Baruch Spinoza

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Baruch Spinoza (16321677)

Baruch Spinoza (24. november 163221. februar 1677), etter kvart kjent som Benedictus de Spinoza og kjent som Bento de Spinoza eller Bento d’Espiñoza i samfunnet han vaks opp i, blir, samen med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz, rekna som ein av de store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han er rekna som grunnleggaren av moderne bibelkritikk.

Baruch de Spinoza vart fødd i Amsterdam i ein spansk-portugisisk sefardisk familie og vart kjent for syna sine på panteisme og nøytral monisme, og dessutan fördi Etikken hans er skreven i form av postulat og definisjonar som om det var ei geometriutgreiding. Sommaren 1656 vart han bannlyst av det jødiske samfunnet for påstandane sine om at Gud er mekanismen av naturen og universet og at Bibelen er eit metaforisk og allegorisk verk som blir bruka til å undervise om Guds natur. Begge dessa påstandane er basert på ei form for kartesianisme. Etter bannlysinga tok han i bruk förenamnet Benedictus — den latinske forma av det hebraiske namnet Baruch og det spansk-portugisiske namnet Bento.

Ettersom publikumsreaksjonane Spinoza fikk på Teologisk-politisk utgreiding ikkje fall heldige ut for Spinoza og hans variant av kartesianismen, avstod han frå å gje ut verka sine. Etikken vart utgjeven etter at han dødde — som del av Opera postuma, redigert av venene hans.

Spinoza, som blant anna er vorten kalla «den største kristne» [sic!] og «den største ateisten», hevda at «Gud» og «Naturen» er to namn for den samma verkeligheita, nemlig den osamensette substansen som ligg under universet og som alle mindre entitetar berre er modus eller modifikasjonar av. Han hevda at “Deus sive Natura” («‘Gud’, eller ‘Naturen’») er eit vesen med oendelig mange eigenskapar, og at utbreiding og tanke var to av dessa. Skildringa hans av kva naturen ått eksistensen er, kan seiast å behandle de fysiske og mentale universa som to olike og parallelle underunivers som verken overlappar eller samhandlar med kvarandre. Denna formuleringa er ei historisk signifikant panpsykisk löysning på kropp og sjel-problemet som er kjent som nöytral monisme.

Spinoza var ein gjenomgåande determinist som meinte at absolutt alt som finn stad hender som resultat av nødvendigheit. För honom er menneskelig framferd heilt ut regelbunden, og friheit er å förstå at vi er regelbundne og å förstå korför vi fer fram som vi gjer. Friheit er altså ikkje muligheita til å seie «nei» til det som skjer med oss, men muligheitæ til å seie «ja» og å fullt ut forstå korför ting lyt skje på det viset.

Filosofien ått Spinoza har mykje til felles med stoisismen, men han skilte seg skarpt ut frå stoikarane i éin ting: Han nekta tvert på synet deras at förnuft kunne vinne over kjenslor. Tvert imot, hevda han, kan ei kjensle berre overvinnast av ei sterkare kjensle. För honom stod det avgjerande skiljet mellom aktive og passive kjenslor — der de aktive kjenslone er de ein rasjonelt sett förstår og de passive kjenslone de ein ikkje rasjonelt förstår.

Eit portrett av Spinoza fanst på den gamle 1000-gylden-seddelen, som var gyldig valuta i Nederland fram til euroen vart innført i 2002.

Bibliografi

Sjå òg

Pekarar


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Baruch Spinoza» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. För ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. För ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.
Personlige verkty