Fag:Religion og livssyn

Frå Alnakka.net

estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • kroppsøvingmat og helse • matematikkmusikknaturfag • norsk • spansk • tysk

Religion og livssyn

Artiklar

David Simonsen by Christian Neuhaus.jpg
David Simonsen (f. 17. mars 1853, d. 15. juni 1932) var ein dansk rabbinar med utdaning frå København og Breslau (det novarande Wrocław i Polen) som var overrabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København frå 1892 til 1902. Den store boksamlinga hans, som dekkjer mange humanistiske disiplinar og språkområde, og arkivet hans vart overteke av Det Kongelige Bibliotek i København i 1932.   Les meir …
Yad IMG 1135.jpg
Ein puntero (sp./jød.sp., ‘pekar, pekstokk’; pl. punteros), òg skreve ponteiro (pt.; pl. ponteiros), eller ein jad (pl. jadím; frå hebr. יד, ‘hand’) er ein pekstokk som tradisjonelt blir bruka til å følgje teksten med når ein les frå Toráen. Punteroen blir bruka for å unngå å røre sjølve pergamentet i seferen, ettersom det ikkje absorberer blekk, slik at bokstavane lett blir øydelagt ved fingerkontakt. Punteroen kan vara laga av sølv (vanlegast), ten, tre eller andre materialar og er oftast forma som ei meir eller mindre realistisk hand (arm) med ein pekande pekfinger.   Les meir …
Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
Kappóres (jid. כַּפָּרות), frå hebr. kapparót (כַּפָּרוֹת, ‘soningar’), er eit gammelt, omstridd soningsritual som først og fremst er vanleg i deler av asjkenazisk jødedom, særlig i ḥasidisk jødedom. Kjerna i ritualet er at ein svingar ein hane (för menn) eller ei høne (för kvinnor) tre gonger kring haudet medan ein les erklæringa: “Dette er bytet mitt, dette er erstatninga mi, dette er soninga mi. Denne hanen/høna går til dauden sin, medan eg kjem inn og går vidare til eit godt, langt liv og til fred.” Fuglen blir så tradisjonelt slakta eller gjeven til fattige. Helst skal han etast under måltidet rett före jonkipper (kippúr). Ei mildare utgåve av skikken er å bruke pengar i staden for levande dyr. Skikken har vorte sterkt fordømt av dei sentrale sefardiske autoritetane, inkludert Mosjé ben Maimón (HaRaMBaM, Moses Maimonides), Mosjé ben Naḥmán Girondi (RaMBaN, Nachmanides), Sjelomó ibn Adéret (RaSJBA) og Joséf Caro.   Les meir …
Vi veit ikkje så mykje om norsk-jødisk historie føre 1851. I 1844 vart forbodet mot portugisarjødar i kongeriket Norge oppheva, og i 1851 vart òg forbodet mot asjkenaziske jødar oppheva ved grunnlovsendring. Da hadde det vore eit meir eller mindre totalt forbod mot jødar på norsk jord sidan 1814. Men føre 1814 var situasjonen ein litt annan: Etter loven hadde asjkenaziske (sentral- og austeuropeiske) jødar ikkje adgang til Norge — enten i det heile teke eller, i enkelte periodar, berre med leidebrev; men sefardiske (spanske/portugisiske) jødar trong ofte ikkje slike leidebrev — og i andre periodar kunne asjkenaziske jødar reise til Norge utan leidebrev òg. Denna sida er eit forsøk på å samle informasjon om dessa fire punkta: Kva var den offisielle jødepolitikken? Kva skjedde i praksis? Fanst det jødar som hadde samband med Norge eller var i Norge i kortare eller lengre periodar? Sette de i så fall spor etter seg som vi framleis kan sjå i dag?   Les meir …
Abrahám ben Sjemuél Abulafia (f. 1240; d. etter 1291, truleg på Malta) var ein av de første kabbalistane. Han vart fødd i Spania og studerte skriftene ått Mosjé ben Maimón og Hillél. I tjueårsalderen la han ut på eit liv i vandring. Den første profetiske boka si, Sefer hajjasjár (‘Den rettvises bok’) skreiv han i Patras i det novarande Hellas i 1279. Abrahám Abulafia drømte om å viske ut förskjelane mellom jødedommen, kristendommen og islām. Året etter følgte han ei indre stemme og la ut på reise til Roma for å omvende pave Nicholaus III.   Les meir …
Olea europaea europaea.jpg
Tu bisjbát, eller 15. sjebát, blir rekna som nyårsdagen ått trea. I 3. mosebok 19:23–25 står det at ein ikkje skal hauste frukta av treet dei første tre åra, og ikkje eta han føre etter fire. Datoen når trea blir rekna som eit år eldre er fastsett til 15. sjebát. Det er vanleg å plante tre og/eller eta ny frukt på den dagen — ein skikk som ser ut til å ha spredd seg frå asjkenazisk mellomalderkultur. Etterkvart utvikla det seg ein seder — eit spesielt, rituelt måltid — for 15. sjebát. Vi drikk 4 beger vin og et av minst 15 olike slag frukt medan vi syng songar og fortel historior som passar til dagen.   Les meir …
Stora Synagogan i Stockholm Inskrifter 2006.jpg
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart tekna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstjenestone. Sitteplassane er inndelt i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinnor, og til høgre i hovudrommet sitt kvinnor og menn i lag.   Les meir …
Cochineal drawing.jpg
Cochinilla (Dactylopius cocchus) (sp.), òg skreve cochenille (fr.) og koskenille, er ei skjoldlus frå México, Mellom-Amerika og tropiske og subtropiske deler av Sør-Amerika som lever på kaktusar i Opuntia-familien. Kroppen og egga av cochinilla-lusa blir tørka og oppmolne til fargestoffet karmin — ein varig raudfarge som blant anna blir bruka i kunstmåling, tekstilfarging og sminke. Karmin (E120) blir bruka i matproduksjon òg, men sidan råvara er eit insekt, blir karmin generelt rekna som olovlig/oetande i jødedommen og i deler av islām så vel som blant vegetarianarar og veganar. Karmin kan i sjeldne fall gje alvorlige allergiske reaksjonar.   Les meir …
Julaftonen av Carl Larsson 1904.jpg
Jul, òg skrive jol, slik ho blir feira i Skandinavia i dag er ei synkretistisk høgtid som hovudsakleg inkluderer trekk frå den kristne kristmessa, den romerske saturnalia-festen og den norrøne jól — i tillegg til enkelte trekk frå blant anna den jødiske lysfesten hanukká. Typiske element i julefeiringa over heile verda inkluderer levande lys, festlig lag, familiesamlingar, kraftig tradisjonsmat, gjeving av og beding om gåvor og almissor, symbol som raudt og grønt, nissar, englar, stjernor og julekrybbor.   Les meir …
Ngamidá (hebr. עֲמִידָה [ʿămīdā]), òg kalla shmone-esre (gjenom jid. shmoine-esre frå hebraisk שְׁמונֶה עֶשְׂרֶה [šəmōne ʿesre], ‘atten’) er den atåande, stille bøna som danar høgdepunktet i minḥá (ettermiddagsgudstjenesta) og musáf (tilleggsgudstjenesta etter morgongudstjenesta på sjabbát, rosj ḥódesj (nymåne) og høgtidsdagar); og eitt av høgdepunkta i sjaḥarít (morgongudstjenesta) og ngarbít (kveldsgudstjenesta).   Les meir …
Kugl eller kigl (jid. קוּגל), òg skreve kugel, er ein asjkenazisk pudding. Dei to mest kjente typane kugl er buljbekugl, eller potetpudding, og lokshnkugl, eller eggnudel-pudding. Kugl blir særleg servert på shabbes (sjabbát) og jontev (jom tob). Ein variant for peisech (pesaḥ) er matsekugl.   Les meir …

Populære sidor

  1. Sefer Debarím (vist g.)
  2. Sefer Sjemót (vist g.)
  3. Sefer Vajjikrá (vist g.)
  4. Sefer Bammidbár (vist g.)
  5. Sefer Beresjít (vist g.)
  6. Arroz con leche (vist g.)
  7. Kornbroit (vist g.)
  8. Bene Israel (vist g.)
  9. Det gamle testamentet (vist g.)
  10. Khboz (vist g.)
  11. Benjamin Duque (vist g.)
  12. Tsimmes (vist g.)
  13. Adón hasseliḥót (vist g.)
  14. Ketubím (vist g.)
  15. Deborá hannebiá (vist g.)
  16. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  17. Løype (vist g.)
  18. Kohén (vist g.)
  19. Nebiím (vist g.)
  20. Gefillte fish (vist g.)
  21. Massékhet Soferím (vist g.)
  22. Musáf (vist g.)
  23. Har Sinái (vist g.)
  24. Dolmas de col (vist g.)
  25. SikhiWiki (vist g.)
  26. Kishkes (vist g.)
  27. Mirjám hannebiá (vist g.)
  28. Emunót vedengót (vist g.)
  29. Borsht (vist g.)
  30. Goldene jouch (vist g.)
  31. Spekesild (vist g.)
  32. Jiddisch (vist g.)
  33. Valnesfjord kirkje (vist g.)
  34. Medrásj (vist g.)
  35. Sjeheḥejánu (vist g.)
  36. Estér hammalká (vist g.)
  37. Massékhet (vist g.)
  38. Matse-brei (vist g.)
  39. Matføreskrifter for jom tób (vist g.)
  40. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  41. Eiriksmess (vist g.)
  42. Pittá (vist g.)
  43. KJA B’nai Israel (vist g.)
  44. Rödelheim (vist g.)
  45. Ngarbít (vist g.)
  46. Jødearabisk (vist g.)
  47. Minḥá (vist g.)
  48. Az jasjír Mosjé (vist g.)
  49. Misjné Torá (vist g.)
  50. Sjoḥét (vist g.)
  51. Tikkún ngolám (vist g.)
  52. Las estrellas de los cielos (vist g.)
  53. Purím katán (vist g.)
  54. Haftará (vist g.)
  55. Léderer Dezső (vist g.)
  56. Indiske jødar (vist g.)
  57. La Despedida (vist g.)
  58. Jiṣ’ḥák Nissím (vist g.)
  59. Jødestjerne (vist g.)
  60. Pålsmess (vist g.)
  61. Sefardisk hebraisk (vist g.)
  62. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  63. Kugl (vist g.)
  64. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  65. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  66. Tengamím (vist g.)
  67. Kazájit (vist g.)
  68. Dei høge helgedagane (vist g.)
  69. Meldado (vist g.)
  70. Asjkenazisk jødedom (vist g.)
  71. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  72. Jiddisch musikk (vist g.)
  73. Ḥazzán (vist g.)
  74. Rimmón (vist g.)
  75. Rosinvin (vist g.)
  76. Jehudá halleví (vist g.)
  77. Hazeremos una merenda (vist g.)
  78. Massékhet Sukká (vist g.)
  79. Shaul Wilhelm (vist g.)
  80. Ḥajjim Volozhin (vist g.)
  81. Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)
  82. Mina de maṣṣá (vist g.)
  83. Nengilá (vist g.)
  84. Sjangatnéz (vist g.)
  85. Ṣedaká (vist g.)
  86. Bergen Singh Sabha Gurdwara (vist g.)
  87. Adió querida (vist g.)
  88. Ngamidá (vist g.)
  89. Codrero al horno (vist g.)
  90. Meḥiṣṣá (vist g.)
  91. Una noche al lunar (vist g.)
  92. Sārandā (vist g.)
  93. Halakhá (vist g.)
  94. Kitnijjót (vist g.)
  95. Aron Beer (vist g.)
  96. Siddhārtha Gautama (vist g.)
  97. Jangakób (vist g.)
  98. Challe (vist g.)
  99. Lynn Feinberg (vist g.)
  100. Bené Menasjé (vist g.)