Den første esnogaen i København

Frå Alnakka.net
Hopp til navigering Hopp til søk

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstjenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hade ikkje vorte søkt om tillatelse til å ha gudstjeneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstjenestor og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen. I 1715 kjøpte Isak Granada ei tomt til gravlund rett attmed den asjkenaziske gravlunden. Det blir trudd at han var forstandaren for menigheita, og dermed blir det òg rekna med at esnogaen var i Brolæggerstræde 122 (matr. 1689), der han budde. Jacob Franco dødde i 1718, og Isak Granada dødde i 1731, men menigheita vart trulig dreva fram til gravlundane vart ihopslegne i 1748. Eit par år etter, i 1750, kom det i gang ei portugisarjødisk menigheit att — Den portugisiske Nakskauer Menighed.

Kjelde

  • Frosell, P. Hampton: Københavnske synagoger gennem tre hundrede år. [København] : Selskabet for dansk-jødisk Historie; C.A. Reitzel, 1987. ISBN 87-7421-567-1.