Cochinilla

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
cochinilla
Cochineal drawing.jpg
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Klasse: Insecta
Orden: Homoptera
Overfamilie: Coccoidea
Familie: Dactylopiidae
Slekt: Dactylopius
Art: coccus
Vitskaplig namn
Dactylopius coccus
Costa

Cochinilla (Dactylopius cocchus) (sp.), òg skreve cochenille (fra.) og koskenille, er ei skjoldlus frå México, Mellom-Amerika og tropiske og subtropiske deler av Sør-Amerika som lever på kaktusar i Opuntia-familien. Kroppen og egga av cochinilla-lusa blir tørka og oppmolne til fargestoffet karmin — ein varig raudfarge som blant anna blir bruka i kunstmåling, tekstilfarging og sminke. Karmin (E120) blir bruka i matproduksjon òg, men sidan råvara er eit insekt, blir karmin generelt rekna som olovlig/oetande i jødedommen og i deler av islām så vel som blant vegetarianarar og veganar. Karmin kan i sjeldne fall gje alvorlige allergiske reaksjonar.

Historie

«Indianar samlar inn conchillas med ein hjortehale» av José Antonio de Alzate y Ramírez (1777).

Karmin vart bruka av aztekarane og mayafolket i Mellom- og Nord-Amerika. Elleve byar erobra av Moctezuma II1400-talet betalte ein årlig skatt på 2000 dekorerte bomullsteppe og 40 sekker med karmin kvar.[1] Kort tid etter Den spanske erobringa av Aztekarriket, vart karmin eksportert til Spania, og på 1600-talet vart det endatil handla med karmin så langt unna som i India.[2] Fargestoffet vart bruka over heile Europa og var prisa så høgt at karminprisen regelmessig vart sitert ved varebørsane i London og Amsterdam. I 1777 smugla den franske botanikaren Nicolas-Joseph Thiéry de Menonville, under dekke som ein dokter med botaniske interessor, insekta og plantedeler av Opuntia-kaktus til Saint Domingue.[3] Etter den meksikanske oavhengigheitskrigen i 1810–1821, vart det slutt på det meksikanske karmin-monopolet. Storstilt produksjon av karmin kom i gang, særlig i Guatemala og på Kanariöyane, men det vart òg produsert karmin i Spania og Nord-Afrika.[2]

Da pigmentet alisarin vart kunstig framstilt i 1868, vart eit godt raudt fargestoff tilgjengelig for dramatisk lågare pris. Detta kunstige pigmentet og fleire med det tok botnen utur marknaden för arbeidskrevande og dyrare fargestoff som karmin, og kollapsen i karminindustrien i Spania førte med seg ein betydelig finanskrise der.[4] «Tunablod»-pigmentet (frå det meksikanske namnet på Opuntiafrukta gikk utur bruk og conchillahandelen försvann mesta heilt i løpet av 1900-talet. Cochinillabruket har vorte halde i hevd ut frå respekt för tradisjonen heller enn för å tilfredsstille noko slags marknadsbehov.[5]

I seinare år har karmin vorte kommersielt verdifullt att,[6] sjølv om dei fleste förbrukarane ikkje er klåre over at “karmin”, “E120”,“cochineal extract”, “crimson lake”, “natural red 4”, “C.I. 75470”, eller endatil berre “naturlig farge” i ein del fall, viser til eit pigment som er framstilt av tørka og oppmolne insekt. Ein av grunnane til at karmin har vorte så populært er at så mange typar raudt pigment har vist seg å vara kreftframkallande.[7] Bruken av karmin er likevel heller ikkje utan medisinsk risiko, og i sjeldne fall kan det gi anafylaktisk sjokk.[8]

Fotnotar

  1. Threads In Tyme, LTD. "Time line of fabrics". Archived from the original on 2005-10-28. http://web.archive.org/web/20051028155009/http://threadsintyme.tripod.com/id63.htm. Retrieved 14. juli 2005. 
  2. 2,0 2,1 Mal:Harvnb.
  3. Schiebinger, Londa L. (2004). Plants and empire: colonial bioprospecting in the Atlantic world. Cambridge, Mass.: Harvard University Press. p. 44. ISBN 0-674-01487-1. 
  4. Jeff Behan. "The bug that changed history". http://www.gcrg.org/bqr/8-2/bug.htm. Retrieved June 26 2006. 
  5. Octavio Hernández. "Cochineal". Mexico Desconocido Online. http://www.mexicodesconocido.com.mx/notas/7600-Cochineal. Retrieved July 15 2005. 
  6. "Canary Islands cochineal producers homepage". http://www.arrakis.es/~rpdeblas/cochinea.htm. Retrieved July 14 2005. 
  7. Schiebinger, Londa L. (2004). Plants and empire: colonial bioprospecting in the Atlantic world. Cambridge, Mass.: Harvard University Press. p. 39. ISBN 0-674-01487-1. 
  8. D'Mello, J. P. Felix (2003). Food safety: contaminants and toxins. Wallingford, Oxon: CABI Pub.. p. 256. ISBN 0-85199-607-8. 


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Cochineal from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.
Personlige verkty