Emne:Sørsamar

Frå Alnakka.net

URFOLK OG NASJONALE MINORITETAR • nyare minoritetar

SAMAR • finnar/kvener • romanifolk • sigøynarar • jødar

sørsamar • umesamar • pitesamar • lulesamar • nordsamar • enaresamar • austsamar

Vietjere (Nordset i Rendalen, 1160-1260 evt).jpg

Sørsamane er den gruppa av samar som tradisjonelt bur lengst i sørvest av dei samiske folka. I vidare forstand er ofte umesamane inkludert, og gruppa inkluderer da så å seie alle samar som tradisjonelt har budd sørom Saltfjellet i Norge og sørom Arjeplog i Sverige. Språklig sett viser sørsamisk arkaiske trekk. Det finst to motstridande ytterpunkt i synet på sørsamisk historie: det tradisjonelle synet, som er at samane har vore til stades i området i uminnelige tider og representerer urbefolkninga i Skandinavia; og Yngvar Nielsen sin framrykkingsteori, som seier at mangelen på historiske kjeldor om samisk nærvere i Midt- og Sør-Norge beviser ex silentio at samane har rykka inn frå nord og at dette ikkje skjedde føre på 1700- og 1800-talet. Ei etter kvart svært fyldig liste over historiske kjeldor — i form av både skriftlige dokument og arkeologiske funn — har ført til at forsvaret for framrykkingsteorien har meir eller mindre stilna sidan 1990-åra.

Artiklar

C04018 Snaaasen gaerjagaaetie.jpg
Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbredelsesområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Norge og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Norge blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les meir …
Ella Holm Bull, f. Joma (f. 12. oktober 1929, d. 21. september 2006), var ein sørsamisk lærar og forfattar som var kjent för arbeidet sitt med sørsamisk rettskriving, lærebøker og barnebøker. Ho vart fødd den 12. oktober 1929 i Snåsa kommune. Ho arbeidde mange år ved sameskulen i Snåsa. I lag med Knut Bergsland utarbeidde ho Bergsland-Bull-rettskrivinga, som har vore standardortografien för sørsamisk språk sidan ho vart etablert i 1974.   Les meir …
Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk. I Norge blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar.   Les meir …
Finnguten er det vanlege kallenamnet for den samiske gutungen som kom sjuk og forkommen ned i BøverdalenNordmør sist på 1800-talet. Gutungen fikk husrom i bygda, men ein morgon var han forsvunnen att. Jørgen Gravvold skreiv diktet «Finnguten» om denne hendelsen, og i 2001 sette han Kolbjørn Botten melodi til diktet. Eistein Bæverfjord laga film om hendelsen, og filmen hadde premiere i Bæverhall torsdagen den 29. september 2011.   Les meir …

Pekarar

Populære sidor

  1. Laara jïh Læjsa (vist g.)
  2. Finnguten (vist g.)
  3. Rørossamisk (vist g.)
  4. Trollheimsloven (vist g.)
  5. Sørsamar (vist g.)
  6. Ella Holm Bull (vist g.)
  7. Sørsamisk (vist g.)