Det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg

Frå Alnakka.net
Hopp til navigering Hopp til søk
Fasade av esnogaen frå 1855.

Det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg eller Det sefardiske samfunnet i Hamborg eksisterte frå først på 1600-talet til samfunnet vart utsletta av nazistane under andre verdskrigen.

Begynnelsen

Dei første kjente jødiske busettarane i Hamborg var portugisiske kryptojødar som hadde flykta frå Portugal under Filip II og Filip III av Portugal og som til å begynna med skjulte religionen sin på den nye bustaden. I 1603 klaga oldermennene til Senatet i Hamborg over den aukande innflytelsen frå portugisarjødar. Senatet spurde de teologiske fakulteta i Jena og Frankfurt an der Oder om råd i saka, og i 1612 vart de etter lange förhandlingar einige om at jødane skulle bli godtekne i byen som frammunde mot at de betalte ein særskilt verneskatt — men samtidig vart det bestemt at de ikkje skulle ha rett til offentlig gudstjeneste. Etter ein «rolla» (ei liste) frå denna tida telte det portugisarjødiske samfunnet 125 vaksne i tillegg til tjenarar og born. Frå 1611 hadde det portugisarjødiske samfunnet ein gravlund i Altona som var i bruk fram til 1871. I 1617 fikk dei rett til å vele fire innsvorne meklarar frå sitt eige folk, og seinare vart dette talet auka til femten.

1600-talet

Desse portugisarjødane, som hovudsakleg dreiv grossistverksamheit, var til stor hjelp for forretningslivet i byen. Dei var dei første til å opne handel med Spania og Portugal; dei importerte sukker, tobakk, krydder, bomull og ymse anna frå koloniane; og dei spela ei vesentleg rolle i opprettinga av Die Bank von Hamburg i 1619. Den mest kjente sefardíen frå denne perioden var dokteren Rodrigo de Castro, som budde i Hamborg frå 1594 til han dødde. Som takk for tjenestone hans til folkehelsa i byen gav Senatet honom rett til å eiga fast eigedom i byen. Andre kjente portugisarjødar frå denne tida var astronomen Boccario Rosales (som fikk tittelen comes palatinus av keisaren), diktaren Joseph Frances, grammatikaren Moses Gideon Abudiente og dokteren, filosofen og lingvisten Benjamin Mussafia.

Så tidleg som i 1627 hadde portugisarjødane eit lite gudstjenestelokale med namnet «Talmud Torah» i huset ått Elijah Aboab Cardoso. Keisar Ferdinand II klaga bitterleg til Senatet over denne synagogen, ettersom katolikkane ikkje var tillatne å byggje seg kirkje i Hamborg på den tida. Men trass i denne protesten og sterke åtak frå protestantiske geistlege, fortsette Senatet å verne jødane. Den første ḥakhámen vart Isaac Athias frå Venezia. Etterfølgjaren hans, Abrahám Ḥayyím de Fonseca (d. ijjár 5411 (1651)) var òg ḥakhám i ein annan synagoge, «Keter Torah». I 1652 organiserte det portugisiske samfunnet seg offisielt som eit trussamfunn med ein stor synagoge som fikk namnet «Bet Israel», og dei velte Davíd Cohen de Lara (d. 1674) som «ḥakhám do nação» (overrabbinar). Mal:SAmen med honom tjente ḥakhám Moses Israel, og seinare òg Judah Carmi, som rabbinarar i trussamfunnet (begge desse dødde i 1673). I 1656 vart Isaac Jesurun kalla frå Venezia til Hamborg for å ta plassen som «ḥakhám geral» (overrabbinar) « ... for fremming av religion og generell velferd», som den eldste minutiæ-boka ått trussamfunnet seier. Tilsynelatande fornærma av denne innkallinga tok Cohen de Lara fri Mal:Nån månader og flytta deretter til Amsterdam. Etter at Jesurun dødde (1655), vendte De Lara tilbake til Hamborg, der han dødde.

Jangakób Sasportas (Måleri av Isaac Luttichuys, Amsterdam 1671.)

Av dei tidlege medlemmane av samfunnet kan nemnast Benedict de Castro, son av Rodrigo og ein kjent dokter som far sin. I 1663 telte det sefardiske samfunnet, som på den tida var det einaste godkjente jødiske samfunnet i Hamborg, kring 120 familiar. Blant dei var fleire som utmerkte seg i velstand og politisk innflytelse: Daniel Abensur (d. 1711) var residerande minister ått kongen av Polen i Hamborg; Jacob Curiel (d. 1664) og Nuñez da Costa var representantar for kongen av Portugal; Diego Teixeira (Abraham Teixeira; d. 1666) og son hans, Manoel Teixeira (Isaac Teixeira), administrerte formuen ått dronning Christina av Sverige, og Manoel var residerande minister for dronning Christina i Hamborg. Jangakób Sasportas underviste i tida 166672 ved ein bet hammedrásj som var grunnlagt av Manoel Teixeira og vart ofte spurt, i kraft av rolla si som ḥakhám, om avgjerslor i religiøse spørsmål.

Dei sefardiske jødane i Hamborg var svært opptekne av den falske masjíaḥen Sjabbetái Ṣebí. Dei arrangerte festar til hans ære i hovudesnogaen der dei unge mennene hadde på seg band og belte av grøn silke, «livréen ått Sjabbetài Ṣebí». Sasportas prøvde forgjeves å dempe denne entusiasmen — ein entusiasme som endte i bitter skuffelse Mal:Nån få år seinare. Andre ḥakhamím i trussamfunnet var Jacob ben Abraham Fidanque, Moses Ḥayyím Jesurun (d. 1691), Samuel Abaz (d. 1692) og Abraham Hacohen Pimentel (d. 1697).

I 1697 vart religionsfriheita som trussamfunnet hadde oppnådd forstyrra av fiendslege edikt frå oldermennene, og jødane vart pålagt utbyttande særskattar. Derfor trekte mange rike og viktige portugisiske jødar seg ut or Hamborg, og ein del av dem kom til å legge grunnlaget for det nye portugisisk-jødiske trussamfunnet i Altona. Intern oeinigheit, og særleg tilbaketrekkinga av Jacob Abensur (residerande minister ått kongen av Polen) og følgjesveinane hans, var andre årsaker til nedgangen i det sefardiske trussamfunnet i Hamborg.

1700-talet

I 1710 fastsette ein keisarleg kommisjon som var i byen for å mekle fred mellom Senatet og oldermennene eit reglement som definerte rollene til de jødiske gruppone i Hamborg («Reglement der Judenschaft in Hamburg Sowohl Portugiesischer als Hochdeutscher Nation») i namnet ått keisar Joseph II. Dette ediktet vart den grunnleggande loven for behandlinga tå jødar i Hamborg i det følgjande århundret. De tyske jødane var lovleg etablerte i Hamborg og naut mesta same rettane som de portugisiske jødane.

Dei portugisiske jødane, som var stolte av det noble opphavet sitt, var på si side lite glade over å ha vorte sett på same nivå som dei tyske jødane og skilte seg meir og meir frå desse sosialt. Som eit resultat av denne isolasjonen og av mangel på friskt innsig kom det portugisiske samfunnet til å gå tilbake i løpet av 1700-talet og miste den leiande posisjonen det hadde hatt blant hamborgjødane. Det fanst likevel Mal:Nån velkjente ḥakhamím, slik som f.eks. Jacob de Abraham Basan, som skreiv ein bøneorden (som framleis finst) for ein fastedag som vart halden etter det store jordskjelvet i Lisboa i 1755. Ein annan velkjent ḥakhám var Benjamin Benveniste (d. 1757). Men det gikk nerover med lærdommen og interessa for jødiske spørsmål i det portugisiske samfunnet, og dei sefardiske institusjonane vart forsømte. Sjeḥitáen, som tidlegare hadde vore heilt og fullt under portugisisk overoppsyn, vart teken over av det asjkenaziske samfunnet, som til gjengjeld laut betala portugisarane ein firedel (frå 1856 berre ein åttedel) av bruttoutbyttet.

1800-talet

Napoleonskrigane

I 1811, da Hamborg vart inkorporert i det franske imperiet, vart alle jødar i Hamborg pålagte å oppløyse dei tidlegare samfunna sine og å opprette eitt felles jødisk trussamfunn for Hamborg. Grunnloven for dette nye samfunnet vart etablert året etter. På samma tid vart dei gamle restriksjonane oppheva og hamborgjødane vart gjevne full likheit for loven på samma viset som alle andre jødar i Det franske riket. Under Davoust sin terrorisme vinteren 181314 var det mykje liding i samfunnet gjenom utvisinga av dei fattigare medlemmane. I 1814, da byen vart frigjeven frå den fransk okkupasjonen og Senatet atterinnsett, vart dei fulle borgarrettane for jødar oppheva att, trass i at det jødiske samfunnet hadde vist stor lojalitet mot byen sin. Denne oretten vart sanksjonert av Wienerkongressen («Deutsche Bundesakte») i 1815. Av alle dei franske institusjonane vart berre sivilregistra over fødslar, ekteskap og dødsfall behaldne; desse vart haldne separat for jødane fram til 1865.

Reformtempelet

I 1818 vart Tempelet i Hamborg grunnlagt — ein synagoge med sterkt endra gudstjenestor og med orgel, kor og ei ny og kortare bønebok. Bønene var i hovudsak basert på asjkenaziske former, men med ein del sefardiske innslag og med gjenomført sefardisk transkripsjonsmåte. Rabbinarar i reformtempelet i den første tida var Eduard Kley (181840) og Gotthold Salomon (181857; d. 1863). Seinare tok N. Frankfurter (184066), Max Sänger (186772) og H. Jonas (185889) over. På ḥazzánsida var derimot det sefardiske innslaget mykje sterkare heilt fram til kring 1870.

Reformtempelet var først og fremst ei rørsle innaføre asjkenaziske miljø i Hamborg, og som ein motreaksjon til reformtempelet innaför asjkenazisk jødedom utkrystalliserte snart moderne ortodoks jødedom seg — først under leidelse av Isaac Bernays, som vart overrabbinar for det høgtyske samfunnet i 1821 og som markerte seg som ein iherdig motstandar tå reformtempelet. Han utmerka seg ved på den eine sida å halde på den gamle gudstjenesteforma og samtidig på den andre sida ved å innføre preikor på tysk. Etter at Bernays plutseleg dødde i 1849, tok Anschel Stern over som asjkenazisk overrabbinar (185158).

Synagogebrann og nybygg

Inni Esnogaen i Zweite Marktstraße sett frå galleriet attast i synagogen. Vi ser tebáen nærmast kameraet. Som vanleg i sefardiske synagogar i Vest- og Nord-Europa er tebáen plassert langt bak i rommet som ein motpol til Hekhál, som vi her ser attast i bildet.

Hovudsynagogen for den portugisiske menigheita brann ner i den store brannen i 1842, og i ein del år etterpå vart det halde private gudstjenestor ymse plassar. Nån år seinare vart ein ny synagoge med maurisk interiør tekna tå arkitekt Rosenhagen, og den nye esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855. I denna synagogen, som var vesentleg mindre enn tidlegare tiders synagogar, vart den sefardiske gudstjenesta med alle sine tekstar og melodiar halde ved like. Frå først på 1800-talet hade den portugisiske menigheita ingen eigen ḥakhám lenger. Den siste prekaren og åndelige ledaren var Judah Cassuto, som innehade embetet som ḥazzán frå 1827 til 1893.

1848-revolusjonen og emansipasjon

Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett enno.

In 1848 the Revolution brought about the emancipation of the Jews in Hamborg as in many other states of the German Confederation. In 1849 all members of the German-Jewish, as well as of the Portuguese congregation were free to acquire citizenship in the town. Every new Jewish settler, however, Portuguese excepted, was obliged to join the German-Jewish congregation, which formed a separate political corporation in the state. In 1864 this obligation was abolished. The old German-Jewish congregation was now dissolved, and again constituted itself a congregation in which membership was voluntary. It retained the exclusive care of all the institutions connected with education, charity, and burial. The management of affairs relating to public worship was transferred in 1867 to the Confederation of Synagogues for the Orthodox, and to the Tempel-League for the Reform Jews. The Confederation of Synagogues received at the same time the two large synagogues belonging to the congregation, and in return undertook to pay the salaries of the chief rabbi and other officials and to administer all the other ritual institutions, especially the sheḥiṭah. Since 1889 Marcus Hirsch (formerly at Alt-Ofen and Prague) has officiated as chief rabbi. The preachers of the Tempel-Verein or league are D. Leimdörfer (since 1882), Paul Rieger (since 1902), the latter's predecessor in office having been C. Seligmann (1889).


The Jewish population at Hamborg, which in 1814 numbered about 7,000, was 17,300 out of a total population of 626,000 in 1895. The number of contributing members of the German congregation is 3,535; that of the Portuguese, about 400.

Typography (including that of Altona)

Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett enno.

Isaac di Cordova

During 1710-11 Isaac Hezekiah di Cordova established a press for which Isaac ben Joseph Benveniste and Isaac ben Moses Ḥayyim Levi Horwitz were compositors. No typographical records exist for the years between 1721 and 1780; but in the latter year a press was founded by Leser and Nathan ben Moses Mai. It endured ten years; among its compositors at various times were Jacob ben Judah Löb ben Zerach (1788) and Mattathiah ben Judah Löb Guttmann (1790).

Bibliografi

  • Acts of the Municipal Archives of Hamburg (unpublished)
  • Cassel / Steinschneider: «Jüdische Typographie» i Ersch and Gruber, Encyc. section ii., del 28, ss. 86–87
  • A. Feilchenfeld: Anfang und Blütezeit der Hamburger Portugiesengemeinde, Hamburg 1898
  • Protocol-Book and Acts of the Portuguese Congregation (unpublished)
  • Steinschneider, in Ludwig Geiger's Zeitschrift für die Gesch. der Juden in Deutschland, i.
  • idem, Cat. Bodl. s.v. Rose, etc.J. I. Br.

Pekarar

Kjeldor