Borecas

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Israelske borecas.
Foto:Shlomi Fish

Ḥanukká

Ḥanukkilje med menoráform i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkilje

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · O, ir kleine lichtelech
Isr: Mi jemallél · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek.

I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.

Borecas med ost- og grønsaksfyll er populær mat for desayuno (seinfrukost) etter sjaḥarít (morgongudstjenesta) på sjabbát. På sjabungót er osteborecas svært populære til mjølkemåltid blant osmanske sefardím.

  • Ein lagar ein porsjon butterdeig og deler opp i kulor som er kring 2–3 cm i diameter.
  • Kjevl ut kulone til runde leivar som er ca 7–8 cm i diameter.
  • Legg på ei toppa matskeid (ss) med fyll av egg og potetar og eventuelt òg spinat og løk.
  • Fold ihop leivane over fyllet så kvar boreca har halvmåneform. Press ihop kantane med ein gaffel.
  • Legg borecaene på eit smurt bakebrett (evt. bakepapir) og pensle dem med eit lettpiska egg.
  • Steik i omnen ved ca 185 °C i ein halvtimes tid.
  • Servér varme eller kalde.
Personlige verkty