Gammelnorsk sau

Frå Alnakka.net
Bekre av gammelnorsk sau i Namsskogan Familiepark.
Foto:Olve Utne

Gammelnorsk sau, òg blant anna kalla steinaldersau, norrøn sau, utegangarsau, austevollsau, ursau og villsau, er ein tradisjonell saurase frå Norskekysten. Rasen dødde mesta ut kring 1900. Alle dei novarande gammelnorske sauene har opphav i den attvarande stammen frå Austevoll i Ytre Hordaland. Rasen som vi kjenner han i dag er relativt liten og lettbeint med kort spæl og grov ull som varierer frå kvitaktig via ymse nyansar av brunt og grått til mesta svart.

Rasetrekk

Lam av gammelnorsk sau.
Foto:Olve Utne

Den gammelnorske sauen er relativt liten, med snittvekt på kring 32 kg for sauer og 43 for bekrar. Han har kort spæl (hale).

Åtferd

Pekarar

Sjå òg