Brettmess

Frå Alnakka.net
Brettmess blir ofte markert med ei öksprimstaven.
Foto:«Hyena»

Brettmess, òg kalla brettemess og brettesmess, er ein merkedag på primstaven som ligg på den 11. januar i den gregorianske kalenderen. På primstaven blir dagen gjerne symbolisert med ei øks eller ein hest, men flagg og kors førekjem òg. Ein skulle brette restane av julmaten oppi gryta og koke han og eta han opp i lag med julølet på brettmess. Etter gammel tru skulle ein ikkje kjøre med hest på brettmess — elles kunne hesten bryte bein. Det betydde òg olykke å gifte seg på brettmess.

Opphavet til tradisjonane om bretting og bryting er ei folkeetymologisk tolking av «brett». Eigentlig har merkedagen opphav i ein kirkjeleg festdag for Brictiva (Brettiva), ein helgen som berre er kjent frå Norge (særleg Trøndelag) og Island. Vi veit ikkje noko om Brictiva, og det er mistenkt at det eigentlig er samma personen som Brigid av Kildare — som har festdag den 1. februar i Den katolske kirkja.

{Kjeldor