Fritz Loyt Johnsen

Frå Alnakka.net

Fritz Loyt Johnsen (f. 22. februar 1916 i Levanger kommune, d. 29. august 1997) var første formannen for det første sau- og geitalslaget i Norge, Nord-Trøndelag Sau- og Geitavlslag (1945–1946);[1] og han var sekretær for Norsk sau– og geitalslag frå det vart stifta våren 1947, og generalsekretær der frå hausten 1947 til han gikk av ved pensjon 67 år gammel i 1983. Han var òg initiativtakar til Akershus og Oslo sau- og geitalslag, som vart stifta i 1950.

Frits Loyt Johnsen vart fødd den 22. februar 1916 i Levanger kommuneInnherred. Föreldra var rørleggarmeister Johan Johnsen (1888– ? ) og Gunnbjørg Sørensdt. f. Wold (1897– ? ). F. Loyt utdana seg ved Landbrukshøgskolen på Ås. I hovudoppgåva si der i 1941 namngav og beskreiv han saurasen grå trøndersau; og i 1993 — 52 år seinare — var han med på befaring i Tinn kommune i Telemark og bekrefta at ein sauflokk som hadde vorte berga frå slakting året føre var gråe trøndersauer, som elles var rekna som utdødd som rase da.

I 1984 fikk F. Loyt Johnsen kongens fortjenstmedalje i gull for samfunnsgagnleg arbeid.

Fotnotar

  1. «Historie - NTSG» på nettsidone til Nord-Trøndelag Sau og Geit

Kjeldor