Emne:Jødedom
Frå Alnakka.net
|
BAHA’I • ISLAM • JØDEDOM • ROMANIFOLK • SAMAR • SIKHISME • KYSTKULTUR • LANDBRUK |
|
JØDEDOM • KASJRUT • ESNOGAS • HØGTIDER |
|
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. (Okjent fotograf, tidleg i 1920-åra) Jødedommen er den religiøse kulturen til det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia ått jødedommen danar òg ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islām (med dei to utleda religionane bahá’í og sikhisme). Den hebraiske bibelen, Tenákh, er såleis òg helig skrift för dei kristne og blir kalla Det gamle testamentet av dem. Over dei siste kring 2 500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter nån enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i dét har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rekkje religiøse prinsipp. Det mest sentrale av dem er trua på éin enkelt, allvetande transcendent Gud som skapte universet og fortsett å spela ein rolle i det. Etter jødisk tru inngikk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine ått dem gjenom Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga av dei her lovane og boda slik dei blir tolka av dei olike antikke og moderne autoritetane. Les meir ... Det religiøst-politiske rammeverketför artiklane om jødedommen her på Alnakka.net er tradisjonell sefardisk rabbinsk jødedom, inkludert tradisjonell-egalitær jødedom. Heilt generelle tingfinn du her. Sjå gjenom ordlista eller søk i søkjefeltet til venstre om du er ute etter å finne éin spesiell ting. Uttale: Kh blir uttala med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach. Har du problem med skrifttekna finn du tips om installering av oppdaterte fontar og liknande her. Dagen i dag
| |||||||||||||||||||||||
|
Heinsheim am Neckar er ein landsby som sidan 1972 har sortert som bydel under Bad Rappenau nordvest for Heilbronn i Baden-Württemberg. Det første vi veit om det jødiske samfunnet i Heinsheim er at Den tyske ordenen lét jødar busette seg i Heinsheim frå 1500-talet av. Den første jøden vi veit om i landsbyen var Jud Simon von Heinsheim i 1563. Den jødiske busettinga var på sitt høgaste i 1838, da det budde 118 jødar der. Les meir …
Regina Jonas (1902–1944) var ein rabbinar frå Berlin i Tyskland. Ho var den første kvinna vi veit om i europeisk og nordamerikansk historie som studerte til rabbinar, fikk semikhá som rabbinar og gjorde sosialt, teologisk og religiøst arbeid som rabbinar. Regina Jonas vart fødd i Berlin den 3. august 1902. Far hennar dødde da ho var svært ung. Som mange kvinnor på si tid begynte ho på ei karriere som lærar, men ho kjente at noko mangla. Ho begynte å studere ved Hochschule für die Wissenschaft des Judentums i Berlin og tok seminariekurs för liberale rabbinarar og lærarar. Der oppnådde ho ein akademisk grad som «akademisk religionslærar». Med målet å bli rabbinar, skreiv Regina Jonas ei avhandling som svara til kravet for ordinasjon. Emnet hennar var Kan ei kvinne vara rabbinar etter halakhiske kjeldor? Les meir …
Der Türkische Tempel (hty.), eller Det tyrkiske tempelet, låg i Zirkusgasse 22 i 2. Wiener Gemeindebezirk Leopoldstadt. Han vart oppført i 1885–1887 i nymaurisk stil etter tekningar av arkitekten Hugo von Wiedenfeld og innvigd i 1888. Der Türkische Tempel var esnogaen för det sefardiske samfunnet i Wien fram til han vart rasert av austerrikske pøblar under Krystallnatta den 9. november 1938. Les meir …
The Society for the Advancement of Judaism er ein synagoge og jødisk organisasjon på Upper West Side av Manhattan i New York City. SAJ vart grunnlagt i 1922 av rabbinar Mordecai M. Kaplan, grunnleggaren av rekonstruksjonistisk jødedom. Moshe Nathanson, komponisten av «Hava Nagilah», var kantor da Kaplan var rabbinar der. Den første bat miṣvá-feiringa i USA fann stad i SAJ på sjabbát-morgonen den 18. mars 1922, för Judith Kaplan, dotter ått rabbinar Mordecai Kaplan. Les meir …
Her kjem etterkvart ei vekkosvis spalte med vekkoavsnittet av Tenákh (Bibelen). Inntil vidare følgjer ikkje spalta vekkone, sidan fleirtalet av vekkoavsnitta ikkje er klare enno. Eit eksempel på vekkoavsnitt: Parasjàt EmórTorá(Vajjikrá (3. mos.) 21:1–24:9) I parasjàt Emór hører vi om reinheitsförskriftene för kohaním. Vi hører òg om kva för dyr som kan ofrast og om korleis ein skal halde dem under oppsyn i ei vekka före dei blir ofra, slik at ein veit at dei er lytefrie. I bolken om helgedagsförskriftene les vi om sjabbát, om pesaḥ, om sefiràt hangómer (kornbandtelinga), om sjabungót, og om helgedagane i den sjuande månaden (rosj hasjaná, kippúr og sukkót). Vi les så om ner tamíd (det evige ljøset i Tempelet) og om sjabbátofferet med dei tolv skodebrøda. Den siste delen av parasjàt Emór handlar om avstraffing för brottsverka blasfemi, drap og dyremishandling. Haftará(Jeḥezkél (Ezekiel) 44:15–31)
Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitron på norsk, er ei veldig aromatisk, sitronliknande frukt i sitrusfamilien. Etróg er eitt av slaga i arbangá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøttet) bruka til å laga sukatar. I tidligare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme för kledor. Les meir …
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat. Les meir … Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi. Les meir …
Ein autodafé (gjenom pt. auto-da-fé frå lat. actus de fide) var den avsluttande, offentlige delen av ei rettssak mot mistenkte kjettarar, inkludert mistenkte kryptojødar, utført av Den spanske inkvisisjonen (1481–1834) og Den portugisiske inkvisisjonen (1536–1821). Under autodaféen vart de tiltalte enten dømt eller frikjent, og de dømte vart ofte avstraffa på staden. Les meir …
Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdaning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963). Les meir …
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat. Les meir …
|
| ||||||||||||||||||||||