Ella Holm Bull

Frå Alnakka.net

Ella Holm Bull, f. Joma (f. 12. oktober 1929, d. 21. september 2006), var ein sørsamisk lærar og forfattar som var kjent för arbeidet sitt med sørsamisk rettskriving, lærebøker og barnebøker. Ho vart fødd den 12. oktober 1929 i Snåsa kommune. Ho arbeidde mange år ved sameskulen i Snåsa. I lag med Knut Bergsland utarbeidde ho Bergsland-Bull-rettskrivinga, som har vore standardortografien för sørsamisk språk sidan ho vart etablert i 1974. I 1976 fikk ho «Kultur- og kirkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur» för omsettinga av bildeboka Jakob og Joakim til sørsamisk. I 1982 mottok ho den aller første Nord-Trøndelag fylkes kulturpris, og i 1996 fikk ho Samerådets ærepris. I 2004 fikk ho Gollegiella-prisen — den første nordiske samiske språkprisen. Rett före ho dødde hadde ho vorte engasjert til å skrive Den samiske historien i Røyrvik og omegn med tilskott frå fylkestinget i Nord-Trøndelag. Ella Holm Bull dødde i Snåsa den 21. september 2006.

Bibliografi

  • 1974 - Lohkede Saemien (sørsamisk lesebok, samen med Knut Bergsland)
  • 1984 - Brorke
  • 1984 - Tsååbpe-niejlen jih Tsååbpe-baernien bijre
  • 1984 - Suhtjegh
  • 1985 - Ovmese veareldh
  • 1985 - ny utgåve av Saemien lohkeme-gærja av Knut Bergsland, Gustav Hasselbrink (1985). Første utgåva kom i 1957.
  • 1984– - serien Åarjel-saemien, sørsamisk for småskulen (seks band med arbeidshefte, Davvi Girji forlag, 1984-)
  • 1989 - Manne joe maahtam lohkedh
  • 1996 - Jielije saemien
  • 2000 - Ov-messie darjomes
  • 2001 - Dejpeladtje muvhth vätnoeh jih vuekieh

Diskografi

Ella Holm Bull gav ut to plator på Iđut plateselskap:

  • 1996 - Jåvle-Laavlomh med julesanger og bidrag fra Jonhild Jåma. Notehefte: ISBN 82-7601-023-7
  • 1997 - Laavlomh-Maanide med barnesanger og hjelp fra bl.a. Frode Fjellheim. Notehefte: ISBN 82-7601-038-5


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ella Holm Bull» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.