Emne:Portugisarjødar

Frå Alnakka.net

JØDEDOM • KASJRUT • ESNOGAS • HØGTIDER
ORTODOKS • MASORTI • REKONSTRUKSJONISTISK • FORNYING • PROGRESSIV
SEFARDIM • SKANDINAVIA • ASJKENAZIM • ROMANIOTES • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím

Skandinavia • EUROPA • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika

De britiske øyane • Nederlanda • Tyskland • Polen • Belarus • Russland
IBERIA • Frankrike • Italia • Alpane • Tsjekkia/Slovakia • Ungarn • Romania/Moldavia • Ukraina

Portugal • Spania • Gibraltar • Andorra • portugisarjødar • osmanske sefardím

Ketubba Amsterdam 1718.jpg

Portugisarjødar (nyn.; bm./da. portugiserjøder) eller portugisjødar (nyn.; bm./da. portugisjøder; sv. portugisjudar) er ei gruppe av sefardím som har hovudopphavet sitt i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet. Portugisarjødane har eit karakteristisk ritual basert på ritualet på Den iberiske halvøya före utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske bené Roma og frå marokkanske sefardím. Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Norge frå 1657 av. Ved den norske Grunnloven av 17. mai 1814 vart det innført fullt forbod mot innreise og opphald for alle jødar, men unntaket for portugisarjødane vart bekrefta att av Justisdepartementet den 4. november 1844 — seks år före heile jødeparagrafen vart oppheva.

Artiklar

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstjenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om tillatelse til å ha gudstjeneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstjenestor og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Gazeta de Amsterdam.jpg
Gazeta de Amsterdam var eit kastiljanskspråkleg økonomisk tidsskrift som vart etablert seinast i 1672 i det portugisarjødiske samfunnet i Amsterdam og som kom ut to gonger i vekka i alle fall i perioden frå 1675 til 1702, da det vart nedlagt. Initiativtakar og redaktør var skribenten og boktrykkjaren David de Castro Tartaas. Tidsskriftet vart blant anna distribuert i Spania og Portugal, og eksplisitt jødiske emne vart unngått for ikkje å sette lesarane der i fare.   Les meir …
Abigail Rebecca Samuda (f. 24. april 1810, d. 2. april 1907 i Heathcroft i London), oftast omtala som A.R. Samuda, Abigail Samuda eller berre Miss Samuda, vart fødd som eldste barnet ått Simha (Joy) de Hananel Lopes Pereira alias Aguilar og Ost- og Vestindia-handlaren Abraham de Samuda. Abigail var ein ivrig kunstmålar. Ho tala fire språk flytande og etterlet seg kring 30 manuskript med omsettingar til engelsk, inkludert dei fleste verka av Heinrich Zschokke, som ho sette særleg høgt. Ho skreiv fleire dikt som vart tonsett av Emanuel Aguilar og andre. Ho dødde den 2. april 1907 i Heathcroft i London, i huset til sin gode ven og svigerson Jose de Sola Pinto, far ått litteraturvitaren Vivian de Sola Pinto.   Les meir …
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore dreven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les meir …
Bevis0007 s.jpg
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701.   Les meir …
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske avisor fleire gonger i 1840-åra.   Les meir …

Populære sidor

  1. Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1652-1842) (vist g.)
  2. Den første esnogaen i København (vist g.)
  3. Gazeta de Amsterdam (vist g.)
  4. Portugisarjødar (vist g.)
  5. Portugisarjødiske tengamím (vist g.)
  6. Ladino (vist g.)
  7. Abigail Rebecca Samuda (vist g.)
  8. Abraham de Casseres (vist g.)
  9. Uriel Acosta (vist g.)
  10. Grace Aguilar (vist g.)
  11. Menasseh Ben Israel (vist g.)
  12. Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
  13. David Abraham Bueno de Mesquita (vist g.)
  14. Abraham Lopes Cardozo (vist g.)
  15. Emanuel Mendez da Costa (vist g.)
  16. Sigrid de Lemos (1883–1942) (vist g.)
  17. De Sola (vist g.)
  18. David Aaron de Sola (vist g.)
  19. Elias Moses Delbanco (vist g.)
  20. Den portugisiske Nakskauer Menighed (vist g.)
  21. Der Ritus der portugiesischen Synagoge. Hamburg, Oct. 1837. (vist g.)
  22. La Despedida (vist g.)
  23. Esnogaen i Creechurch Lane i London (vist g.)
  24. Ishac Aboab da Fonseca (vist g.)
  25. Moses Ruben Henriques (vist g.)
  26. Samuel Jessurun de Mesquita (vist g.)
  27. Adolph de Lemos (1848–1900) (vist g.)
  28. Isaac Lopez (vist g.)
  29. Joseph Mendes da Costa (vist g.)
  30. Saul Levi Morteira (vist g.)
  31. David Nieto (vist g.)
  32. Orden de las Bendiciones conforme el vso del K.K. de España. Añadido y dispuesto en mejor forma que las precedentes imprenciones. (vist g.)
  33. Pescado frito (vist g.)
  34. Camille Pissarro (vist g.)
  35. Johann Philipp Reis (vist g.)
  36. Rosinvin (vist g.)
  37. Gershom Mendes Seixas (vist g.)
  38. Baruch Spinoza (vist g.)
  39. Manoel Teixeira (vist g.)
  40. Trekornshatt (vist g.)
  41. Tribunal del Santo Oficio de la Inquisición (vist g.)
  42. Tribunal do Santo Ofício da Inquisição (vist g.)
  43. Vaflar (vist g.)
  44. Emanuel Aguilar (vist g.)
  45. Abraham Lopez (vist g.)
  46. Leon Lopez (vist g.)
  47. Moses Levi (vist g.)