Buddhisme

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Bøneflagg i Sikkim i India.
Foto:Steve Evans
Mahābōdhī-tempelet (महाबोधी) i Bodhgaya i Bihar i India. (Foto: Bpilgrim)

Buddhismen er ein religion eller filosofi basert på læra til Siddhārtha Gautama (sanskrit; på pāḷi: Siddhāttha Gōtama; oftast kalla Buddha), som levde kring år 500 fvt. og verka i Nord-India. Religionen spreidde seg til resten av Sør-, Sentral-, Søraust og Aust-Asia, der han tok opp i seg innfødde tradisjonar. I moderne tid har også mange menneske frå vestlige land vorte interessert i buddhismen. Med sine kring 379 millionar tilhengarar er buddhismen den fjerde største religionen i verda og blir rekna som ein av de store verdsreligionane.

Læra tek utgangspunkt i livet vi lever på jorda (saṁsāra) som ein pinefull sirkel det er om å gjera å lausrive seg frå (nirvāṇa). Detta kan ein oppnå ved å gjera gode gjerningar og ved å oppnå klår tenking. Om ein klarar å opne augone för kossen livet på jorda er eit band som gjev mest smerte, vil ein kunne lausrive seg og oppnå ro, oppvakning og samtidig utsløkking. Den buddhistiske læra legg vekt på de grunnleggande reglane om å vise måtehald og unngå å skapa smerte.

Gjenom hundreåra har buddhismen utvikla seg til eit mangfald av retningar eller skular. Nokre oppfattar han hovudsaklig som ein filosofi eller som eit verdslig livssyn. Andre tillegg buddhismen ei klårt religiøs tyding. Mange stader har han teke opp i seg lokale skikkar og folketru, utan at han av den grunn har mist eller fjerna seg frå det som er kjernen og essensen i læra (buddhadharma). Buddhismen förheld seg vanligvis ikkje til overnaturlige vesen (som Gud eller gudar) og omfattar i utgangspunktet ikkje ei metafysisk verkeligheit, men i nokre greiner av buddhismen blir gudeaktige vesen bruka som symbol.

Innhaldsliste

Kva er ein buddha?

Buddha Daibutsu, Kamakura, Japan

Buddha er eit ord som har opphav i gamle indiske språk som pāḷi og sanskrit og som betyder ‘ein som har vakna’. Det stammar frå verbet budh, som betyder 'å vakne' eller 'å bli opplyst' og 'å fatte'.

Ordet «buddha» viser altså ikkje berre til den historiske buddha, Siddhārtha Gautama, som levde för kring 2 500 år sidan, men blir bruka om kvar den som har nådd sann innsikt om livet og verda og dermed kan oppnå frigjering frå samsara og nå nirvana. I denna tydinga har det altså levd mange buddhaer, og det vil komma mange fleire.

Siddhārtha Gautama påberopte seg ikkje guddommelig status og hevda heller ikkje at han var inspirert av nånn gud (eller av gudar). Ein buddha er ein som har vakna og erkjent den sanne naturen til eksistensen og verkeligheita og dermed vorte fri frå grepet som sinnsgiftene har havt på sinnet og livsførselen. Buddhaer blir ikkje sétt på som allmektige, slik som Gud gjer det i jødedom, kristendom eller islām. I buddhismen kan alle menneske frigjera seg frå liding slik Gautama gjorde, oansett alder, kjøn eller kaste og bli ein buddha.

Prinsippa attom det som gjer at ein person kan oppnå opplystheit blir kalla dharma eller buddhadharma, som (i denna samenhengen) betyder ‘lov’, ‘doktrine’ og ‘sannheit’.

Verdsbilde

Etter buddhistisk tankegang er alle fysiske og mentale fenomen i konstant endring. Fysiske og mentale fenomen oppstår på grunn av samensette årsakssamenhengar; de har ein betinga eksistens för kortare eller lengre tid före de blir endra, for til slutt å forsvinne att. Heile denna vegen er kvart einaste fysisk eller mentalt fenomen sjølv årsak og vilkår for andre vilkårsstyrte fenomen i den trulig grenselause «veven» av årsak og verkning som blir kalla kosmos. Denna lovmessigheita gjeld alle vilkårsstyrte fysiske og mentale fenomen, men ikke nirvāṇa (pāḷi nibbāṇa), som blir forstått som vilkårslaus og oendrande.

Fordi alt er verknader av föregåande og samenkommande årsaker og föresetnader, har kosmos/verdsaltet — med sine årsaker og föresetnader for eksistensen av fysiske og mentale, levande og livlause fenomen — heller ikkje noko startpunkt. Alle levande vesen har levd eit oendelig tal tidligare liv; ikkje ved at «ei sjel» går frå liv til liv, men ved at det medvitne ved ein, det vil seie sinnet, søkjer reinkarnasjon i omstendigheiter som svarar til den karmaen som pregar eller fargar det. Karma (pāḷi]] kamma) betyder ‘handling’ og blir gjerne omtalat som loven om årsak og verknad. Veldig enkelt sagt kan vi seie at gode handlingar fører til gode opplevelsar, medan dårlige handlingar fører til dårlige opplevelsar. I buddhismen er det ikkje nånn Gud som deler ut løn og straff; karma er ei heilt opersonlig kraft. Levande vesen formar sjølv sine liv gjenom sine eigne tankar og handlingar og gjenom de vanemessige tanke- og handlingsmønstra som har dana seg för og som danar seg no og seinare. Å skada andre levande vesen inneber at ein held ved like slike negative tendensar blant oss levande, noko som ofråvikelig vil føre til framtidig liding, enten for ein sjølv i detta livet eller för det samma medvitet i seinare liv. De eksistensielle lidelsane i verda kjem av mangelen på innsikt i og hensyn til detta årsakstilhøvet. Denna syklusen av stadige atterfødslar og liding på grunn av ovett blir kalla saṁsāra.

Eit levande vesen kan atterfødast i olike typar eksistensplan avhengig av karmaen sin. Det finst mindre gunstige eksistensplan prega av intens liding, eller ein kan bli attfødd i dyreriket. Det finst òg høgare eksistensplan, som er prega av intens lykkekjensle. Men ingen av disse eksistensplana er evige, og ein lyt gå gjenom förgjengeligheit og nye atterfødslar. Det finst altså ikkje evig förtapelse eller evig frelse i saṁsāra. I buddhismen blir det rekna som spesielt gunstig å bli atterfødd som menneske, ettersom balansen mellom liding og lystkjensle i menneskelivet gjer det mulig å komma til erkjennelse om den større samenhengen vi står i, å frigjera seg frå saṁsāra og å oppnå nirvāṇa.

Buddhismen oppfordrar til eit langsiktig perspektiv og til empati med alle levande vesen. Han legg stor vekt på det personlige ansvaret og de oavgrensa muligheitene til enkeltindividet.

Tekster

Tradisjonell utgåve av paliskriftene på thai.

Etter at Buddha dødde, oppstod behovet for å samle de munnlige tradisjonane kring framstillinga av læra til Buddha og den praksisen munkane skulle følgje. Etter den tradisjonelle framstillinga begynte den her prosessen alt under det første såkalla rådsmøtet i Radjagrha. Tekstane vart skrevne på språket pāḷi, eit klassisk indisk språk nærskyldt med sanskrit. Tipitaka («de tre korgene»; sanskrit: Tripitaka) er namnet på de eldste tekstane i buddhismen. Tekstane er mange og lange; nokre utgåvor er på over 20 000 sidor. Som namnet viser, så inneheld de tre deler:

  • Vinaya pitaka: Disiplinære skrifter (klosterreglar)
    • Suttavibhanga (227 allmenne klosterreglar for munkar, etterfølgt av reglane for nonnor)
    • Khandhaka (detaljerte reglar). Dessa att er delt i to undergruppor:
      • Mahavagga (den store delen)
      • Culavagga (den litle delen)
    • Parivara (seinare tillegg)
  • Sutta pitaka: Skrifter om Buddhas ord og gjerningar i 5 deler:
    • Digha Nikaya (34 lange sutraer)
    • Majjhima Nikaya (152 mellomlange sutraer)
    • Samyutta Nikaya (ca 2880 kortare sutraer inndelt i 52 gruppor)
    • Anguttara Nikaya (ca 2200 korte sutraer)
    • Khuddaka Nikaya (15 småskrifter, blant anna Dhammapada, Djātaka-förtelingane (547 förtelingar om Buddhas tidligare liv) og Buddhavamsa (biografiske förtelingar om Gautama Buddha og de 24 buddhaene före honom))
  • Abhidhamma pitaka: Læresetningar og filosofiske skrifter
    • Diverse dharma-analysar og filosofiske tolkingar

Tekstane er eit resultat av langvarige bearbeidingar og redigeringsarbeid. «Samtaleskriftene» mellom Buddha og disiplane blir ofte rekna for å høre til det eldste sjiktet av tekstar, medan «Læresetningane» (doktrinane) hører til yngre sjikt; men Buddha sjølv kan òg ha forma talane sine i listeform for å gjera det lettare för disiplane sine å hugse dem og attgje dem för vidare undervising. Tradisjonell memorering og resitasjon av tekstane er framleis viktig i buddhismen i dag. Tekstane er vorte utforma för å hørast, og det er derfor de er så sterkt prega av oppattakingar og standardiserte uttrykksformer. Opprinnelig vart tekstane skrevne på palmeblad, og slike er framleis i bruk mange stader.

Det finst òg mange andre buddhistiske skrifter på ymse språk. Eit par viktige skrifter er «Kong Milindas spørsmål» (frå det 1. hundreåret evt.) og det dogmatiske arbeidet «Vegen til reinheit» av Buddhagosa (400-talet). I Mahayanabuddhismen er det dessutan mange autoritative tekstar, særleg i kinesisk og japansk tradisjon, for eksempel Hjarte-sutraen (sanskrit: Prajnaparamita sutra), Diamant-sutraen, Lotus-sutraen, Lankavatara sutra, Avatamsaka sutra, Lam Rim og Sukhavativyuha.

Sentrale læresetningar

De fire edle sannheitene

Gautamas lære förtelte at misnøya mange har med livet kjem av eigetrang, tilknytingar og aversjonar, og at denna tilstanden kan heilast med å følgje Den åttedelte vegen. Denna læra blir kalla «De fire edle sannheitene»:

  1. Dukkha: Alt verdslig liv er otilfredsstillande, splitta og inneber liding.
  2. Samudaya: Det finst årsak til liding: innbilling og fordommar, griskheit, hat, arroganse og misunnelse (sinnsgiftene).
  3. Nirodha: Det finst ein ende på liding: nirvāṇa.
  4. Magga: Det finst ein veg som leier utur lidinga, Den åttedelte vegen.

De fire edle sannheitene er strukturert på samma måten som ein medisinsk diagnose: symptom, årsak, prognose og kur.

Den åttedelte vegen

Statue frå Thailand

För fullt ut å förstå de edle sannheitene og sannheitsteste dem, tilrådde Gautama Buddha å følgje ein viss livsstil eller veg. Denna vegen inneheld:

  1. Rett forståing eller perspektiv: at ein forstår dei fire edle sannheitene.
  2. Rett tankemåte: at ein vel å gje avkall på å kjenne fiendskap for å framskapa harmløysheit.
  3. Rett tale: å tala til andre på ein venleg og sannferdig måte. Det tyder at ein avstår frå løgn, snakk som sett to menneske eller grupper opp mot kvarandre, fornærmande tale og tomprat.
  4. Rett oppførsel: å følgje de fem retningslinene for etisk livsførsel.
  5. Rett levebrød: å leva av et harmlaust yrke. Ein bør for eksempel ikkje vara svindlar, innbrotstjyv eller våpenseljar.
  6. Rett strev: evna til å vara entusiastisk og otröytteleg i sitt strev for å nå dei andre sju måla.
  7. Rett sindigheit: evna til å vara nöytralt oppmerksam på sine eigne tankar og handlingar her og no.
  8. Rett konsentrasjon: evna til å konsentrere seg om ein enkelt ting over lengre tid.

Den åttedelte vegen blir i nokre fall referert til i pali-kanonen som ein slags progressiv serie av nivå som utøvaren går gjønom: kulmineringa av det eine leier til begynnelsen av det andre, men det er mest vanleg å sjå på stega på «stien» som om de må utviklast samtidig. Den åttedelte vegen består essensielt av meditasjon, å følgje De fem retningslinone for etisk livsførsel (sjå nedanføre) og å kultivere dei positive sidone av dessa. Stien kan òg sjåast som ein måte å utvikle sila, som tyder mental og moralsk disiplin.

Dei fem retningslinene for etisk livsførsel

Buddhistar påtek seg å følgje dessa fem grunntankane for etisk livsførsel:

  1. Eg avstår frå å skada levande skapningar (drap, vold).
  2. Eg avstår frå å ta ting som ikkje har vorte gjeve meg (tjyveri).
  3. Eg avstår frå seksuelle utskeielsar, slik som seksuelt misbruk.
  4. Eg avstår frå orett bruk av tale (lyging, fråstöytande språk, baktale, tomprat).
  5. Eg avstår frå rusmiddel som forkludrar sinnet og resulterer i likegyldigheit.

Dessa levereglane skal ikkje förståast som ei plikt som ein tvingast til av andre, men som eit løfte ein gjev seg sjølv, i kjærligheit til andre. De er altså ikkje plikt-etiske bod, men sinnelags- og konsekvens-etiske retningslinor.

Middelvegen

Legenda fortel at Buddha voks opp i overflod og luksus og at han seinare prøvde fleire asketiske disiplinar der han svelta seg og utsette seg sjølv for ekstremt smertefulle opplevelsar. Ingen av dessa metodane gav honom svara han leita etter, og det var først etter at han hade teke til seg mat og slutta å plaga seg sjølv at han oppnådde opplysning. Derfor karakteriserte han den åttedelte vegen som middelvegen, eit levesett der ein finn balanse mellom den ekstreme askesen og den ekstreme hedonismen.

I buddhismen er det ikkje noko gale med sanselege gledor i seg sjølv. Hovudproblemet er at de ofte fører med seg avhengigheit. Problemet med å gjera seg avhengig av ytre omstendigheiter for å vara lykkelig, er at ein gjerne blir aggressiv når ein ikkje lenger kan få de objekta ein har vorte avhengig av. I buddhismen spelar det inga rolle kva objekt ein er avhengig av: Det er den grunnleggande misforståinga om at ytre ting kan føre til varig lykke som er hovudproblemet. Den enklaste måten å frigjera seg frå denna typen avhengigheit er å halde seg unna de objekta ein kjenner seg avhengig av, og dette er hovudgrunnen til at buddhistiske munkar og nonnor har eit enkelt levesett med få personlige eignedeler.

Tilflukt i «dei tre juvelane»

Buddhister søkjer det som tradisjonelt blir kalla «tilflukt i de tre juvelane». «De tre juvelane» er eit symbol for Buddha, dharma og sangha (omgrep bruka om samfunnet med munkar og nonnor, i nokre fall alle buddhistar).

Medan det er omulig å sleppe unna karmaen sin, eller effektane forårsaka av tidligare tankar, handlingar og ord, er det mulig å unngå lidinga som kjem frå detta ved å bli opplyst. Det er her dharma blir referert til som «tilflukt», ofte kalla «flote», og er ei foreløpig tilflukt medan ein «kryssar elva». Det verkelige målet (opplystheit) er på «andre sida av elva».

For dem som søkjer å bli opplyst, inneber det å ta tilflukt og innrette seg etter pliktene som inngår i strevet for opplysning og følgje i fotspora til folk som har følgt vegen til opplysning för. Det inneheld element som viser tillit til at opplysning faktisk er ei tilflukt eller ein slags «fristad». Mange buddhistar brukar ei slags bøn, gjerne fleire gonger daglig, for å minne seg sjølve om kva dei gjer og for å snu valet sitt av veg innover til frigjering. Ei tradisjonell tilfluktsbøn er:

Inntil eg oppnår opplysning,
tek eg tilflukt i dei tre juvelane —
Buddha, Dharma og Sangha.

Det er òg verdt å merke seg at ordet «tilflukt» i buddhismen ikkje skal oppfattast som «å gjømme seg» eller «å sleppe unna»; ordet har konnotasjonar om «å komma heim», «å søkje heiling». Nokre omsett det som «å ta ein sikker kurs» òg. Detta har ofte vorte misförstått i vesten og har fått ein del til å konkludere med at buddhisme er «ein religion for dem som stikk haudet i sanda». De fleste buddhistane vil hevde det motsette.

De tre hovudretningane i buddhismen

Buddhismen har utvikla seg til eit stort tal olike retningar som kan kategoriserast i tre greiner: Nikaya (òg kalla hinayana), mahāyāna og vadjrayāna. Innaför nikaya er det berre theravada som framleis blir praktisert.

Theravada

Theravada («dei eldstes lære») baserer praksisen og doktrinane sine utelukkande på paliskriftene, som er ei samling tekstar kjent esom agamaer eller nikaya-sutraer. Nikaya-sutraene er dei eldste kjente skriftene i buddhistisk litteratur, og dei er aksepterte som autentiske i alle greiner av buddhismen. Theravada er den einaste nikaya-skulen som framleis blir praktisert og er utbreidd på Sri Lanka, i Burma, Laos, Thailand, Kambodsja, deler av Kina, Vietnam og Malaysia. Målet i theravada-buddhismen er å fri seg frå samsara og nå nirvana.

Mahāyāna

Mahāyāna («Den store vogna») legg vekt på universell medkjensle og de altruistiske bodhisattva-ideala. Målet er å bli ein buddha og bli i samsara for å hjölpe alle levande vesen til å oppnå det samma. I tillegg til Nikaya-skriftene, anerkjenner mahāyāna alle eller deler av ei samling skrifter som vart nedtekna kring år 100 evt. Mahāyāna blir i dag praktisert i Kina, Korea, Japan og mesteparten av Vietnam. Den dominerande greina av mahāyāna er olike skular i reint land-buddhismen og zen.

Vadjrayāna

Vadjrayāna («Diamantvogna») (også kjent som mantrayana, tantrayana, tantrisk eller esoterisk buddhisme) deler ein del av de grunnleggande konsepta i mahāyāna men inkluderer ei rekkje åndelige teknikkar utforma for å betre buddhistisk praksis. Ein praktiserer for eksempel meditasjon der ein mediterer direkte på olike buddha-aspekt og prøver å identifisere seg med buddha. Vadjrayāna blir praktisert som tibetansk buddhisme hovudsaklig i Tibet, Nepal, Bhutan, Mongolia, Kalmykia (Russland), Sibir, deler av India; og — særlig blant shingon- og tendai-skular — i Kina og Japan.

Sangha - samfunnet av buddhistiske munkar og nonnor

Unge munkar i Tibet

Buddha stifta munke- og nonneordenar for disiplane sine medan han levde for å vidareføre læra (dharma) og for at munkar og nonnor skulle kunna virke som eksempel for lekfolk.

Reglane for munkar og nonnor finst i Vinadja Pitaka og blir aksepterte av de fleste skulane. Det finst variasjonar og tillegg til dessa levereglane.

Munkar og nonnor blir rekna som heimlause, lever i sølibat og gjev avkall på personlige eignedeler og verdslige plikter. Tradisjonelt lever nonnor og munkar av donasjonar frå lekfolk. Mange gjev opplæring i dharma, og enkelte munkar og nonnor arbeider med veldedig verksamheit òg. Først og fremst skal munkar og nonnor arbeide aktivt med å bli kjent med sitt eige sinn for å få kontroll over sitt eige tanke- og kjensleliv slik at de kan dyrke fram de positive eigenskapane sine. Bøn og meditasjon blir bruka som verkemiddel för å oppnå detta.

Munkar og nonnor nyt stor respekt blant lekbuddhistar, og sangha er ein av de tre juvelane. Buddhistar er takknemlige for at sangha har halde læra levande gjenom 2500 år og fördi det blir rekna som beundringsverdig å vie livet sitt til å trene seg opp til å bli ein buddha.

I mange tradisjonar er det fullt akseptert å vende tilbake til det verdslige livet etter å ha levd ei tid som munk eller nonne. I Thailand har muligheita for å gå i kloster tradisjonelt ført til sosial mobilitet sidan munkeutdaninga har vorte sett på som ein god bakgrunn for å få stillingar i det offentlige.

Sangha og kvinnor

Til å begynna med ville ikkje Buddha gje samtykke til å opprette ein nonneorden, men til slutt vart han overtala av tante si og fostermor si. Detta er det einaste kjente fallet der Buddha skifta meining.

Alle skular i buddhismen har munkeordenar, men ikkje alle har nonnor. Nonneordenen i Theravada dødde ut på Sri Lanka. Ettersom Vinadja Pitaka seier at ordinasjon av ei nonne må godkjennast av minst fem ordinerte nonnor, vart det omuleg å ordinere nye nonnor. Etterkvart som theravadabuddhismen spreidde seg til Thailand og Burma, vart nonneordenane avvikla. I seinare tid har det vorte ordinert nonnor både i theravada og i tibetansk buddhisme med hjölp av nonnor frå andre skular som anerkjenner Vinadja Pitaka. I den vestlige verda har det vore mange framståande buddhist-nonnor.

Sjå òg

Pekarar

  • Buddhistforbundet (Oslo, Norge) – «Informasjon om Buddhistforbundet og buddhismen i Norge. (...) Buddhistforbundet ble grunnlagt i 1979 og er et registrert trossamfunn. I dag er buddhistforbundet en paraplyorganisasjon for andre buddhistiske organisasjoner i Norge.»
  • Lie, Kåre A.: «En liten innføring i Buddhas liv og lære»
  • Buddhanet: Buddhist Information Network“BuddhaNet™ is the result of a vision to link up with the growing world-wide culture of people committed to the Buddha’s teachings and lifestyle, as an on-line cyber sangha. In this way, an ancient tradition and the information superhighway will come together to create an electronic meeting place of shared concern and interests.”


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Buddhismen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. För ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.


GNU-logoen Den her artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Buddhisme» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til den her versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.
Personlige verkty