Emne:Kystkultur

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

Pause i arbeidet på fiskberga ved InnersetraTustnaNordmør kring 1950.

Kystkultur er eit omgrep som blir bruka om sjyfart, sjybruk, landbruk ved sjyen og andre typar menneskelig aktivitet ved kysten. Her på emnesida for kystkultur ligg hovudvekta foreløpig på kulturen på Nordmør, men med tida skal det i tillegg bli lagt vekt på andre deler av kysten i Norge og elles i Skandinavia og nærområda. Etter kvart kjem det stoff om historia til minoritetsgruppor som reisande, sjysamar, portugisarjødar og asjkenazím. Tema innaför kvar kultur inkluderer naturbruk, arkitektur, farkostar, språk, litteratur og musikk.

Kysten er plassen der land og hav møtest, og ein viktig del av kystkulturen er sjølvsagt å ta vare på balansen i miljøet.

Utvelte artiklar

Thymallus thymallus by Christian Maier.jpg
Harr (Thymallus spp.; nyn./bm./sv. harr; nyn. horr; da. stalling; sørsam. haerrie; pites./lules. hár’re -rr-; n.sam. hárri/soavvil; enares. suávvil; fi. harjus/harri) er ein ferskvassfisk av laksfamilien som har ein karakteristisk, høg ryggfinne. Den europeiske harren (Thymallus thymallus) hører heime i den palearktiske klimasonen og er vanlig mange plassar i Nord-Europa — frå Dei britiske øyane og Frankrike i vest til dei russiske Uralfjella i aust. Han er vanlig i Nord-Norge og Norrland. Lenger sør finst han i enkelte vassdrag i Midt-Norge og på Austlandet (inkl. Glåma) så vel som i Svealand og i Götaland sørover til elva Lagan i Småland. I Skandinavia blir harren opp til kring 60 cm lang og 3,5 kilo.   Les meir …
Jappe Ippes (ca 16551720) var ein frisiskfødd tømmerhandlar frå Trondhjem (no Trondheim) som slo seg ner i Linvågen på Tustna mot slutten av 1680-åra. Den 11. august 1691 fikk han kongelig bevilling för å drive kleppfisktørking i området med 10 års monopol og för å drive direkte eksport frå Fosna (det novarande Kristiansund). Han sette i gang kleppfisktørking i stor målestokk, og i 1699 vart det utskipa 175 tonn kleppfisk frå Fosna.   Les meir …
Klippfisk.jpg
Kleppfisk (bm. klippfisk, sv. klippfisk/kabeljo, da. klipfisk) er salta og törka fisk av torskefamilien. Det mest tradisjonelle fiskeslaget er torsk, men hyse (kolje), lange, brosme og sei blir òg bruka. Kleppfisk er eit langt meir föredla produkt enn törrfisk: Törrfisken er ikkje salta og blir hengt på hjell til törking; medan kleppfisken er gjenomsalta, flattörka og pressa fisk. Tradisjonelt har kleppfisken vorte törka på kleppar (reinflekte svaberg), men i nyare tid har det vorte vanligare å törke kleppfisken i innadörs törkeanlegg.   Les meir …
10929cr krumstemning - aattring.jpg
Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanlig fram til tidlig på 1800-talet, före dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og oftast utan overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentlig lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet.   Les meir …
Ei nautisk mil (= 1 bogaminutt), forkorta nm, tidligare òg kalla kvartmil, er eit lengdemål som blir bruka til sjøs, i lufta og i meteorologi. Ei nautisk mil er 1 852 meter, som òg er omtrentlig lengd på eit breiddeminutt.Ei nautisk mil blir underdelt i ti kabellengder på 185,2 meter. I tidligare tider svara ei nautisk mil, òg kalla kvartmil, til ¼ sjømil.   Les meir …
Seglande nordlandsbaatar.jpg
Nordlandsbåt viser til opne båtar av ymse størrelsar som tradisjonelt har vorte bygd i Nordland og Troms. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl. Den eldre typen nordlandsbåt blir kalla krumstemning, ettersom han har relativt runde stamnar. Ein nordlandsbåt av den nye typeen som vart gradvis utvikla frå kring 1800 og fram til kring 1860, har rette og høge stamnar som står mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog.   Les meir …
Oktant.jpg
Ein oktant (frå lat. octans, ‘⅛ av ein sirkel’) eller ein reflekterande kvadrant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem av at sjølve bogan på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til at instrumentet brukar spegel för å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Andre historiske namn inkluderer astroskop og sjykvadrant. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rollen som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hade havt tidligare.   Les meir …
Peder Clauſſøn (Friis): «Beſkriffuelſe. Om Siøfinnerne i beſynderlighed.»
  Siøfinnerne boe altid ved Fiørde / der ſom Fyrreſkouff oc Granneskouff nock ere / paa det de kunde hafue Brænde / Ved oc Tømmer til at bygge Skib aff / oc boe de udi ſmaa Huſe oc Hytter / huilcke halff parten ere i Jorden / dog ſomme hafue ſkiøne Huus oc Stufuer / oc naar de hafue udhugget Skoufuene paa et ſted / ſaa drage de fra deris Hus / oc til en anden Fiord / ſom ſkouff er / oc boe der / oc gifue til Kongen en liden rettighed om Aaret for ſamme Skoufue oc Vaaning / oc de bevare ſig intet met Jorden at forarbeide / derfor ſkeer det ſommeſteds ſønder i Nordland / at der ſom Finden drager fra / oc hafuer affhugget Skoufuen / der drage Norsk Folck til igien / oc pløye oc ſaae / oc giøre der ſkiønne Jorder aff. De hafue ſynderlig gaffn aff deris Skibbygning / fordi de ere gode Tømmermænd / oc bygge alle Nordfar Jacter oc Skibe hiemme hos dennem ſielfue ...   Les meir …
Statsraad Lehmkuhl in Oslo 7jun2005.jpg
SS «Statsraad Lehmkuhl» er Bergen sitt skuleskip. Seglskipet vart bygd av Joh.C. Tecklenborg i Geestemünde i Bremerhaven i 1914 under namnet «Grossherzog Friedrich August» som skuleskip för den tyske handelsfloten. Etter første verdskrigen vart skipet teke av Storbritannia som krigserstatning. I 1921 vart skipet kjøpt av Norges Rederforbund på initiativ frå tidligare statsråd Kristofer Lehmkuhl. Skipet vart da oppkalla etter Lehmkuhl.   Les meir …
Skaarungen.jpeg
Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste plassen der dessa båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmør gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. De störste båtane kan ha eit toppsegl òg.   Les meir …


Pekarar

Innhald (utval)

SJØBRUK OG SKIPSFART

EVENTYR og SEGNER:

MUSIKK

Personlige verkty