Emne:Nordmør
SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika Austlandet • Agder • Vestlandet • MIDT-NORGE • Nord-Norge • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland Nordmør • Fosen • Uttrøndelag • Trondheim • Inntrøndelag • Namdalen |
Nordmør (utt. ["nɔɽmʌ:r] (Eide), ["nɷ:ɽmʌ:r] (Aure), ["nɷ:rmʌ:r] (Indre Nordmør), ["nɷ:rmø:r] (yngre ndm.)), i nyare tid oftare skreve Nordmøre, inkluderer den nordaustlegaste delen av Møre og Romsdal fylke og består av kommunane Gjemnes, Tingvoll, Averøy, Kristiansund, Sunndal, Surnadal, Smøla og Aure kommunar samt Eide i Hustad kommune i Møre og Romsdal fylke samt Heim og Rindal kommunar i Trøndelag fylke. Historisk sétt har òg dei nordaustligaste gardane i Hustad sokn så vel som Eidsøra i Nesset kommune og Vinje i Sør-Trøndelag haurt til Nordmør; og i mellomalderen heile Fosen futedømme. Størstedelen av Nordmør utgjer, i lag med Romsdal og Sunnmør, dei tre tidlegare futedømma (fogderia som utgjer Møre og Romsdal fylke. | |
Hallvard Ørsal (f. 22. desember 1876; d. 1. februar 1943) var ein spelmann frå Todalen i Stangvik i novarande Surnadal kommune på Nordmør. Hallvard spela tyskfele de første åra, men vart rådd til å gå over til hardingfele etter at mange meinte han vart orettferdig vurdert under landskappleiken i Kristiansund i 1905. Frå 1906 til 1924 bruka han mesta berre hardingfela, men med landskappleiken i Molde i 1924 vann han premie på vanleg fele, og han spela mykje på tyskfela att de siste par tiåra av livet sitt. Les meir …
David Glick (f. 4.10.1907 i Trondhjem; d. 22.01.1943 i Auschwitz) var ein asjkenazisk ekspeditør og transportarbeidar som vaks opp i Trondhjem. Han flytta til Sunndalsøra på Nordmør laurdagen den 6. september 1941 og arbeidde som transportassistent der fram til han vart arrestert av nazistane den 27. oktober 1942. Den 26. november vart han deportert med fangeskipet Donau og sendt til Auschwitz, der han vart drepen den 22. januar 1943. Les meir … Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (1883–1942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Kristiansund Sykehus (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd den 20. juni 1883 i Karlstad i Värmland i 1883 av föreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gikk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Kristiansund Sykehus. Les meir … Daniel Hagerup (1876–1955) var ein treskjerar og bildehoggar frå Smøla på Nordmør. Daniel vart fødd den 24. mars 1876 i Grønvika på Smøla som nummer fire av fem born av gardbrukar og smed Eilert Hagerup Eriksen Nastad og Guri Severine Danielsdt. Kulø. Daniel gifta seg med Anna G. Øvrevik (f. 20. april 1878 (el. 1879?)) frå Innersetra på Tustna. De budde på Sjåheim under Gullstein på Tustna i perioden 1918–1937. Les meir …
Edøya er ei 7,5 km² stor øy i Smøla kommune på Nordmør. Det ligg to matrikkelgardar på øya, Edøy (gnr. 13) og Kyrhaug (gnr. 12). Edøya, som ligg strategisk til ved inngangen til Trondheimsleia (tidlegare kalla Skeida), var stormannssete i mellomalderen og gav namn til det sørlige halvfylket av det gamle Norðmǿrafylki, etterkvart kjent som Edøy len. Edøy len vart vidareført i Nordmørs futedømme, som i sin tur i hovudtrekk svarar til de elleve nordmørskommunane i vår tid. Øya er blant anna kjent for Edøy gamle kirkje, ei steinkirkje som vart bygd kring 1190 — opprinnelig truleg som gardskapell. I nyare tid har øya gjeve namn til Edøy prestegjeld, som vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749, og Edøy formannsskapsdistrikt. Les meir …
Kyrhaug (trad. uttale /"cørʌu/ (Edøya) el. /"çy:rʌu/ (Tustna), ofte skreve Tyrhaug, er ein matrikkelgard og ei grend på Edøya i Smøla kommune på Nordmør. Den mest pålitelige skrivemåten vi kjenner til i eldre skrifter er Kyrhofuit/Kirhofuit, som vi finn i P. Claussøn Friis (1545–1614) sine skrifter; namnet er eigentlig Kyrhaud, av norr. *Kýrhǫfuð (‘kuhaud’). Skrivemåten med t-, som finst belagt frå sist på 1500-talet og framover, kjem av at namnet har vorte tolka som tyr + haug: Tørhogh (1590), Thiurhoug (1643), Tyrhoug (1667). Les meir …
Edøy gamle kirkje, tidlegare kjent som Edøykirkja (IPA ["e:dʌyçer̥çɔ] (NA) / ["e:dʌyçer̥çoɲ:] ~ ["e:dʌyçer̥çɑɲ:] (D)), er ei steinkirkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommune på Nordmør. Eit skriv frå 1695 nemner at kirkja vart förlenga med sju alen. Kirkja vart nerlagt i 1885, da nykirkja på Straumen stod ferdig, og ho brann etter at lynet slo ner i ho fredag den 14. januar 1887. Alt treverk og interiør anna enn altartavla og nån få andre gjenstandar gikk tapt. Altartavla vart øydelagt under den tyske bombinga av Kristiansund i 1940. Kirkjeruinane vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1947 vart kirkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart attinnvigd søndag den 4. juni 1950. Les meir …
Nordmørsavisa vart etablert torsdagen den 5. mai 2011 som ei reklamefinansiert gratisavis for Nordmør. Redaktør var Charles Williamsen, og eigarane var Charles Williamsen og Geir-Ove Olsen, og i tillegg Arild Rogne, som elles var dagleg ledar og medeigar i Avisa Romsdal. Ved oppstarten kom avisa ut éin gong i månaden i eit opplag på 21 000. Dei fleste avisone gikk i fulldistribusjon til husstandane i åtte av dei elleve nordmørskommunane. (Kommunane som ikkje var inkludert er Sunndal, Surnadal og Rindal.) Dei resterande avisone vart lagt ut på ymse møteplassar kring på Nordmør. Det foreløpig siste nummeret kom ut i desember 2013. Les meir …
Vinjefjorden er ein smal og lang fjord som, i snevrare tyding, strekkjer seg frå Heim kommune i Fosen til Aursundet og Valsøyfjorden i Aure og Halsa kommunar på Nordmør. Europaveg 39 går langs heile sørsida av fjorden, medan Fylkesveg 359 går langs deler av nordsida. Vinjefjorden strekkjer seg offisielt frå Vinjeøra i aust og heilt til Talgsjøen i vest, men på grunn av sunda Aursundet, Imarsundet og Solåsundet i nord og sidefjordane Valsøyfjorden, Skålvikfjorden og Halsafjorden i sør, blir han stundom berre rekna for å strekkje seg til Aursundet. Korsnesfjorden er namnet på fjorden sørom Stabblandet, medan Arasvikfjorden ligg på sørsida av Ertvågsøya. Les meir … Trondheimsleia er havområdet mellom Smøla og Aure kommunar på Nordmør og mellom Hitra kommune og kommunane Hemne, Snillfjord og Agdenes i Fosen. Trondheimsleia strekkjer seg 94 km nordaustover frå nordsida av Tustna i sørvest til innløpet til Trondheimsfjorden ved Agdenes i nordaust. Den delen av Trondheimsleia som ligg sørom Smøla blir òg kalla Edøyfjorden. Mellom Smøla og Hitra går Ramsøyfjorden sørover til Trondheimsleia, og herifrå går leia inn i Fosen. Av bygder og tettstader langs leia finn vi Leirå på Tustna, Tjeldbergodden i Aure, Sandstad og Grindvika på Hitra, og Vassbygda. Hurtigruta og Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim trafikkerer Trondheimsleia på langs. I tillegg kryssar fleire ferjerutor leia. Leia er veldig djup, opptil 250 meter på det djupaste, noko som skapte problem da Hitratunnelen vart prosjektert. Mellom Jøstenøya på Hitra og Hemnskjela i Snillfjord vart det funne ein terskel som «berre» var 185 meter djup, og her vart tunnelen til slutt bygd med det lågaste punktet på 264 meter. Les meir …
|
|