Emne:Pitesamar

Frå Alnakka.net

URFOLK OG NASJONALE MINORITETAR • nyare minoritetar

SAMAR • finnar/kvener • romanifolk • sigøynarar • jødar

sørsamar • umesamar • pitesamar • lulesamar • nordsamar • enaresamar • austsamar

Pitesamar

Artiklar

C07882 Skeppsholmen timmerkaata.jpg
Ei tømmerkåte (sv. timmerkåta) er ein hovudsakleg skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sétt er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sétt 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogastongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanleg, men slik vi kjenner desse kåtone i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk lafta kåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dem av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. Tømmerkåtor er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland.   Les meir …
Israel Ruong (f. 26. mai 1903, d. 6. april 1986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførleg skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Fagleg sétt arbeidde Ruong elles med olike aspekt av samiske språk òg, og særleg med morfologien.   Les meir …

Eksterne pekarar
Populære sidor

  1. Muærrkejávvre (vist g.)
  2. Tømmerkåte (vist g.)
  3. Israel Ruong (vist g.)