Skilnad mellom versjonar av «David Simonsen»

Frå Alnakka.net
Hopp til navigering Hopp til søk
(Oppretta sida med «<onlyinclude>{{thumb|David Simonsen by Christian Neuhaus.jpg|David Simonsen.|Christian Neuhaus}} '''David Simonsen''' (f. 17. mars 1853, d. 15. juni 1932…»)
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 26. mars 2020 kl. 23:05

Fil:David Simonsen by Christian Neuhaus.jpg
David Simonsen.
Foto:Christian Neuhaus

David Simonsen (f. 17. mars 1853, d. 15. juni 1932) var ein dansk rabbinar med utdaning frå København og Breslau (det noMal:Varande Wrocław i Polen) som var overrabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København frå 1892 til 1902. Den store boksamlinga hans, som dekkjer mange humanistiske disiplinar og språkområde, og arkivet hans vart overtekne av Det Kongelige Bibliotek i København i 1932.

Breva i arkivet, som omfattar perioden frå kring 1880 til 1932 og som involverer kring 4 700 avsendarar og mottakarar, avspeglar det store kontaktnettet hans i Danmark og internasjonalt. Gjenom utdaninga si i Breslau kom han i kontakt med mange av dei ledande forskarane innaMal:Före jødedom og jødisk historie i si tid, men gjenom interessen sin for andre fag hadde han òg kontakt med historikarar, arkeologar og andre vitskapsfolk. Virket hans som filantrop førte med seg mykje korrespondanse med politiske og andre organisasjonar, så vel som privatpersonar i Danmark og elles som trong støtte.

Pekarar

Det Kongelige Bibliotek: David Simonsens Arkiv

Mal:Dansk Wikipedia