Emne:Austlandet

Frå Alnakka.net

SKANDINAVIA • Europa • Afrika • Midtausten • Sentral-Asia • Sør-Asia • Aust-Asia & Oseania • Amerika

AUSTLANDET • Agder • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge • Norrland • Jämtland • Svealand • Götaland • Skåne • Danmark • Færøyane • Island • Finland

Søraustlandet • Oslo • Østerdalen • Gudbrandsdalen • Valdres og Hallingdal • Numedal og Telemark

Austlandet

Artiklar

Tom Tofteberg (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg vart fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert i lag med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tisdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård.   Les meir …
Sverre Ludvig Laumb Jensen (fødd 1944) er ein musikar og handverkar frå Oslo. Han er bl.a. kjent for arbeidet sitt med nybygging av eldre norske folkemusikkinstrument, arbeidet sitt med mellomaldermusikk og arbeidet sitt med den andalusiske musikk- og dansesjangeren flamenco. Sverre Jensen er gift med dansaren og koreografen Gloria Riveros Giménez, født i Paraguay.   Les meir …
Kristian Østberg (f. 8. november 1867, d. 21. februar 1942) var ein norsk jurist, høgskuledosent, folkeminnesamlar og statsstipendiat som særleg er kjent for verket Norsk bonderet. Østberg vart fødd den 8. november 1867 i Grue kommune som bondeson. Han gikk på underoffisersskule 1885–89 og var sersjant i Kristiania linjebataljon 1889–95. Samtidig tok han eksamen på Asker Seminar i 1892, og 1892-1904 var han lærar i Brevik, Trondheim og Kristiania. Samtidig med læraryrket studerte han, tok artium i 1900 og vart cand.jur. i 1905. 1906–1908 studerte han vidare i København, Berlin, Würzburg og München. Frå 1909 til 1918 arbeidde han i Statsrevisjonen, og etter det vart han tilsett som høgskuledosent i rettslære og nasjonaløkonomi ved NLHÅs. Kristian Østberg var særleg interessert i folkloristikk. Alt i 1901 fikk han det første stipendet sitt frå Universitetet for å samle folkeminne frå Finnskogen. Frå 1903 reiste han årleg rundt i landet for å dokumentere folkeleg sedvanerett og bonderettsleg tradisjonsmateriale.   Les meir …
Margarida Ponte Ferreira (f. 1946) er ein portugisisk-norsk forskar og forfattar. Ho har først og fremst skreve faglitteratur, og da særleg rapportar for Norsk utenrikspolitisk institutt, men ho har òg gjeve ut tre romanar under namnet Margarida Utne. Maria Margarida Morais Da Ponte Ferreira vart fødd i 1946 i Lisboa i Portugal ått foreldra Maria Manuela Morais da Ponte og Manuel Soares Ferreira. Ho vaks opp først på Azorane og seinare i byen Beira i Moçambique. Ho tok eksamen ved Instituto Superior de Ciências Económicas e Financeiras i Lisboa i 1969 og arbeidde i fleire år i den portugisiske administrasjonen.   Les meir …
Jan-Magnus Bruheim (f. 15. februar 1914 i Skjåk; d. 10. august 1988) var ein forfattar og diktar. Etter endt skulegang arbeidde han på gard nån år føre han begynte som lærar i Vågå i 1957. Skulesentraliseringa på 1960-talet førte til at han slutta i skuleverket, men han fortsette med å drive opplysningsarbeid i fleire år og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing. Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vara ein konvensjonell sentrallyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar.   Les meir …
Olav Aukrust (fødd 21. januar 1883, død 3. november 1929 var ein lyrikar og diktar frå Lom kommune i Gudbrandsdalen i Oppland fylke. Han skreiv på sitt eige nynorsknære talemål. Aukrust bruka gjerne lokalområdet som inspirasjon for dei nasjonalromantiske dikta sine.   Les meir …
Wergeland.jpg
Henrik Arnold Wergeland (17. juni 180812. juli 1845) var ein norsk diktar. Wergeland bidrog til å utvikle mykje av den norske nasjonalkjensla og blir gjerne òg rekna som ein av de største norske lyrikarane gjenom tidene. Han er først og fremst kjent som ein romantisk diktar. Wergeland var son av politikaren og teologen Nicolai Wergeland og kona Alethe Dorothea Wergeland, fødd Thaulow. Namnet Henrik fikk han etter morfaren Henrik Arnold Thaulow som var byskrivar i Kristiansand. Familien flytta frå Kristiansand til Eidsvoll da Henrik var 9 år gammel.   Les meir …
Olav Sletto (fødd 21. juni 1886 i Hol; død 24. oktober 1963) var ein forfattar frå Hallingdal. Mor ått Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammel og ogift da han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vara Bjørnstjerne Bjørnson, men det har vorte avvist av lokalhistorikarar. Han vaks opp med besteforeldra på Sletto i Hol og gikk folkehøgskule på Voss 190203 følgt av lærarskule på Notodden. Fram til han vart lærar ved Buskerud FolkehøgskoleFiskum i 1917, livnærte han seg ved ymse lærarjobbar kombinert med føredragsreisor. Sletto debuterte i 1908 med romanen Dei gamle. Han blir særleg hugsa for den mytologiske syklusen om Loke (191518), dei historiske romanane sine frå kirkjehistoria (192024), den historiske romansyklusen Soga om Røgnaldfolket (194346) så vel som for Per-bøkerne (Per Spegil (1939), Per Sjøl (1940), Per Stavlang (1941) og Per Spelmann (1942)).   Les meir …
Joergen Moe.jpg
Jørgen Moe (f. 22. april 1813 i HoleRingerike; d. 27. mars 1882) var ein norsk biskop og eventyrsamlar. Han er mest kjent för Asbjørnsen og Moe sine Norske folkeeventyr. Han er mest kjent som den eine halvdelen av Asbjørnsen og Moe, namneparet som er vorte eit synonym för bokverket Norske folkeeventyr. Det var i ungdommen Moe vart kjent med Peter Christen Asbjørnsen, og de to reiste kring og skreiv ner folkeeventyr folk förtelte ått dem.   Les meir …
Kjell Aukrust (f. 19. mars 1920; d. 24. desember 2002) var ein teknar og forfattar frå Alvdal i Østerdalen. Kjell Aukrust vart fødd den 19. mars 1920 i Alvdal som son ått Lars Olsen Aukrust, bror ått Odd Aukrust og nevø ått Olav Aukrust. Han var utdana frå Kunst- og handverksskulen. Etter andre verdskrigen arbeidde han som avisteknar i Vårt Land ei stund, og han vart snart etablert som ein særprega yrkesteknar. Kjell Aukrust debuterte med Simen i 1958, og sidan den gong har det vorte ei rekkje bokutgjevingar. Fleire av bøkerne hans har vorte filmatisert med stor suksess. Filmen Flåklypa Grand Prix er den største suksessen i norsk filmhistorie og vart omsett til mange språk.   Les meir …

Populære sidor

  1. Synagogen i Østre Elvebakke i Kristiania (vist g.)
  2. Synagogen i Osterhausgaden i Kristiania (vist g.)
  3. Synagogen i Calmeyergaten i Kristiania (vist g.)
  4. Shaul Wilhelm (vist g.)
  5. Lynn Feinberg (vist g.)
  6. Matias Skard (vist g.)
  7. Joav Melchior (vist g.)
  8. Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (vist g.)
  9. Theo Koritzinsky (vist g.)
  10. Sverre Jensen (f. 1944) (vist g.)
  11. Olav Aukrust (vist g.)
  12. Margarida Ponte Ferreira (vist g.)
  13. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  14. Michael Melchior (vist g.)
  15. Finn-Erik Vinje (vist g.)
  16. Tom Tofteberg (vist g.)
  17. Halldis Moren Vesaas (vist g.)
  18. Christopher Hansteen (vist g.)
  19. Aslaug Vaa (vist g.)
  20. Lavleen Kaur (vist g.)
  21. Aasmund Olavsson Vinje (vist g.)
  22. Jørgen Moe (vist g.)
  23. Adolph de Lemos (1848–1900) (vist g.)
  24. Sigurd Einbu (vist g.)
  25. Sigrid de Lemos (1883–1942) (vist g.)
  26. Kristian Østberg (vist g.)
  27. Olav Sletto (vist g.)
  28. Kjell Aukrust (vist g.)
  29. Jan-Magnus Bruheim (vist g.)
  30. Tore Ørjasæter (vist g.)
  31. Henrik Wergeland (vist g.)
  32. Peter Christen Asbjørnsen (vist g.)