Fag:Norsk

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • norsk • spansk • tysk

Norsk

Artiklar

Margarida Ponte Ferreira (f. 1946) er ein portugisisk-norsk forskar og forfattar. Ho har først og fremst skreve faglitteratur, og da særleg rapportar for Norsk utenrikspolitisk institutt, men ho har òg gjeve ut tre romanar under namnet Margarida Utne. Maria Margarida Morais Da Ponte Ferreira vart fødd i 1946 i Lisboa i Portugal ått foreldra Maria Manuela Morais da Ponte og Manuel Soares Ferreira. Ho vaks opp først på Azorane og seinare i byen Beira i Moçambique. Ho tok eksamen ved Instituto Superior de Ciências Económicas e Financeiras i Lisboa i 1969 og arbeidde i fleire år i den portugisiske administrasjonen.   Les meir …
Olav Aukrust (fødd 21. januar 1883, død 3. november 1929 var ein lyrikar og diktar frå Lom kommune i Gudbrandsdalen i Oppland fylke. Han skreiv på sitt eige nynorsknære talemål. Aukrust bruka gjerne lokalområdet som inspirasjon for dei nasjonalromantiske dikta sine.   Les meir …
Wergeland.jpg
Henrik Arnold Wergeland (17. juni 180812. juli 1845) var ein norsk diktar. Wergeland bidrog til å utvikle mykje av den norske nasjonalkjensla og blir gjerne òg rekna som ein av de største norske lyrikarane gjenom tidene. Han er først og fremst kjent som ein romantisk diktar. Wergeland var son av politikaren og teologen Nicolai Wergeland og kona Alethe Dorothea Wergeland, fødd Thaulow. Namnet Henrik fikk han etter morfaren Henrik Arnold Thaulow som var byskrivar i Kristiansand. Familien flytta frå Kristiansand til Eidsvoll da Henrik var 9 år gammel.   Les meir …
Olav Sletto (fødd 21. juni 1886 i Hol; død 24. oktober 1963) var ein forfattar frå Hallingdal. Mor ått Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammel og ogift da han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vara Bjørnstjerne Bjørnson, men det har vorte avvist av lokalhistorikarar. Han vaks opp med besteforeldra på Sletto i Hol og gikk folkehøgskule på Voss 190203 følgt av lærarskule på Notodden. Fram til han vart lærar ved Buskerud FolkehøgskoleFiskum i 1917, livnærte han seg ved ymse lærarjobbar kombinert med føredragsreisor. Sletto debuterte i 1908 med romanen Dei gamle. Han blir særleg hugsa for den mytologiske syklusen om Loke (191518), dei historiske romanane sine frå kirkjehistoria (192024), den historiske romansyklusen Soga om Røgnaldfolket (194346) så vel som for Per-bøkerne (Per Spegil (1939), Per Sjøl (1940), Per Stavlang (1941) og Per Spelmann (1942)).   Les meir …
Joergen Moe.jpg
Jørgen Moe (f. 22. april 1813 i HoleRingerike; d. 27. mars 1882) var ein norsk biskop og eventyrsamlar. Han er mest kjent för Asbjørnsen og Moe sine Norske folkeeventyr. Han er mest kjent som den eine halvdelen av Asbjørnsen og Moe, namneparet som er vorte eit synonym för bokverket Norske folkeeventyr. Det var i ungdommen Moe vart kjent med Peter Christen Asbjørnsen, og de to reiste kring og skreiv ner folkeeventyr folk förtelte ått dem.   Les meir …
Johan Turi.jpg
Johan Turi (18541936) var ein samisk kunstnar og forfattar som blir rekna for å vara den første samiske forfattaren som gav ut verk på samisk. Den første boka hans, Muitalus sámiid birra, er framleis truleg det mest kjente samiske verket; ho er omsett til over ti olike språk, blant anna til svensk, dansk, engelsk, tysk og japansk.   Les meir …
Kjell Aukrust (f. 19. mars 1920; d. 24. desember 2002) var ein teknar og forfattar frå Alvdal i Østerdalen. Kjell Aukrust vart fødd den 19. mars 1920 i Alvdal som son ått Lars Olsen Aukrust, bror ått Odd Aukrust og nevø ått Olav Aukrust. Han var utdana frå Kunst- og handverksskulen. Etter andre verdskrigen arbeidde han som avisteknar i Vårt Land ei stund, og han vart snart etablert som ein særprega yrkesteknar. Kjell Aukrust debuterte med Simen i 1958, og sidan den gong har det vorte ei rekkje bokutgjevingar. Fleire av bøkerne hans har vorte filmatisert med stor suksess. Filmen Flåklypa Grand Prix er den største suksessen i norsk filmhistorie og vart omsett til mange språk.   Les meir …
Peter Christen Asbjoernsen (K. Bergslien, 1870).jpg
Peter Christen Asbjørnsen (f. 15. januar 1812 i Christiania; d. 15. januar 1885 i Christiania) var ein norsk forfattar, folkeminnesamlar, forstmann og naturvitar. For ettertida har Asbjørnsen vorte ståande som sjølve eventyrkongen i norsk kultur. Han og ungdomsvenen Jørgen Moe vart kjent som Asbjørnsen og Moe, som er vorte eit synonym for bokverket Norske folkeeventyr. Ettersom han tidleg interesserte seg for andre ting enn skulefaga, vart han teken ut av borgarskulen og sendt på eit privat artiumskurs på Norderhov, der han møtte Jørgen Moe. Dei to vart vener for livet og inngikk på norrønt vis ein pakt som gjorde dem til «blodsbrør».   Les meir …
Håkon Evjenth (f. 26. desember 1894, d. 10. juni 1951) var ein forfattar og jurist frå Bodø som særleg er kjent for barnebøkerne sine frå nordnorsk natur. Håkon Evjenth vart fødd i Bodø onsdag den 26. desember 1894 som son ått advokat og statsråd Håkon Martin Evjenth (18651934) og Martha Backer (18671906). Han vaks opp i Bodø, vart cand.jur. i 1917, og budde nokre år i Oslo føre han starta eigen sakførarpraksis i Vadsø i 1921. I 1925 flytta han tilbake til Bodø. Han debuterte som forfattar i 1927 med boka Finnmarksjakter. Gjenombrottet kom med ungdomsromanen 3 på to og 2 på fire i 1935.   Les meir …
Loveleen Rihel Brenna.jpg
Loveleen Rihel Brenna (f. 1967) i India) er ein forfattar frå Agder. Ho vart fødd i India fredag den 6. oktober 1967 av ein far som var sikh og ei mor som var hindu, og ho kom til Kristiansand samen med foreldra sine i 1972. Loveleen Rihel Brenna er utdana i pedagogikk, psykologi, sosialpedagogikk med vidareutdanning i migrasjon og fleirkulturell forståelse, og ho driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv òg foredrags- og kursverksamheit kring desse emna.   Les meir …

Populære sidor

  1. Nynorsk nettkatalog - Data og programvare (vist g.)
  2. Nynorsk nettkatalog - Musikk og dans (vist g.)
  3. Nynorsk nettkatalog - Litteratur (vist g.)
  4. Nynorsk nettkatalog - Kunst og handverk (vist g.)
  5. Nynorsk nettkatalog - Landbruk og fiske (vist g.)
  6. Nynorsk nettkatalog - Humor (vist g.)
  7. Nynorsk nettkatalog - Daglegvaror (vist g.)
  8. Nynorsk nettkatalog - Oppslagsverk (vist g.)
  9. Nynorsk nettkatalog - Kledor (vist g.)
  10. Blåmann Barnebokklubb (vist g.)
  11. Nynorsk nettkatalog - Religion og livssyn (vist g.)
  12. Matias Skard (vist g.)
  13. Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk» (vist g.)
  14. Nordafjelske mål (vist g.)
  15. Nynorsk nettkatalog - Bøker, blad og forlag (vist g.)
  16. Olav Aukrust (vist g.)
  17. Nynorsk nettkatalog (vist g.)
  18. Margarida Ponte Ferreira (vist g.)
  19. Hans Hyldbakk (vist g.)
  20. Leif Halse (vist g.)
  21. Olav Jakobsen Høyem (vist g.)
  22. Trønder (vist g.)
  23. Marie Takvam (vist g.)
  24. Edvard Hoem (vist g.)
  25. Herjedalsk (vist g.)
  26. Nynorske leksikon (vist g.)
  27. Marta Steinsvik (vist g.)
  28. Finn-Erik Vinje (vist g.)
  29. Johan Turi (vist g.)
  30. Ove Borøchstein (1949–2013) (vist g.)
  31. Kristofer Uppdal (vist g.)
  32. Halldis Moren Vesaas (vist g.)
  33. Christopher Hansteen (vist g.)
  34. Ingeborg Åsen Vatten (vist g.)
  35. Olav Duun (vist g.)
  36. Aslaug Vaa (vist g.)
  37. Ella Holm Bull (vist g.)
  38. Norsk Allkunnebok (vist g.)
  39. Elias Blix (vist g.)
  40. Håkon Evjenth (vist g.)
  41. Aasmund Olavsson Vinje (vist g.)
  42. Jørgen Moe (vist g.)
  43. Kristofer Janson (vist g.)
  44. Loveleen Rihel Brenna (vist g.)
  45. Edvard Langset (vist g.)
  46. Olav H. Hauge (vist g.)
  47. Olav Sletto (vist g.)
  48. Ivar Høyem (vist g.)
  49. Norsk Ordbok (vist g.)
  50. Kjell Aukrust (vist g.)
  51. Midlandsnormalen (vist g.)
  52. Johan Austbø (vist g.)
  53. Saltværing (vist g.)
  54. Tore Ørjasæter (vist g.)
  55. Nordmøring (vist g.)
  56. Henrik Wergeland (vist g.)
  57. Peter Christen Asbjørnsen (vist g.)
  58. Arnold Dalen: «Den trønderske lina i norsk målreising» (vist g.)

 

Innhald (utval)