Cristiano Giuseppe Lidarti

Frå Alnakka.net
Cristiano Giuseppe Lidarti ved harpa. Målaren Giovanni Battista Tempesti i bakgrunnen. Måla kring 1759/60 av Nathaniel Dance-Holland (17351811)

Cristiano Giuseppe Lidarti (17301793), òg kjent som Christian Joseph Lidarti, var ein austerriksk komponist av italiensk opphav som i vår tid særlig er kjent for det hebraiske oratoriet Ester.

Christiano Giuseppe Lidarti vart fødd den 23. februar 1730. Han gikk på skule ved cisterciensarklosteret i Klagenfurt og studerte vidare ved jesuittseminariet i Leoben. Han begynte så å studere juss og filosofi ved universitetet i Wien, men studerte òg cembalo, harpe og komposisjon på eiga hand. I 1751 flytta han til Italia for å spesialisere seg på musikk, og han budde blant anna i Venezia og Firenze före han begynte å arbeide som musikar i kapellet til Cavalieri di Santo Stefano i Pisa — ei stilling han hadde frå 1757 til 1784. Lidarti var først og fremst kjent for kammermusikken sin i samtida. Det mest interessante arbeidet hans er nok likevel de tre hebraiske kantatane og oratoriet Ester som han skreiv for det portugisarjødiske samfunnet i Amsterdam.

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

«Befí yešarím» — Marin Baroque / Daniel Canosa.

Kjeldor