Fag:Estetiske fag

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • kroppsøvingmat og helse • matematikkmusikknaturfag • norsk • spansk • tysk

Estetiske fag

Artiklar

Israel Gottlieb Wernicke (1755-1836) var ein musikar, komponist og musikklærar frå Bergen som blant anna skreiv oratoria Ramdeo Rhator (eit indisk susjett) og Furius Camillus. Israel Gottlieb Wernicke vart fødd den 2. februar 1755 i Bergen som son ått den tyskfødde Johan Gottlieb Wernicke (d. 1775), organist ved Domkirkja i Bergen, og kona Justina, f. Rhode, ho òg av tysk slekt frå Rostock. Han vart dimittert frå Bergens Kathedralskole i 1771. Etter det reiste han til København og vart ein svært flink student, men musikken vart tidleg det viktigaste for honom.   Les meir …
Fartein Valen (18871952) var ein komponist frå Stavanger. I dag er han høgt respektert og blir rekna som ein banebrytar for moderne musikk i Norge med sine atonale polyfone verk. Den mest kjente komposisjonen hans er orkesterstykket Kirkegården ved havet. Den legendariske kanadiske pianisten Glenn Gould sa ein gong om Valen at han for første gong på mange år hadde funne ein ruvande skikkelse i musikken frå 1900-talet.   Les meir …
Bevis0007 s.jpg
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701.   Les meir …
Nathaniel Dance-Holland - Cristiano Giuseppe Lidarti and Giovanni Battista Tempesti - Google Art Project.jpg
Cristiano Giuseppe Lidarti (17301793), òg kjent som Christian Joseph Lidarti, var ein austerriksk komponist av italiensk opphav som i vår tid særlig er kjent for det hebraiske oratoriet Ester. Christiano Giuseppe Lidarti vart fødd den 23. februar 1730. Han gikk på skule ved cisterciensarklosteret i Klagenfurt og studerte vidare ved jesuittseminariet i Leoben.   Les meir …
Malkit Singh.jpg
Bhangṛā (pandjābī ਭੰਗੜਾ (gurmukhī), بھنگڑا (sjahmukhī), [ˌpɐŋgɽɑː]; hindī भाँगड़ा, ['bʱɑ:ŋgɽɑ:]), ofte kalla pandjābīpop, er ei livlig danse- og musikkform som oppstod i Pandjāb i India og Pakistan. Bhangṛā er tradisjonelt sett ein folkedans og ikkje ei musikkform, men fram mot slutten av 1900-talet har tydinga gått meir og meir over til å referere til både ein musikkgenre og ein dans. Bhangṛāen har eit sterkt rytmisk driv og slaginstrumenta spelar ein sentral rolle.   Les meir …
The synagogue in Gothenburg, 11 October 2005.JPG
Den novarande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (18081855) vart tekna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn.   Les meir …
Magnhild Havdal Almhjell (f. 11. juni 1894, d. 13. mai 1985) var ein folkesongar frå TingvollNordmør. Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmør. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammel. Etter at Magnhild miste mor si, voks ho opp med besteforeldra på Havdal. Ho fikk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (18221912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (18411942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp med far sin, Erik Larsson, f. Brandstad.   Les meir …
Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelmann frå Valsøyfjorden i Halsa kommuneNordmør. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 ått föreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga ått honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han Ingvar var 19 år gammel, kjøpte faren ei hardingfele ått honom gjenom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les meir …
Daniel Hagerup (18761955) var ein treskjerar og bildehoggar frå SmølaNordmør. Daniel vart fødd den 24. mars 1876 i GrønvikaSmøla som nummer fire av fem born av gardbrukar og smed Eilert Hagerup Eriksen Nastad og Guri Severine Danielsdt. Kulø. Daniel gifta seg med Anna G. Øvrevik (f. 20. april 1878 (el. 1879?)) frå Innersetra på Tustna. De budde på Sjåheim under Gullstein på Tustna i perioden 19181937.   Les meir …
C02558 Fjordamerra (1842).jpg
«Fjordamerra» er ein kirkjebåt frå Årvågsfjorden i AureNordmør som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til GeitbåtmuseetEngjan i Valsøyfjord i Heim kommune på Nordre Nordmør. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997.   Les meir …
23163 St Birgittas kapell (Tustna).jpg
Den helige Birgittas kapell (nyn. Den heilage Birgittas kapell; bm. Den hellige Birgittas kapell) er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta i JørnvågenTustna i Aure kommuneNordmør. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein menigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd onsdag den 4. juli 2007 av pater Alexandre Semajangwe Polepole. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utaför kapelldöra òg.   Les meir …
FortepianoJAStein.jpg
Hammarklaver (nyn./bm.; bm. hammerklaver) eller fortepiano er eit instrument med strenger der tonen blir dana ved at ein trehammar, som regel dekt med eit lett dempande lag av lêr eller filt, slår an strengen og trekkjer seg unna strengene att; og der demparar stoppar tonen når ein slepper tangenten. I prinsippet er fortepiano på lag samma instrumenttypen som piano, men namna fortepiano og hammarklaver blir gjerne bruka om instrumenta frå dei første åra på 1700-talet og fram til tida kring 1830. Sist på 1700-talet og eit par tiår inn på 1800-talet vart det òg eksperimentert mykje med både instrumentform og teknikk, inkludert kabinettpianoet og lyrepianoet. Ein variant av fortepianoet som levde vidare langt utover 1800-talet var taffelpianoet.   Les meir …

Populære sidor

  1. Grølislåtten (vist g.)
  2. Teskjahjellinn (vist g.)
  3. Adón hasseliḥót (vist g.)
  4. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  5. Mekhiná (vist g.)
  6. Lafteverk (vist g.)
  7. Kråkå raka, dúå dró (vist g.)
  8. Byrðingr (vist g.)
  9. Valnesfjord kirkje (vist g.)
  10. Ró, ró, rękje, båtn va ei eikje (vist g.)
  11. Virginal (vist g.)
  12. Slipstein (vist g.)
  13. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  14. Spikjinn satt o hakka (vist g.)
  15. Serpent (vist g.)
  16. Tyskfele (vist g.)
  17. Stát upp, Maggedúliadei (vist g.)
  18. Erling Torske (vist g.)
  19. Tore Hoås (vist g.)
  20. Las estrellas de los cielos (vist g.)
  21. Haftará (vist g.)
  22. Stóruksinn brumma (vist g.)
  23. Vincenzo Bellini (vist g.)
  24. La Despedida (vist g.)
  25. Musikkinstrument i renessansen og barokken (vist g.)
  26. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  27. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  28. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  29. Tengamím (vist g.)
  30. David Munrow (vist g.)
  31. Tjøro (vist g.)
  32. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  33. Jiddisch musikk (vist g.)
  34. Pissí uppi órda sprang (vist g.)
  35. Ḥazzán (vist g.)
  36. Bukkjen stó i brynna (vist g.)
  37. Kråkå satt på gárdstaur (vist g.)
  38. Ręven gikk på sétra (vist g.)
  39. Hazeremos una merenda (vist g.)
  40. Carl Philipp Emanuel Bach (vist g.)
  41. Kara tú omna (vist g.)
  42. Devender Singh (vist g.)
  43. Reiphegd (vist g.)
  44. Sārangī (vist g.)
  45. Børdtre (vist g.)
  46. Holger Aresvik (vist g.)
  47. Psalmodikon (vist g.)
  48. Adió querida (vist g.)
  49. Meḥiṣṣá (vist g.)
  50. Emanuele d'Astorga (vist g.)
  51. Una noche al lunar (vist g.)
  52. Pissí, Pissí, katta (vist g.)
  53. Sārandā (vist g.)
  54. Ola Årsund (vist g.)
  55. Taffelpiano (vist g.)
  56. Aron Beer (vist g.)
  57. Beinskurd (vist g.)
  58. Ljore (vist g.)
  59. Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk» (vist g.)
  60. Historisk oppføringspraksis (vist g.)
  61. Veltemperering (vist g.)
  62. Knut Johannessen (f. 1955) (vist g.)
  63. Tverrfløyte (vist g.)
  64. Ner tamíd (vist g.)
  65. Ensemblet Sturm und Drang (vist g.)
  66. Sefardisk musikk (vist g.)
  67. På gúłe vei (vist g.)
  68. Hekhál (vist g.)
  69. Synagogen i Leiwen (1913–1938) (vist g.)
  70. Xhamia e Et'hem Beut (vist g.)
  71. Por una niña tan hermoza (vist g.)
  72. Salomone Rossi (vist g.)
  73. Sverre Jensen (f. 1944) (vist g.)
  74. Kattå mi va grå (vist g.)
  75. Era escuro (vist g.)
  76. Súlla lúlla bána, grautn hęng i járna (vist g.)
  77. Helge Husby (vist g.)
  78. Kamnov (vist g.)
  79. Synagogen i Esslingen am Neckar (vist g.)
  80. DS «Nordmør» (1890) (vist g.)
  81. Stórsvartn va ęn fúllbrá mann (vist g.)
  82. Pissí satt uppå omna o spann (vist g.)
  83. Synagogen i Massenbachhausen (vist g.)
  84. Jon M. Skogstad (vist g.)
  85. Moské (vist g.)
  86. Ingvald Glomstad (vist g.)
  87. Menuett (vist g.)
  88. Synagoge Kohlhöfen (Hamborg 1859-1934) (vist g.)
  89. Mordechai Hershman (vist g.)
  90. Nils Bakke (vist g.)
  91. Minbar (vist g.)
  92. Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
  93. Academy for Jewish Religion (New York) (vist g.)
  94. Španělská synagoga (vist g.)
  95. Unni Boksasp (vist g.)
  96. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  97. Sjnjaka (vist g.)
  98. Klavicyterium (vist g.)
  99. Abraham de Casseres (vist g.)
  100. Kristian Halse (vist g.)