Fag:Naturfag

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

matematikknaturfag

astronomifysikkkjemibiologinaturbruk

Naturfag

Artiklar

Vaccinium uliginosum (Sinikas2 2008-2).jpg
Blokkbær (nyn./bm. blokkebær) eller skinntryte (Vaccinium uliginosum) er ein dvergbusk i samma slekta som blåbær, tyttebær og tranebær. Blokkbær liknar mykje på blåbær, men skil seg blant anna ut med at busken har brun bark heller enn grøn, at blada har glatte kantar og tydelig bleikare underside, og at fruktkjøttet er fargelaust til kvitaktig heller enn raudlilla til svart.   Les meir …
Bieszczady Flora.jpg
Blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som tilhører lyngfamilien. Blåbærlyng blir 10–50 cm høgt. Det har grøne, kantote greiner som blir brunaktige og vedote etterkvart, med tynne, elliptiske, takkote, lysegrøne blad som blir felt om hausten. Om våren får lynget grønkvite til raudlige, krukkeforma blomstrar. Dei her blomstrane utviklar seg vidare til saftige bær som varierer i farge frå mörkeblåe til svarte bær på den eine sida til kvitaktig blåe bær på den andre. Blåbæra er tradisjonelt ettertrakta til safting og sylting, og ho var ei viktig råvare i matauken i Skandinavia i tidligare tider. Næringsverdien var lenge rekna som moderat, men nyare forsking har vist at bæra er svært rik på antioksidantar.   Les meir …
Dalasau.jpg
Dalasauen (nyn./bm.) er ei krysning mellom spælsau og olike engelske rasar (sutherlandsau, leicestersau og sjeviot). Han er ein relativt stor sau med middels ullkvalitet. Dalasauer er vanlige over heile Norge, og 43 % av dyra tilslutta Sauekontrollen er dalasauer. Dalasauen har opphav i den innblandinga av leicestersau og delvis sjeviotsau i den gammelnorske sauen som begynte kring 1860. Dei her blandingstypane viste seg å konkurrere godt i vestlandske fjordbygder med godt sommarbeite og god vinterfôring.   Les meir …
10116cr Dactylorhiza maculata.jpg
Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata) er ei plante i marihandfamilien (orkidéfamilien). Denna orkidéen har fått namn etter utsjånaden på blada sine. Han har nemlig massevis av svarte flekkar på de grågrøne blada. Blomstrane kan variere mykje i farge, heilt frå ganske mörk rosa med raude tekningar til mesta kvite med ljøsrosa tekningar. Flekkmarihand blir kring 20–30 cm høg.   Les meir …
Pinguinus impennus (Audubon).jpg
Geirfugl (Pinguinus impennis (förelda: Alca impennis)) var ein stor, ikkje-flygande fuglart i alkefamilien. Geirfuglen dødde ut kring midten av 1800-talet. Geirfuglane heldt til i Nord-Atlanteren, der dei hekka på steinote, isolerte øyar med lett tilgang til havet og rike matressursar. Slike plassar var det ikkje mange av, så det fanst berre nån få hekkeplassar för geirfuglane. Utom hekkesesongen svømte geirfuglane over store område på jakt etter mat — frå så langt sør som Nord-Spania og New England til Canada, Grønland, Island, Færøyane, Norge, Storbritannia og Irland. Da europeiske oppdagarar begynte å reise over Atlanterhavet kring år 1500, vart geirfuglane ei lettvint kjelde til mat og fiskagn. Geirfuglduna var svært etterspurt i Europa, noko som gjorde at geirfuglbestanden der i hovudsak var försvunnen alt kring 1550. Ettersom fuglane vart sjeldnare, auka interessa för geirfuglskinn og -egg blant europeiske museum og private samlarar. Dei siste geirfuglane vi veit sikkert om vart drepne måndagen den 3. juni 1844Eldey vestom ReykjavíkIsland.   Les meir …
Reindeer in Kangerlussuaq (Brandt).png
Grønlandsrein (Rangifer tarandus groenlandicus) og alaskakaribu (av ein del rekna som eigen underart, Rangifer tarandus granti), er karibuar som lever i områda frå Vest-Grønland, Nunavut (sørom Parry Channel) og nordlige deler av Northwest Territories (grønlandsrein) til Yukon og store deler av Alaska (alaskakaribu).   Les meir …
Avena fatua1.jpg
Havre (Avena fatua el. Avena sativa) er ei plante av grasfamilien som har store frø (korn) som blir bruka til mat för dyr og menneske. Kornslaget toler relativt låge sommartemperaturar og mykje regn og har historisk vore spesielt mykje dyrka langs kysten av Nord-Europa. Havre er eit i all hovudsak glutenlaust kornslag som er i slekt med, men ikkje eitt av, dei fem kornslaga som kan bli ḥaméṣ og som derför er förbodne under pesaḥ anna enn i form av maṣṣót. Etter klassisk sefardisk halakhá er det lov å bruke havre fritt under pesaḥ, så lenge som ein passar på at det ikkje er innblanding av noko av dei fem kornslaga som kan bli ḥaméṣ.   Les meir …
C06834 hoybore.jpg
Ei høybåre er ein stegaliknande landbruksredskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særlig vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjor og ordna i kjemmor med riva. Så legg ein kjemmone på båra, ei för ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løda.   Les meir …
Islandsgeiter.jpg
Islandsgeit (isl. íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit (isl. íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geitrasen på Island. Ein trur at geiterne er okryssa etterkommarar etter dei geiterne som landnåmsmennerne tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012).   Les meir …
0106cr lauvkniv.jpg
Ein lauvkniv (nyn./bm.; bm./da. løvkniv, sv. lövkniv) eller eit lauvjarn er ein langblada kniv med lett konkav egg og innoverbøygd haka ved spissen som tradisjonelt har vorte bruka til lauving — det vil seie sanking av kvistar og lauv til fôr för feet. Lauvknivar liknar noko på sigdar, men bladet er mesta på linje med handtaket, i motsetning til sigdane, der bladet står meir eller mindre vinkelrett på handtaket.   Les meir …
Lyngshest.jpg
Nordlandshest eller lyngshest er ein hesterase frå Nord-Norge. Nordlandshesten blir rekna som ein stor ponni. Mankehøgda er kring 130–140 cm. Fargen er vanligvis brun, svartbrun, raud eller noko gråskimmel. Hovudbruken av nordlandshestar er som ridehest og lett trekkdyr. Nordlandshesten har anane sine frå dei småe vikinghestane og er ein sterk og nøysam hest med gode bein og hovar. Han vart sett til arbeid på garden eller i utmarka og var vant til å jobbe hardt. Dei her hestane var aldri i hus og fikk ikkje tilskott av kjøpfôr slik det er vanlig i dag. Dei måtte skaffe seg mat sjølv i inn- og utmark. Dei åt det meste dei kom over av grønt.   Les meir …
North ron sheep.jpg
North Ronaldsay-sau er ein saurase som held til på North Ronaldsay, den nordligaste øya på Orknøyane i Skottland. Dei er ein av dei attvarande variantane av nordeuropeiske spælsauer som enda finst på Dei britiske øyane. North Ronaldsay-sauen held til i fjørosteinane store deler av året og lever mesta utelukkande på tang og tare der. Berre i tida kring lamminga har sauene tilgang til graset lenger inn på øya.   Les meir …
20070818-0001-strolling reindeer.jpg
Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus), òg kalla karibu (caribou) i Nord-Amerika, er eit hjortdyr (Cervidae) i ordenen partåa hovdyr (Artiodactyla). Reinen lever i dei nordligaste landområda på jorda og greier seg fint i ekstrem kulde og djup sny. Reinen skil seg frå resten av hjortdyra med at hodyra òg har gevir. Den eurasiske reinen skil seg òg ut med å vara det einaste av hjortdyra som tradisjonelt blir utnytta som husdyr — hovudsaklig blant samar i Skandinavia og Nordvest-Russland så vel som blant fleire urfolk kring Uralfjella og i det nordlige Sibir. Reinen er ein art som først og fremst utmerker seg med det store geviret — både blant bukkar og simlor. Det finst fleire underartar som varierer i størrelse og utbredelse. Hovudtendensen er at dei sørlige underartane er fysisk större enn dei nordlige.   Les meir …
Vulpes vulpes standing in snow.jpg
Vanlig rev (Vulpes vulpes), med fargevariantane raudrev (vanligast), korsrev og sølvrev, er eit rovdyr av hundefamilien. Reven er vanlig i store deler av Eurasia og Nord-Amerika, og i mindre grad i Nord-Afrika, og i tillegg er han innført til Australia. Det er beskreve fleire underartar, men slektskapsforholda er osikre.   Les meir …
Salvelinus alpinus (1).jpg
Røye eller røyr (Salvelinus alpinus) er ein fisk av laksfamilien. Røya er den nordligaste av laksfiskane og finst i salt- og ferskvatn kring Nordishavet og Skandinavia, og i tillegg i ferskvatn i høgfjellsområda kring Alpane og Pyrenéane. Røya er ein god matfisk og blir rekna som delikatesse i Nord-Norge. Han blir noko bruka i landbasert fiskoppdrett.   Les meir …
STN Cow.jpg
Sidot trønderfe og nordlandsfe (nyn. sidut t.; nyn./bm. sidet t., sidete t.) ofte förkorta til STN og òg kalla rørosfe, er ein svartsidot og kollot, mellomstor storferase frå Midt- og Nord-Norge med offisielt avgrensa opphav i Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag fylke og Nordland. Det tilsvarande tradisjonelle svartsidote og kollote storfeet på Nordmør vart derimot (av amts- og fylkesadministrative grunnar?) definert inn under vestlandsk fjordfe da rasane vart definert mot slutten av 1800-talet og utover 1900-talet. I Norrland i Sverige finst òg liknande dyr, som der blir kalla fjällkor eller svensk fjällras.   Les meir …
Scottish Cheviot sheep.jpg
Sjeviot eller sjeviotsau (eng. Cheviot sheep) er ein kvit saurase med kvitt fjes og svart muletipp. Sjeviotsauen kjem opprinnelig frå Cheviot Hills på grensa mellom Northumberland i England og Scottish Borders i Skottland. I tillegg til Northumberland og Scottish Borders er rasen utbreidd i det nordvestlige Skottland, i sørvest-England og i Wales. Noko sjeldnare er sjeviotsauen i USA, Australia og New Zealand. Sidan sist på 1800-talet har sjeviotsauer vorte svært utbreidd i Skandinavia òg. Sjeviotsauen som vi kjenner han frå nyare tid er ein kombinasjonsrase som blir bruka til både ull og kjøtt.   Les meir …
Wisent.jpg
Ein visent (nyn./bm./sv./da.) eller europeisk bison (nyn./bm./sv.; da.: europæisk bison) (Bison bonasus) er eit oksedyr i slekta Bison og er det tyngste landdyret i Europa. Ein typisk visent blir 2,9 meter lang og innpå 2 meter høg; og vekta er inntil 900 kg. För 2 000 år sidan levde visentane i mestparten av Europa — frå England i vest til Sibir i aust, og frå Spania i sør til Sverige i nord. I Vest-Europa vart visenten utrydda på 1000-talet, anna enn i Ardennane, der han overlevde fram til 1300-talet. Den siste visenten i Transilvania dødde i 1790. I aust haurde visentane til dei polske kongane, dei litauiske storhertugane eller dei russiske tsarane etter loven.   Les meir …
Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi.   Les meir …
206959 sauer paa Runde.jpg
Økologisk landbruk, inkludert økologisk jordbruk, er ei landbruksdriftsform der ein brukar naturlig gjødsel og naturlige plantevernmiddel. Økologisk landbruk fører til mindre oppsamling av syntetiske giftstoff og blir rekna som ein grunnleggande del av berekraftig utvikling. Økologisk landbruk byggjer på et heilheitssyn som omfattar både de økologiske, økonomiske og sosiale sidone ved produksjonen. Rudolf Steiner var blant de første som la fram tankar om økologisk landbruk. Målet er å skapa eit sjølvberande og vedvarande agro-økosystem som er basert på mest mulig lokale og fornybare ressursar. I praksis tyder det at økologiske produkt er framstilt med bruk av naturlig (organisk) gjødsel og utan bruk av kjemiske/syntetiske plantevernmiddel.   Les meir …

Populære sidor

  1. Geirfugl (vist 112076 g.)
  2. Rein (vist 15141 g.)
  3. Hoggorm (vist 9142 g.)
  4. Rev (vist 9011 g.)
  5. Harr (vist 5280 g.)
  6. Gaupe (vist 4981 g.)
  7. Grå trøndersau (vist 4366 g.)
  8. Krystallsoda (vist 4287 g.)
  9. Blokkbær (vist 4269 g.)
  10. Lysing (vist 4136 g.)
  11. Cochinilla (vist 3994 g.)
  12. Sny (vist 3714 g.)
  13. Kveks (vist 3327 g.)
  14. Lunde (vist 3144 g.)
  15. Kvede (vist 3144 g.)
  16. Moskusfe (vist 3127 g.)
  17. Blåbær (vist 2802 g.)
  18. Myhank (vist 2689 g.)
  19. Fjøs (vist 2601 g.)
  20. Alpakka (vist 2481 g.)
  21. Torsk (vist 2381 g.)
  22. Stabbur (vist 2255 g.)
  23. Ris (vist 2213 g.)
  24. Fritz Loyt Johnsen (vist 2211 g.)
  25. Skogsrein (vist 2168 g.)
  26. Beaufortskalaen (vist 2143 g.)
  27. Pearykaribu (vist 2010 g.)
  28. Saumerke (vist 1859 g.)
  29. Gammelnorsk sau (vist 1851 g.)
  30. Månen (vist 1808 g.)
  31. Sidot trønderfe og nordlandsfe (vist 1805 g.)
  32. Dalasau (vist 1716 g.)
  33. Bohuslän-Dals svarthöna (vist 1640 g.)
  34. Solbærgelé (vist 1607 g.)
  35. Kålrabi (vist 1596 g.)
  36. Sjeviot (vist 1537 g.)
  37. Økokasjrút (vist 1532 g.)
  38. Sauhald (vist 1459 g.)
  39. Nordlandshest (vist 1434 g.)
  40. Karibu (vist 1432 g.)
  41. Lauvkniv (vist 1429 g.)
  42. Bjørn (vist 1328 g.)
  43. Krekling (vist 1302 g.)
  44. Aure (vist 1268 g.)
  45. Økoḥalāl (vist 1252 g.)
  46. Rimmón (vist 1212 g.)
  47. Røye (vist 1203 g.)
  48. Lyr (vist 1160 g.)
  49. Kystgeit (vist 1155 g.)
  50. Sild (vist 1145 g.)
  51. Elbil (vist 1126 g.)
  52. Perlehøns (vist 1126 g.)
  53. Lange (vist 1122 g.)
  54. Åbbor (vist 1044 g.)
  55. Sei (vist 1029 g.)
  56. Statens Sauavlsgård på Edøy (vist 1023 g.)
  57. Havre (vist 1016 g.)
  58. Visent (vist 1011 g.)
  59. Sigd (vist 973 g.)
  60. Mott (vist 958 g.)
  61. North Ronaldsay-sau (vist 949 g.)
  62. Grønlandsrein (vist 935 g.)
  63. Skrei (vist 923 g.)
  64. Borghild Tenden (vist 908 g.)
  65. Massékhet Berakhót (vist 869 g.)
  66. Islandsgeit (vist 855 g.)
  67. Låve (vist 850 g.)
  68. Rygjasau (vist 778 g.)
  69. Kvithalehjort (vist 771 g.)
  70. Blomsterflugor (vist 768 g.)
  71. Reindrift på Island (vist 761 g.)
  72. Steigarsau (vist 724 g.)
  73. Trollheimsloven (vist 700 g.)
  74. Jakobsstaven (vist 694 g.)
  75. Katte (vist 689 g.)
  76. Solbær (vist 682 g.)
  77. Seder Zerangím (vist 681 g.)
  78. Etisk forbruk (vist 677 g.)
  79. Spæl (vist 651 g.)
  80. Økologisk landbruk (vist 648 g.)
  81. Jamtgeit (vist 637 g.)
  82. Ofisk (vist 635 g.)
  83. Polarljøs (vist 628 g.)
  84. Riehpe (vist 616 g.)
  85. Chandrasekhargrensa (vist 611 g.)
  86. Syrén (vist 610 g.)
  87. Haustjamdøgn (vist 601 g.)
  88. Arroz con leche (vist 594 g.)
  89. Sjybruk (vist 592 g.)
  90. Tu bisjbát (vist 591 g.)
  91. Massékhet Sjebingít (vist 572 g.)
  92. Kristen økologi (vist 563 g.)
  93. Norsk mjølkgeit (vist 547 g.)
  94. Natron (vist 545 g.)
  95. Snybasking (vist 543 g.)
  96. Man (vist 529 g.)
  97. Landbruk (vist 519 g.)
  98. 3. mars (vist 515 g.)
  99. Máni (vist 513 g.)
  100. Tölt (vist 510 g.)
  101. Flekkmarihand (vist 502 g.)
  102. Nappakrok (vist 495 g.)
  103. 8. mars (vist 492 g.)
  104. 5. mars (vist 471 g.)
  105. Karpás (vist 459 g.)
  106. Skjetotrast (vist 456 g.)
  107. Massékhet Kilájim (vist 455 g.)
  108. 14. mars (vist 438 g.)
  109. Marór (vist 435 g.)
  110. Seterdrift (vist 412 g.)
  111. Ten (vist 408 g.)
  112. 7. mars (vist 402 g.)
  113. 4. mars (vist 397 g.)
  114. 12. mars (vist 393 g.)
  115. Massékhet Ḥallá (vist 383 g.)
  116. Aur (vist 383 g.)
  117. 2. mars (vist 372 g.)
  118. Høybåre (vist 370 g.)
  119. 10. mars (vist 364 g.)
  120. 1. mars (vist 358 g.)
  121. Tsimmes (vist 350 g.)
  122. 13. mars (vist 349 g.)
  123. Snysura (vist 348 g.)
  124. Kve (vist 346 g.)
  125. 15. mars (vist 344 g.)
  126. Riskakor (vist 339 g.)
  127. 6. mars (vist 336 g.)
  128. Rabarbraris (vist 332 g.)
  129. Staur (vist 331 g.)
  130. Boré mangasé beresjít (vist 331 g.)
  131. 9. mars (vist 323 g.)
  132. Riskake (vist 321 g.)
  133. Toboggan (vist 309 g.)
  134. 11. mars (vist 300 g.)
  135. Bal tasj’ḥít (vist 297 g.)
  136. Nellikar (vist 295 g.)
  137. Ḥóled (vist 295 g.)
  138. Raudhalswallaby (vist 290 g.)
  139. 30. mars (vist 249 g.)
  140. 31. mars (vist 213 g.)
  141. 29. mars (vist 210 g.)
  142. 17. mars (vist 204 g.)
  143. 18. mars (vist 201 g.)
  144. 20. mars (vist 191 g.)
  145. 23. mars (vist 188 g.)
  146. 25. mars (vist 188 g.)
  147. 26. mars (vist 188 g.)
  148. 22. mars (vist 187 g.)
  149. Bronse (vist 179 g.)
  150. 21. mars (vist 169 g.)

Personlige verkty