,0 30,1 Cokinos 2000, s. 311
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 31,4 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Food Habits-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/foodhabits. Retrieved 2010-04-29.  (berre för abonnentar)
  32. Olson, Storrs L; Swift, Camm C. & Mokhiber, Carmine (1979). "An attempt to determine the prey of the Great Auk (Pinguinus impennis)" (pdf). The Auk 96 (4): 790–792. Retrieved on 2009-05-08. 
  33. 33,0 33,1 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/introduction. Retrieved 2010-04-28. 
  34. 34,0 34,1 34,2 34,3 34,4 34,5 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Breeding-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/breeding. Retrieved 2010-04-29.  (berre för abonnentar)
  35. 35,0 35,1 35,2 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Demography-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/demography. Retrieved 2010-04-29. 
  36. Crofford 1989, s. 33
  37. 37,0 37,1 "Great Auk egg". Norfolk Museums & Archaeology Service. http://www.museums.norfolk.gov.uk/default.asp?Document=300.40.20&Image=577&gst=. Retrieved 2009-05-08. 
  38. 38,0 38,1 Crofford 1989, s. 5
  39. 39,0 39,1 39,2 Crofford 1989, s. 30
  40. Meldegaard, Morten (1988). "The Great Auk, Pinguinus impennis (L.) in Greenland". Historical Biology 1: 145–178. DOI:10.1080/08912968809386472. Retrieved on 11 May 2010. 
  41. 41,0 41,1 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Habitat-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/habitat. Retrieved 2010-04-29.  (berre för abonnentar)
  42. Relics of the Great Auk on Funk Island, by John Milne. The Field, March 27, April 3,10,1875.
  43. 43,0 43,1 43,2 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Migration-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/migration. Retrieved 2010-04-29. 
  44. Weigel, Penelope Hermes (1958). "Great Auk Remains from a Florida Shell Midden". Auk 75 (2): 215–216. Retrieved on 2009-05-08. 
  45. Brodkorb, Pierce (1960). "Great Auk and Common Murre from a Florida Midden". Auk 77 (3): 342–343. Retrieved on 2009-05-08. 
  46. http://wikitravel.org/en/Marausa#Local_History_.26_Culture
  47. Crofford 1989, s. 6
  48. Crofford 1989, s. 36
  49. Tuck, James A. (1976). "Ancient peoples of Port au Choix: The excavation of an Archaic Indian cemetery in Newfoundland". Newfoundland Social and Economic Studies 17. 
  50. 50,0 50,1 50,2 50,3 50,4 50,5 Montevecchi, William A.; David A. Kirk (1996). "Conservation-Great Auk (Pinguinus impennis)". The Birds of North America Online. Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/260/articles/conservation. Retrieved 2010-04-29.  (berre för abonnentar)
  51. Greenway, James C. (1967). Extinct and Vanishing Birds of the World, 2nd Edition. New York: Dover Publications. pp. 271–291. ISBN 978-0-486-21869-4. 
  52. Jordan, Richard H; Storrs L. Olson (1982). "First record of the Great Auk (Pinguinus impennis) from Labrador". The Auk 99 (1): 167–168. Retrieved on 2010-04-28. 
  53. Crofford 1989, s. 38
  54. Crofford 1989, s. 39
  55. Crofford 1989, s. 40
  56. Cokinos 2000, s. 330
  57. Cokinos 2000, s. 329
  58. Rackwitz, Martin (2007). Travels to Terra Incognita: The Scottish Highlands and Hebrides in Early Modern Travellers' Accounts C. 1600 to 1800. Waxmann Verlag. p. 347. ISBN 978-3-8309-1699-4. 
  59. Gaskell, Jeremy (2000). Who Killed the Great Auk?. Oxford UP. p. 142. ISBN 978-0-19-856478-2. http://books.google.com/?id=tsUzeXV_7jcC. 
  60. Fuller, Errol (2003). The Great Auk: The Extinction of the Original Penguin. Bunker Hill Publishing. p. 34. ISBN 978-1-59373-003-1. http://books.google.com/?id=35rGM50pAoAC. 
  61. Crofford 1989, s. 43
  62. Ellis, Richard (2004). No Turning Back: The Life and Death of Animal Species. New York: Harper Perennial. p. 160. ISBN 0-06-055804-0. 
  63. Thuesen, Nils Petter: Truede dyr i Norge. Oslo : Grøndahl & Søn, 1983.
  64. 64,0 64,1 64,2 Cokinos 2000, s. 331
  65. Luther, Dieter (1996) (in German). Die ausgestorbenen Vögel der Welt. Die neue Brehm-Bücherei 424 (4 ed.). Heidelberg: Westarp-Wissenschaften. pp. 78–84. ISBN 3-89432-213-6. 
  66. Kingsley, Charles (1995). The Water-Babies, A Fairy Tale for a Land Baby. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-282238-1. 
  67. Blyton, Enid (1948). The Sea of Adventure. London: Macmillan. 
  68. Joyce, James (2007). Ulysses. Charleston, SC: BiblioLife. p. 682. ISBN 978-1-4346-0387-6. http://books.google.com/?id=Dq2CgT4tIlsC&dq=Ulysses&printsec=frontcover&q. 
  69. France, Anatole. Penguin Island. Project Gutenberg. http://www.gutenberg.org/files/1930/1930-h/1930-h.htm. Retrieved 28 April 2010. 
  70. O'Brian, Patrick (1981). The Surgeon's Mate. New York: W.W. Norton and Company. pp. 84–85. ISBN 0-393-30820-0. http://books.google.com/?id=idKmOKXDoUIC&pg=PA84&lpg=PA84&dq=The+Surgeon's+Mate+Great+Auk&q. 
  71. Mowat, Farley (1986). Sea of Slaughter. New York: Bantam Books. p. 18. ISBN 0-553-34269-X. 
  72. Evjenth, Håkon: På to og fire i Suonjo. Oslo (Gyldendal), 1936.
  73. Jeffes, Simon (2002). 'Still Life' at the Penguin Cafe. London: Peters Edition Ltd. ISBN 0-9542720-0-5. 
  74. "Durka-The Great Auk". Rockford's Rock Opera. 2010. http://www.rockfordsrockopera.com/characters/other-characters-info.asp?id2=2. Retrieved 10 May 2010. 
  75. Ford, Walton (2009). Pancha Tantra (illustrated ed.). Los Angeles: Taschen America LLC. ISBN 3-8228-5237-6. 
  76. Fuller, Errol (1999). The Great Auk (illustrated ed.). Southborough, Kent, UK: Privately Published. ISBN 0-9533553-0-6. 
  77. Burns, Phillip (6 July 2003). "Dodo Stamps". Pib's Home on the Web. http://www.pibburns.com/cryptost/dodo.htm. Retrieved 28 April 2010. 
  78. "Auk News". Archmere Academy. 26 April 2010. http://www.archmereacademy.com/Default.aspx?tabid=1045. Retrieved 28 April 2010. 
  79. "Fleming College Auk's Lodge Student Association". Fleming College Auk's Lodge Student Association. 15 April 2010. http://www.flemingsa.com/index.php. Retrieved 28 April 2010. 
  80. Holzknecht, Karin (2005). "O'Sqweek 2005". Adelaide University Choral Society. p. 1. Archived from the original on July 19, 2008. http://web.archive.org/web/20080719054354/http://www.aucs.org.au/web/system/files/2005.02skweek.pdf. Retrieved 28 April 2010. 
  81. Schettle, Liz (17 December 2004). "Competition summons inner intellect". The Oshkosh West Index. http://www.the-index.org/cgi-bin/story.php?story=1014quizbowlkmo. Retrieved 29 April 2010. 
  82. Hickam, Homer (2006). "Books- Rocket Boys/October Sky". Homer Hickam Online. http://www.homerhickam.com/books/rb.shtml. Retrieved 29 April 2010. 

Kjeldor


GNU-logoen

Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken för detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon

Personlige verkty