Dei fem kornslaga

Frå Alnakka.net

Dei fem kornslaga som ein tek ḥallá av og seier hammoṣí over brød av og som er forbodne for bruk under pesaḥ anna enn som maṣṣót er:

  1. Ḥittím (vanleg kveite)
  2. Kusmím
  3. Sengorím (vanleg bygg)
  4. Sjibbólet sjungál (toradsbygg)
  5. Sjippón (rug?)
Nr. Tenákh Misjná Jerusjalmí Bablí Tolkingar Kornslag
1

Ḥittím

 

 

vanleg kveite
2

Kusmín

 

spelt

3

 

Sengorím

 

 

vanleg bygg 

4

Sjibbólet sjungál

  • Rashi seier at sjibbólet sjungál er «aveine» (havre). Sidan bygg og havre ofte har vorte dyrka samen (såkalla blandkorn) i Nordvest-Europa og sengorím (bygg) og sjibbólet sjungál ikkje er forboden blanding etter Kilájim 1:1, er dette ein fristande konklusjon. Det passar likevel dårleg med både biologien og alle andre halakhiske kjeldor.
  • Rambam seier at sjibbólet sjungál er villbygg, det vil seie toradsbygg.

toradsbygg

5

Sjippón

Rug har opphav i villrug, ein plante som har opphavet sitt i området kring Syria, Kurdistan og det sørlege Tyrkia. Det karakteristiske draget med bygg er dei lange agnene som kan minne om hår. Rug har halvlange agner og kan dermed grupperast med bygg. På den andre sida er rug nærmare i slekt med kveite, og i nyare tid har ein endatil laga ein hybrid mellom rug og kveite, triticale. Dette er foreinleg med at sjippón og kusmín blir rekna som nært nok i slekt til at dei ikkje er ei forboden blanding.

rug

Hafrísj ḥallá

Når ein lagar brøddeig av eitt eller fleire av dei fem kornslaga gjer ein hafrísj ḥallá — ein tek til sides ein deigklump på størrelse med ein kazájit, seier berakháen hafrísj ḥallá og legg deigbiten i omnen.

Hammoṣí

Når ein et brød laga av dei fem kornslaga seier ein hammoṣí.

Maṣṣá

Berre dei fem kornslaga er gyldige for miṣváen å eta maṣṣót på dei første kveldane av pesaḥ.