Drakestil

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Frognerseteren restaurant.
Foto:J.P. Fagerback

Drakestil (nyn./bm. drakestil, sv. drakstil, bm./da. dragestil, òg kalla fornnordisk stil eller fornnordismsvensk, oppstod på andre halvdel av 1800-talet og var særlig utbreidd i perioden 18801910. Drakestilen blir ofte omtala som ei særnorsk utgåve av sveitserstilen, men stilen er eigentlig akkurat like typisk svensk som norsk, og han er ikkje berre knytt til sveitserstilen, men òg til nygotikken og jugendstilen i deler av historia si. I Norge har drakestilen blant anna røter i nasjonalromantikken og J.C. Dahl sitt arbeid for å bevara stavkirkjone. På denna tida vart òg Tuneskipet, Gokstadskipet og Osebergskipet utgrovne. Drakestilen blir gjerne sett som eit naturlig sluttpunkt i den tilbakeskuande stilutviklinga1800-talet.

Innhaldsliste

Bakgrunn

Drakestilen har havt mest å seie for trearkitekturen. Inspirasjonen kom frå stavkirkjor og ornamentikken i dem, frå illustrert arkeologisk litteratur, og ikkje minst frå Dietrichsons bok om stavkirkjone. Arkitektane gjenomførte eigne studium òg. De gikk ikkje ut frå ei spesifikk stavkirkje eller ein spesifikk portal, men Urnes stavkirkje og Borgund stavkirkje spela ein sentral rolle. Motiva med rankor og drakar vart laga fritt etter fantasien. De plasserte gjerne drakehaud på gavlspissar etter forbilde frå mange av stavkirkjone. De henta bygningsformer frå gardsbygningane i innlandsbygdene òg — særlig frå loft, stabbur og svalgangshus.

I tillegg tok stilen opp trekk frå sveitserstilen, slik som høg grunnmur, ofte i naturstein, asymmetrisk grunnplan og bruk av motiv på svala og gavlen. Konstruksjonen var ei blanding av lafteverk og stavverk.

Viktige monument er Frognerseteren restaurant frå 1890 og Holmenkollen Turisthotell som vart bygd i 1889, men som brann i 1895. Begge var tekna av arkitekt Holm Munthe.

Tidlig på 1900-talet kom det ein reaksjon mot drakestilen blant arkitektar, og stilen gikk snart av moten. Nokre arkitektar som arbeidde innaför jugendstilen tok opp element frå ornamentikken i drakestilen. Arkitekt Henrik Bull inkorporerte drakestilornament i den norske regjeringsbygninga frå 1904.

Historie

Vi kan dele inn drakestilen i to fasar.

Fil:Villabalderslund.jpg
Villa Balderslund i Balestrand, bygd 1907.
Fil:Dalen hotell in Tokke.jpg
Dalen hotell i Tokke.

Den første fasen

Drakestilen oppstod kring 1870 i Sverige, der han oftast blir kalla fornnordisk stil, men stundom fornnordism eller drakstil òg. Etter 1880 vart stilen teken i bruk av norske arkitektar med tilknytning til nasjonalromantikken. Den fremste arkitekten er Holm Hansen Munthe, som kom heim frå studium i Tyskland under Hase i 1878. Han hade et bevisst forhold til trearkitekturen, og i løpet av de neste femten åra skapte han drakestilen som arkitektonisk stilbegrep i Norge. Sentrale bygningar er: Holmenkollen Turisthotell og Sanatorium, som vart bygd i 1889, men som brann i 1895; restauranten på Frognerseteren, oppført 1890 og påbygd i 1895; og restauranten på St. Hanshaugen, bygd i 1891. Den tyske keisar Wilhelm II vart så begeistra för bygningane til Holm Munthe under norgesbesøket sitt i 1900 at han let arkitekten tekne eitt jaktslott med stavkirkjeinspirert kapell i Rominten i det davarande Aust-Preussen for seg, så vel som Matrosenstation Kongsnæs i Potsdam.

Bygningane vart tilpassa terrenget og fikk mindre høgd enn typiske sveitserstil-hus. Eit karakteristisk trekk var eit sterkt oregelmessig og variert grunnplan. Arktiektane var òg opptekne av at materialane skulle vera ekte, så de bruka soklar av naturstein og føretrekte ofte å tjørobre dem utvendig og fernissere dem innvendig, slik at strukturen i trevirket vart eksponert.

Bygningane hade gjerne svalgangar med rundboga dvergarkadar, framspringande overetasjar og låge gavlar. Gavlane kunne vara dekorert med nygotiske eller sveitsisk inspirerte detaljar, og de kunne stikke langt utom vegglivet, slik som på mange av sveitserstil-bygningane. Bygningane vart utsmykka med drakar og romanske rankor òg. Det vart gjort bevisste forsøk på å finne fram til eit norsk stiluttrykk. Denna første fasen var fantasifull, nasjonal og orasjonell. Han varte til kring 1905.

Den andre fasen

Den andre fasen blir rekna frå kring 1900 til 1915. Han er mindre fantasiprega og har stilistisk förbindelse med jugendstilen. Avslutninga av drakestilen fell samen med utgangen av den andre fasen, da arkitektane gikk bort frå stilen. Men i meir folkelig byggjeskikk vart drakestilsprega hus oppført fleire plassar i landet heilt til langt opp i mellomkrigstida.

Karakteristiske kjennetekn

  • Okledde tømmervegger — på denna måten vart element frå den gamle skandinaviske laftetradisjonen opptekne.
  • Dekor frå stavkirkjone og vikingtida i form av blant anna drakehaud.
  • Ofte bratte tak og store takutstikk — eit trekk som var felles med sveitserstilen.

Pekarar

Litteratur

  • Tschudi-Madsen, Stephan: «Veien hjem, Norsk arkitektur 1870–1914» i Norges kunsthistorie bind 5 s.7–108 Oslo 1981 ISBN 82-05-12269-5
  • Tschudi-Madsen, Stephan: «Dragestilen» i Honnør til en hånet stil s.19—45, Oslo 1993 ISBN 82-03-22009-6
  • Tschudi-Madsen, Stephan: «Vandringer på en utstilling og i en jaktvilla» i Honnør til en hånet stil s.99—110, Oslo 1993 ISBN 82-03-22009-6

Sjå òg


GNU-logoen Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Dragestil» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til den her versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.
Personlige verkty