Astma

Frå Alnakka.net
Jente brukar inhalator for å behandle astmaen sin.
Foto:State of California

Astma (òg stundom skrive asthma), eller reversibel obstruktiv luftvegssjukdom, er ein immunologisk sjukdom som fører til meir eller mindre reversible rier av åndenød. Det er ei form av type-1-hypersensitivitet der bronkiolane er trongare enn normalt på grunn av betennelse og spasmar i vevet i luftvegsveggene. Ein person med astma kan oppleva piping i brystet og åndenød, særlig etter fysisk arbeid, ekstrem temperatur, kontakt med allergen eller ved infeksjonar — men òg gjerne til visse tider på døgnet eller i förbindelse med at ein legg seg eller står opp. Ved plutselege rior av åndenød kan det vara behøvelig med medisinsk førstehjelp eller sjukehusinnlegging. Astma blir behandla med olike medikament for inhalering eller svelging, og nokre gonger òg for injeksjon, inkludert intravenøs administrering.

Første gongen vi veit om at omgrepet astma (gresk ἂσθμα, ‘kortpust’) vart bruka var i Iliaden av Homer, der det vart bruka om den fryktelege kvelninga av Hektor vart offer for. (Iliaden, Song 15, v. 9–11) Omgrepet blir så bruka med tydinga ‘kort pust’ av Aischylos i Persarane og av Platon i Republikken. I si novarande medisinske tyding vart omgrepet først bruka av Hippokrates i Aforismane.

Tekn og symptom

Hovudsymptomet på astma er piping i brystet som resultat av obstruksjon av luftvegane. Hoste, nokre gonger produktiv med klårt slim, er òg vanlig. Symptoma er typisk sett svært variable, ofte med brå start, og utløyst av faktorane nemnt ovaför. Symptoma er ofte verre om natta eller ved oppvakning. Auke i luftvegsobstruksjonen vil føre til åndenød. Nokre gonger opptrer astma samen med sure oppstøyt — særlig blant eldre pasientar.

Tekn på astma er piping i brystet, rask pust, lengre utpustfase enn innpustfase, inntrekking av vevet mellom ribbeina og over kragebeinet og skulderblada, oppblåst bringe og rhonchi (surklande lydar hørbare i stetoskop). Ved alvorlige anfall kan pasienten vara cyanotisk (blå på grunn av oksygenmangel); pasienten kan ha bringesmertor og kan i særlig alvorlige fall miste medvettet. Mellom anfalla er mange pasientar symptomfrie.

Diagnose

I dei fleste fall kan dokteren stille diagnosen på grunnlag av typiske symptom og tekn. Dei typiske raske endringane i luftvegsobstruksjon kan påvisast ved fall i lungefunksjonen ved testar gjorde spontant, etter fysisk aktivitet eller etter inhalering av histamin eller metakolin; og etterfølgjande betring etter inhalering av eit bronkodilatormedikament. Ved blodprøve viser det seg gjerne at eosinofilnivået og IgE-nivået er høgare enn normalt.

Mange menneske med astma har allergiar: Positive allergitestar støttar astmadiagnosen og kan vara til hjelp}} for å finne utløysande faktorar det er mulig å unngå. Ein del astmatikarar har fått påvist gastroøsofagal reflukssjukdom (GERD). I nokre av dessa falla kan det vise seg at GERD er det underliggjande problemet. Andre undersøkjelsar, som for eksempel røntgenbilde eller CT-scan, er ofte nyttige for utelukking av andre lungesjukdommar.

I seinare år er det òg funne at ein del pasientar med persistent moderat til alvorleg astma har obstruktiv sømnapné i tillegg. I slike fall viser det seg ofte at behandling av sømnapnéen òg betrar behandlingsprognosen for astmaen deras. I ein del fall har det òg vist seg at nattastma kan gje kliniske utslag som ligg svært tett opp til sømnapné og som i polysomnografundersøkjelsar viser seg vanskelig å kjenne att som astma heller enn sømnapné. [1]

Pasientar med persistent sjukdomsbilde og dårlig behandlingsrespons bør òg utreidast for eventuell α₁-antitrypsinmangel.

Patologi

Mekanismar

Under eit astmaanfall reagerer betente luftvegar på utløysande miljøfaktorar som f.eks. røyk, støv eller pollen. Luftvegane blir smalare som resultat av oppsvelling av luftvegane og tjukning av muskulaturen, og dei blir samtidig tiltetna av mucus (slim). (Diagram: FDA.)

Patogenese

  • Det underliggjande problemet ser ut til å vara immunologisk: Unge born med tidlig stadium av astma viser tekn på sterk betennelse i luftvegane.
  • Det har vorte funne at relativ α₁-antitrypsinmangel er overrepresentert i pasientar med atopisk astma.
  • Epidemiologien kastar lys på patogenesen: Hyppigheita av astma ser ut til å vara aukande verda over; astma er vanligare i meir velståande land og vanlegare i høgare sosioøkonomiske gruppor innafor enkeltlanda.
  • Ein hypotese er at astma er ein «hygienisk sykdom»: I naturen blir spedborn utsett for bakteriar straks etter fødselen og «slår dermed på» Th1-lymfocytt-cellene i immunsystemet som tek seg av bakterielle infeksjonar. Om denna påverkninga ikkje strekk til (som, trur nån, i moderne reine omgivelsar), da kan astma og andre allergiske sjukdommar utvikle seg. Denna «hygienehypotesen» kan kanskje forklara astmaauken blant velståande gruppor.
  • Ein annan hypotese som liknar noko på den förre går på den delen av immunsystemet vårt som hjelper oss mot parasittar som bendelorm. Th2-lymfocyttane og eosinofil-cellone som vernar oss mot innvollsormar er dei samma som spelar ein sentral rolle i allergiske reaksjonar. I den vestlege verda har dessa parasittane no vorte sjeldne — men immunresponssystemet er det samma og blir utløyst av visse allergen i ein del menneske.
  • Ein tredje hypotese gjev luftfororeinsing skulda for auken i talet på astmatikarar. Medan det er godt kjent at omfattande kontakt med visse industrikjemikaliar kan føre til akutte astmaanfall, er det ikkje bevist at dessa utgjer den spesifikke årsaka til astmaauken. I Vest-Europa har utsleppet av dei fleste atmosfæriske luftförureinsingsstoffa gått markant ned i dei siste 40 åra medan astmafrekvensen har gått opp.

Typiske utlöysande faktorar inkluderer:

  1. Inhalerte allergen, slik som:
    1. husstøvmidd
    2. kakkerlakkavføring
    3. pollen av f.eks. hassel, older, bjørk, gras og burot
    4. muggsoppsporor
    5. flass av husdyr
  2. irritantar som f.eks. tobakksröyk, eksos, mekanisk støv, svoveldioksid eller parfyme og andre sterke lukter
  3. kald luft
  4. fysisk aktivitet
  5. luftvegsinfeksjon
  6. Aspirin og liknande medikament
  7. og i nånn grad emosjonelt stress

Behandling

Symptomatisk

Episodar med piping i brystet og andenød responderer oftast til inhalasjonsbronkodilatorar som verkar ved at dei avspenner den glatte muskulaturen i luftvegsveggene. Ved alvorligare tilstandar er det ofte nødvendig å gje pasienten inhalert, ved oral eller intravenøs kortison som undertrykkjer betennelsen og reduserer hevelsen i luftvegsveggene.

Förebyggjande

Utlöysande faktorar slik som husdyr og aspirin bør utreidast og hanskast medMal:Fn. Astmatikarar med meir eller mindre daglige symptom vil oftast ha utbytte av regelbunden medisinbruk. Den mest effektive förebyggjande lækjemiddeltypen er kortisonpreparat til inhalering.

Sjå òg

Fotnotar

  • Mal:Fnb Mujica, V.R.; Rao S.S.: «Recognizing atypical manifestations of GERD; asthma, chest pain, and otolaryngologic disorders may be due to reflux.» Postgrad Med J 1999;105:53-55. PMID 9924493.
  • Mal:Fnb Jenkins, C.; Costello, J.; Hodge, L.: «Systematic review of prevalence of aspirin induced asthma and its implications for clinical practice.» BMJ 2004;328:434. PMID 14976098.
  • Mal:Fnb Inwald, D. ... [et.al.]: «Oxygen treatment for acute severe asthma.» BMJ 2001;323:98-100. PMID 11451788.

Kjeldor


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Astma» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.