Borghild Tenden

Frå Alnakka.net
Borghild Tenden
Foto:Audun Halaas

Borghild Tenden (f. 23. juni 1951) er ein norsk politikar (V) som opprinnelig kjem frå Stryn kommune i Nordfjord. Ho vart innvelt på Stortinget frå Akershus i 2005 og er nestledar i Stortingets Transport- og kommunikasjonskomité. Som stortingspolitikar er ho særlig oppteka av effektiv kollektivtrafikk og sikrare vegar.

Tenden er universitetsutdana i idrett, pedagogikk og jus (1971–77) og vart cand.polit. i sosiologi i 2000. Ho har arbeidd som lærar ved Valler videregående skole 1978–1993, som konsulent i Venstres stortingsgruppe 1993–1996 og som rådgjevar i Stortingets informasjonsseksjon 1996–2005.

Ho var medlem av fylkestinget i Akershus 2003–2007 og medlem av fylkesutvalet 2005–2007. Ho var ledar for Bærum Venstre 1998–2001.

Borghild Tenden var vararepresentant til Stortinget i perioden 19972001. Ho er den einaste blant de ti Venstre-representantane på Stortinget i perioden 2005–2009 som går klårt inn for norsk EU-medlemskap.

Stortingskomitéar

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Borghild Tenden» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.