Arnold Dalen: «Den trønderske lina i norsk målreising»

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Arnold Dalen:
«Den trønderske lina i norsk målreising»
(Først utg. i Mål og makt 3/1994.)

Overskrifta på denne artikkelen føresett at den fins noko som heiter ei trøndersk line i den norske målreisinga og at den har hatt sine representantar her i landsdelen opp gjennom den nyare språkhistoria, og at dei har vori dominerande i målrørsla her. Ein kan sjølvsagt innvende mot ei slik framstilling at ein i Trøndelag som i andre landsdelar har hatt representantar for ulike syn på korleis det nynorske skriftmålet skulle utvikle seg, og vi har hatt både dei som har hørt heime blant dei nasjonale puristane og dei som har stått for ei liberal folkemålsline. Det gir likevel meining å tale om ei trøndersk line i denne samanhengen dersom ein dreg fram dei trønderske målmennene — og det er nok her berre snakk om menn — som har markert seg tydelegast i arbeidet for norsk mål, og denne lina kan ein seie er prega av eit demokratisk, jordnært og udogmatisk målsyn.

Først vil eg trekke fram ein del foregangsmenn, som ikkje direkte går inn i målreisinga, men som direkte eller indirekte har uttrykt eit syn på norsk og trøndersk mål.

I eit manuskript frå 1727 skriv Hans Olufsen Nysted, ein prest i Jylland som var fødd i Trondheim i 1664, at

som Trunhjem har vært de Norske Kongers gamle Kongesæde, hvor hele hoffet og tillige kernen af folket gjerne fandtes, så kunde man med nωn grund at ville slutte at i Trunhjem torde vel den beste levning av det Norske sprωg findes.[1]

For ikkje å ta for mye i kan ein trygt seie at dette synet kom lite fram da det norske skriftmålet vart gjenreist på 1800-talet.

Det er vel for drygt å seie at Nysted direkte går inn i den trønderske målreisingslina. Ein verkeleg forløpar for den trønderske mållina var derimot stortingsmannen og bondepolitikaren Hans Barlien som i år 1800 fekk trykt ei omsetting av dei ti bodorda med Luthers forklaring på namdalsmål med den grunngivinga at

Siden Ungdommen af Bondestanden kan saa vanskelig forstaae det danske Sprog, troer jeg det var nyttigt, at de ti Guds Bud paa Norsk bleve hæftede til Luthers Catechismus (...) mine Venner de smaae Lærlinge skulde ved denne Oversættelse lidt snarere fatte Meningen af Budene, (...)[2]

Det er eit pedagogisk og demokratisk syn på språket som her kjem fram, i tråd med Luthers grunngiving for si bibelomsetting, men nokså einestående omkring år 1800.

Også den kjende bondeopposisjonspolitikaren John Neergaard kan reknas for ein foregangsmann for ei demokratisk folkemålsyn. I Ola-boka let han selbyggen Ola bruke sitt eige målføre (rettnok eit noko mangefullt selbyggmål) i den politiske diskusjonen, og boka gav støyten til fleire avisinnlegg der talemålet til menigmann blir brukt som eit middel i den politiske frigjeringsprosessen.

Den gjenreisinga av det norske skriftmålet som Ivar Aasen sette i gang, skulle i grunnen vera eit framhald av den lina som desse mennene på ein måte stod for. Dei prinsippa som Aasen formulerte i 1836, skulle gi håp om det. Her gav han uttrykk for at det folkelege talemålet er eit godt grunnlag for eit nytt skriftmål:

At vi, ved den her tilsigtede Reform eller Tillæmpning, skulde faa et altfor plat og pøbel-agtigt Hovedsprog, er en Indvending, der kun grunder sig paa Fordom og Vane. Vi ønske os just et Folkesprog, et som enhver Landsmand uden Møie kan tage Deel i (...)[3]

No kan ein ikkje seie at Aasen heilt ut kom til å stå på denne lina da det vart tale om å sette opp ei norm for det nye skriftspråket. Det landsmålet han kom fram til, kom til å ligge nærast dei indre vestlandsdialektane og fjellbygdemåla på Austlandet. Det var særleg tre grunnar til at Aasens landsmål kom til å sjå ut som det gjorde. For det første måtte arbeidet med ei samlande norm for alle dialektane nødvendigvis føre til at han gjekk bakover i språkhistoria til utgangspunket for dei noverande dialektformene. Her må ein hugse på at synet i samtida var at gammalnorsken var ei relativt einskapleg språkform utan særleg dialektskilnad. Aasens landsmål vart derfor prega av tillempingar til det gamle nasjonalspråket, og det fekk ei form som inneheldt det ein kunne kalle mellomnorske element.

For det andre var Aasen eit barn av romantikken og hadde eit språksyn som opererte med «fullkomne» og «ufullkomne» språk og dialektar. Det formrike språket vart sett på som meir fullkommi enn det formlette. Dette var det rådande synet i samtida, og grunnlaget for det vart ikkje diskutert. Også med ein slik målestav måtte dei mest arkaiske dialektane bli foretrekte. I forestillinga om «fullkomne» og «ufullkomne» språk og former låg det truleg også ei estetisk vurdering, men dette synet kjem berre indirekte fram hos Aasen når han kjem med karakteristikkar av dei ulike norske dialektane. Det er samanlikninga med gammalnorsken som er det viktigaste.

For det tredje hadde Aasen, som mange andre i samtida, eit syn der det nasjonale i sterk grad var representert ved den gamle kulturen og det som hadde overlevd av den. I «Om vort Skriftsprog», som han skreiv i 1836, snakkar han såleis om “(...) denne kostelige Skat fra Fortiden, som vore Forfædre gjennom alle sine Trænglser have troligen bevaret og overladt til os som en hellig Arv”,[4] og om at “[vort Nationalsprog] dyrkedes (...) i Bondens Hytter i vore Dale og paa vore Strande; (... ) Bonden har den Ære at være Sprogets Redningsmand; til hans Tale skulde man altaa lytte.”[5]

Sjølve utgangspunktet for Aasen var likevel demokratisk, sosialt og pedagogisk. Han ville gjenreise bondens mål, skapa vørdnad for folkemålet og gi dei lægre klassane lettare tilgang til lærdom gjennom eit språk som var deira eige. Spørsmålet var da om alle dei norske dialektbrukarane kunne kjenne seg heime i denne landsmålsnorma, og her viste problema seg tidleg, ikkje minst i Trøndelag.

Ut frå Aasens leiting etter den samlande norma, og også ut frå hans nasjonale og romantisk-estetiske vurdering, kunne ikkje dei trønderske dialektane få nokon høgseteplass i landsmålsstova hans. Dei dialektane han møtte her oppe, hadde gått gjennom så mange og så merkelege forandringar at dei måtte finne seg i å bli ståande på gangen. I dagboka frå 1842 skriv han:

Saaledes synes der i Trøndelagen selv at herske et Sprog, som er langt mindre tydeligt og fuldkomment end det som Asbjørn af Medalhuus og Einar Tambarskjelver formodentlig have talet.[6]

Enno så seint som i 1846, da han skulle ha studert trøndermåla meir inngåande, feller han denne dommen:

"De nordenfjeldske Sprogarter have rigtignok et Forraad af gode og brugbare Ord, men i det Hele er dog de lexikalske Materialier, som de tilbyde, ikke meget betydelige. Sprogarterne i den søndre Deel af Trondhjems Stift have endda noget af den Ordrigdom, som finder Sted i Midten af Landet; men derimod synes de nordre trondhjemske Sprogarter at være meget fattige — ialfald mangle de et betydeligt Antal Ord, som i det sydlige Norge ere meget udbredte. Med Hensyn til Formerne maae de nordenfjeldske Sprogarter regnes til de slettere eller mere forvanskede; (...) Fornemmelig er Vokalsystemet forstyrret ved en Mængde Lydforandringer, saa at en stor Deel af de almindelige Ord blive derved næsten ukjendelige. Dette er dog især Tilfældet i den indre Deel af Trondhjems Stift; Sprogarterne ved Kysten have mindre af disse Lydforandringer, (...)[7]

Det var først og fremst lydutviklinga i trøndersk som skapte problem for han, og det var nok jamningsformene, spesielt dei indre trønderske formene han hadde vanskeleg for å akseptere. Han forstod elles ikkje jamningssystema i trønderdialektane i førstninga, og han likte aldri slike former som å låvvå, å vårrå, ein ståggå, ei vukku, ei hosso. Det andre ankepunktet hans, mangelen på ord, er det derimot vanskelegare å forstå bakgrunnen for, men han meinte tydelegvis både i 40-åra og seinare at trøndersken var ordfattig. I eit brev til trondheimaren Eirik Sommer gjentar han at “(...) de trondhjemske Dialekter, uagtet de indeholde mange gode Ting, dog have enkelte Savn i Ordforraadet (...)”[8] Kva han bygde denne oppfatninga på, veit vi ikkje, men ein kan tenkje seg at han i innsamlingsarbeidet sitt gikk ut frå lister av ord som han prøvde å finne att i dialektane. Når ein no veit at det i Trøndelag i mange tilfelle er ein annan nemningsbruk enn lenger sør, da kan ein forstå at han kunne komma til ein slik konklusjon. Det var nemleg svært mykje som Aasen ikkje fekk med seg av trøndersk vokabular. På Nordisk institutt i Trondheim har vi gjort eit lausleg overslag over det materialet som er samla inn til Ordbok over trøndermåla, og det viser seg da at ca. 25 prosent av oppslagsorda ikkje er registrerte verken i ordbøkene til Aasen eller Ross og heller ikkje ved Norsk ordbok i Oslo, og av desse oppslagsorda er ca. 7 prosent usamansette. Forestillinga om ordfattigdommen Trøndelag kan ha si bakgrunn i at Aasen hadde ei viss mistru til dialektane i landsdelen, men innsamlingsmetoden hans er nok den mest sannsynlege forklaringa.

Det dukka tidleg opp ei trøndersk kritikar av Aasens målline. Ole Vig hadde i Folkevennen i 1856 ei melding av Aasens Norske Ordsprog, og her legg han fram eit syn som vi finn att hos trønderske målmenn også seinare. Vig kritiserer Aasen for å ha valt former som berre har eit svært avgrensa talemålsgrunnlag. Han seier at “Allerede Formene Sanningi (istedenfor Sannheita), Soli eller Sole (for Sola), nog (istedenfor nokk), Bygdi (for Bygda), Gaasi (for Gaasa) osv. er efter min Mening drygere end de de i et norsk Mønster-Skriftsprog burde være, eftersom hine Former nu kun findes i forholdsvis meget faa Bygdemaal.”[9] Vidare nemner han former som «dat», «kvat», «Sjo» og «Snjo» og seier: “Lad disse Former længe nok være ‘rettere’, NB, naar de sees fra Gammelnorskens Synspunkt, de ligger dog altfor fjærnt for Mængden af vort Folk til at forstaaes og udtales med Lethed.”[10] Vig set Aasens skriftformer på line med dei danske: “... at hvad der i Talen er fremmedt for Folket, det er og blir fremmedt, og at dette gjelder ligesaavel naar Talen er om uddøde oldnorske Ord og Ordformer, som naar vi taler om rent danske.”[11] Vigs syn er at “et nyt Skriftsprogs Formbygning burde rette sig saa nogen-lunde efter, hvad der er gangbart i den største Del af Landet, (...)”[12]

Ole Vig hadde stor sympati for målreisingstanken (“Ingen kan mere end jeg ønske et norsk Skriftsprog, ... ”) og han hadde kontakt med dei første målmennene, men han kunne ikkje godta at det nye språket “bør bygges paa de Ordformer (...), som nu kun findes i en Bygd eller to, end-sige optage dem, som alene hører Fortiden til,”[13] og han kom derfor ikkje til sjølv å bruke dette målet.

Det var likevel ein trønder som så tidleg som i 1850-åra førsøkte seg som landsmålsskribent, nemleg Eirik Sommer. I 1857 gav han ut ei samling av Soga-visor, og seinare arbeidde han med ei Noregshistorie som kom ut i 1862, og med andre historiske arbeid. I og med at han var så tidleg ute, og faktisk var den første utanom Aasen som tok landsmålet i bruk, har han sin plass i målreisingshistoria, men ikkje som representant for det eg har kalla den trønderske lina. Sommer strevde å godt han kunne med å følgje Aasens normering. I visesamlinga er han heller ustø og inkonsekvent i språkbruken, mens målet i historiebøkene hans er meir i samsvar med Aasens norm, men med til dels meir innslag av norrønt. Han søkte hjelp hos Aasen, som i eit brev frå 1858 uttrykte at arbeidet hans (utkastet til noregshistoria)

(...) efter Omstendighederne var bedre end man kunde vente. Jeg forstiller mig nemlig, at en Trondhjemmer maa have nogen Vanskelighed for at sætte sig ind i det fuldkomneste Landsmaal (...)[14]

Aasen seier vidare at

(...) saa fornøieligt, som det nu er at see et saadant Arbeide i Haandskrift, saa kan jeg dog ikke dølge, at jeg vilde have nogen Betænkelighed ved at see det paa Prent uden nogen forandring. (...) Folket burde vænnes til den fuldkomneste Sprogform (...) en Form, som vel maa føie sig efter de almindelige norske Egenheder i Talen men som dog ikke maa give efter for Dialekternes Forvanskninger ved bred Udtale eller ved Indlemmelse af unorske Ord.[15]

Den mannen som kom til å ta opp Ole Vigs idear om landsmålet, og den som i praksis kom til å verkeleggjera ideane, var Olav J. Høyem frå Byneset. Også bror hans, Ivar Høyem, bør nemnas i denne samanhengen. Han skreiv i 1880 to mållærer for landsmålet, Ei lita mållære og Norsk mållære, med grunnlag i trøndersk talemål. Det var likevel Olav Høyem som var den fremste stridsmannen for det trønderske målsynet, og den som vekte mest strid. Olav Høyem var lærarutdanna og vart som Vig særleg opptatt av dei pedagogiske sidene ved målrørsla. Ved eit tilfelle var han ei tid også tilsett i same post som Ole Vig hadde hatt i Kristiansund. Han kom til å arbeide som forfattar med mange emne, men det er folkeopplysning og skoleopplæring som ligg til grunn for dei fleste av bøkene hans. Eit arbeid som peikar fram mot målarbeidet hans, er bygdeboka Nes eller Bynes, en bygdebeskrivelse, som kom ut i 1862. Høyem var den gongen inspirert av Knud Knudsen, og den dansk-norsken han nytta i bygdeboka, var eit sterkt oppnorska skriftmål. I denne bygdeboka tok han med ein del segner frå Byneset, og dei er gjengitt i ei dialektform som er normert i retning av landsmålet. Seinare tok han opp tråden frå Barlien med å legge den religiøse opplæringa i skolen språkleg til rette for skolebarna. I 1873 gav han såleis ut Barn-lærdommen eller den litle katekjesen hans Morten Luther i norsk språkform. I forordet legg han fram grunngivinga for å gjera eit slikt arbeid:

(...) utan norske ordlag er bibelordet ikkje omskrevet på norsk og kan derfor ikkje gro naturleg fast på folketungen og i folkehjartet og der bli ei virkande makt til ljøs og stønad i vårt yrkjande kvardagslag.[16]

I innleiinga til O.J. Høyems bondehjelpar i ny mynt, mål og vegt, i tidelingsrekning o.m.m., som kom i 1876, kjem hans målsyn til syne når han seier

Og kan du vel finne nokod så naturleg og beintfram som det, at du skriv og læs netop det målet, som du tæk på tunga, når du talar![17]

Den direkte samanhengen mellom talemålet og skriftmålet var for Høyem det viktigaste i arbeidet for eit norsk mål her i landet, og den etymologiserande og systematiserande norma som Aasen hadde sett opp, var for snever for han. Her låg det grunnlag for sterke motsetningar, og dei kom tydeleg fram da han tok fatt på det største arbeidet sitt, Den helige saga og kjørkjesaga, som vart utgitt i 1881. Dette var ei fri omsetting av J.T.A. Tangs Større Bibelhistorie og var den første omsettinga til landsmål av bibelske tekster. Høyem prøvde ikkje å skape eit fjernt og høgtideleg bibelspråk, men la seg på ei munnleg og folkeleg form i eit landsmål som bygde på hans eige talemål. Eit utdrag frå den første Moseboka gir eit godt bilde av stilen hans:

Seinare með lydde Vårherres orð åt Abram uti eit syn soleiðs: gruv ikkje, Abram! eg er skjoldenn din og den ovstore løna di! Men Abram svarer: Herre Guð, kva vil du gjeve meg? eg går her barnlaus; og råðsdrengen min, han Elieser, skal arve meg. Då segjer Vårherre: nei, du skal få ein son; og han skal arve meg. Og Guð bað Abram koma ut på tune; og der segjer han åt honom: sjå no op i himmelen og rekn stjernorne, om du kan; og atti orðe segjer han: net soleiðs skal avkjømda di verte![18]

Eit eksempel frå Det nye testamentet viser også kva stillag Høyem lar dei bibelske personane uttrykke seg i:

Tomas, ein av dei 12, hadde ikkje vore tilsteðs påskedagskvelden, då Jesus kom. Difor sa dei andre åt honom, først dei fan han: Æn vi, som no har set Herren! Men Tomas svara dem: Neimen om, eg det trur, føræn eg fær sjå spikarhola i handom hans og fær take borti dem með fingeren min, og føræn eg fær legge handa mi borti siða hans![19]

Med eit slikt bibelspråk, som i den grad braut med det tilvande, måtte Høyem rekne med både å få kritikk og bli utsett for latterleggjering. Det var ikkje allment kjent at f.eks. Det nye testamentet opphavleg var skrivi i eit folkeleg gresk og at Høyems språk i grunnen var meir i tråd med den originale språkforma enn det bibelspråket som hadde vorti fjernt og opphøgd og «bibelsk» berre for di det var gammalt. Johan Storm hadde i alle fall ikkje syn for eit så folkeleg språk. Han snakkar om “den eiendommelige Stil, hvori den hellige Historie er fortalt” og seier at

Den er tillige paafaldende vulgær (...) Høyem har (...) med synlig Forkjærlighed foretrukket den lavere Stil; han vælger de mest hverdagslige Udtryk, selv naar han taler om de høieste Ting.[20]

Men heller ikkje dei fremste målmennene var særleg oppglødde for Høyem og hans bibelomsetting. Han hadde sendt ut oppmoding om hjelp i omsettingsarbeidet, men det var lite å hente her, “(...) dei fleste av dei glupare målmennom heldt seg tilbakers og bau∂ meg ingja hjelp; ...”[21] fortel han i forordet til boka. Han hadde hatt kontakt med Aasen i samband med katekjes-omsettinga, og Aasen uttrykte i eit brev til Høyem i 1873 at “(...) man her fremfor alt ønsker en værdig, velklingende og klassisk Form, ligesom i Bibelstilen.”[22] I eit svar frå 1881 på spørsmål frå Det norske Samlaget om hjelp til ei bibelomsetting seier Aasen at han

(...) fornemmelig vil søge at virke til, at Texten kunde gives i en værdig og velklingende Stiil og ikke lempes for meget efter en skjødesløs og forfusket Hverdagstale.[23]

At han her har Høyems arbeid i tankane, kan det vel ikkje vera tvil om.

No var Høyem klar over at ikkje alt var fullkommi i bibelomsettinga: “Vel nok visste eg, då eg tok åt, at det ikkje let seg gjera i målvegen å få-til noko mønsterverk, ja at mange ændå vilde laste arbeiðe for både dit og dat; ...”[24] Det var eit meir prinsipielt syn som låg bak for han:

"Endeleg la eg til vegs av den grun, at eg trur, det var nauðtorvelegt å arbeiðe målsakja fram på 2 meiðar, og det difor var mi skjylda å motverke den einsiðugheiten, som i målformvegen truger með å gjera målsakja langt mindre elska av sjølve bonden utover storvidderne av lande, æn som ho fortener og so storleg treng; for skal dette gå vel, so må her no, meðan alt ændå er frit og ingja form dømt einveldug, stige fram bokskrivarar i det øystre og nørðre Noreg au; og desse fær sjå til å halde seg i høveleg måt på kvar sin lands-dels eigen naturlege målbotten, samstundes með at dei skal tøyge seg so langt, dei på naturleg måte kan, soat dei lel skriv for det heile land; for fleirtalsmål må her fram, skal målsakja ende i heilt landsmål til hugnað for det heile folk; fåtalsmål har Noreg mykje lenger æn lenge nok nytta og trektes með, både til openleg, muntleg bruk og i bokom.[25]

Høyems syn var da at fleirtalsmålet, dvs. talemålet på Austlandet og i Trøndelag, måtte få komma sterkare inn og sette sitt preg på landsmålet. Dette måtte da nødvendigvis støyte saman med Aasens målline som ikkje hadde tatt omsyn til utbreiinga av formene, men som såg samanheng og system, til ein viss grad også omsynet til gammalnorsken og dei andre nordiske språka, som det viktigaste. Mens Aasens landsmål på ein måte var det målet som kunne ha vaksi fram dersom skriftspråkstradisjonen ikkje hadde vorti broti i mellomnorsk tid (sjølv om det sikkert ville ha innehaldi like mange innlånte ord og ordlagingselement som dansk og svensk), var Høyems målideal eit skriftspråk bygd på dei eksisterande dialektane i dei folkerikaste delane av landet. Høyems stilideal var også meir jordnært og folkeleg enn det Aasen stod for. Høyems stil var prega av levande uttrykksform i talemålet, mens Aasen snakka om eit vyrdeleg landsmål med same prestisje som og som konkurrent til det danske skriftmålet.

Stortinget vedtok å kjøpe inn 1000 eksemplar av Høyems bibelhistorie og sende dei til lærarar over heile landet. Boka vart såleis kjend, og det kraftige og jordnære bibelspråket hadde påverknadskraft i tiåra framover. Høyem arbeidde med å få gitt ut ei ny og revidert utgåve, men fekk ikkje realisert den planen i si levetid. Først i 1901, to år etter at han var død, kom den nye utgåva som da var «Omvølt og utgjevi på nytt lag av Trønderlaget». Det var tre menn som stod bak den nye utgåva, adjunkt Arne Vestrum, seminarlærar A. Schelde og folkeskolelærar J. Mollan. Dei språklege forandringane gjekk først og fremst ut på å gjera skriftforma lettare å lesa, bl.a. ved å sløyfe ð-teiknet og ved å gjennomføre meir konsekvens i form og uttrykk.

Det var særleg Arne Vestrum som hadde ansvaret for det språklege revisjonen av bibel- soga, og han var i sitt målsyn på line med Høyem. Den nye utgåva av boka kom ut på Levanger der Vestrum arbeidde ved middelskolen. Han var adjunkt med realistutdanning, men var like engasjert i humanistiske emne, først og fremst historie og språk. Han gjekk etter kvart over frå dansk-norsken til eit landsmål som kan samanliknas med Høyems folkelege og talemålsprega skriftmål. I Englands saga, som han gav ut i 1895, har han eit forord «Aat lesarom» der han bl.a. grunngir bruken av dativformer med at “... det høver med heimemaalet mit,” og han har ein stil og ei språkføring som klart viser samanhengen med hans trønderske dialekt. Han hadde som Høyem klare pedagogiske og demokratiske synsmåtar på språkbruken i skriftlege framstillingar. Han unngjekk ikkje lånord som var levande i dialektane, men han prøvde å skifte ut vanskelege fremmendord, f.eks. i fagterminologi. I ei lærebok i kjemi frå 1898, lanserte han såleis fleire avløysingsord som f.eks. lufttyngd for atmosfære, tildrag for affinitet, freistnad for experiment.

Vestrum var aktiv i målarbeidet også på andre måtar. Han var bl.a. med Hægstad på tre av målkursa som Stortinget løyvde pengar til, men han var ikkje nøgd med Hægstad og hans måte å lære trønderane landsmål,

han dreiv mesta berre med fonetik og grammatik; men um setningsbygnad, vendingar, stil og stilkonst fekk dei inga rettleiding. Dermed vart dei ikkje vars det gode og heilstøypte i heimemaalet sit; for det er paa desse bauer at trøndersk hev styrken sin.[26]

skriv han i eit brev til Garborg. Han søkte om stortingsløyvinga for å halde fram med slike kurs etter at Hægstad hadde flytta frå Trøndelag, men fekk ikkje svar eingong. Seinare fekk han greie på at Hægstad hadde bedt Matias Skard om å søke denne løyvinga. Vestrum arbeidde også med ei større ordbok «aat allmannen» der ordtilfanget i trøndersk og austlandsk skulle få større plass enn i dei landsmålsordbøkene som da fans. Heller ikkje til dette arbeidet fekk han økonomisk hjelp. Årsaka kunne vera at landsmålsorganisasjonane såg det som ein konkurrent til Steinar Schjøtts ordboksarbeid.[27] Ein av dei leiande målmennene, Severin Eskeland, kom i denne tida til Levanger lærarskole, og han representerte eit heilt anna syn på målrørsla enn det Vestrum stod for, og hadde nok lite sympati for hans liberale trønderske målsyn.

All motgangen og all motarbeidinga som Vestrum møtte frå landsmålssida, førte til at da han skreiv Skogns Historie i 1920- og første del av 1930-åra, gjekk han over til riksmål, rett nok eit personleg prega riksmål, men eit mål som i samanlikning med det friske og kraftige landsmålet han tidlegare hadde brukt, verkar stivt og blodlaust. Lars Groven, som har skrivi om dette kapittelet i trøndersk målsoge, meiner at det ikkje kan vera anna forklaring på dette omskiftet enn at han var djupt vonbroten og at hadde gitt opp trua på at det gjekk an å få gjennomslag for sitt syn i det landsmålsregimet som den gongen rådde.[28] Truleg er dette ei rett vurdering.

Vestrums arbeid, først og fremst gjennom den nye utgåva av Høyems bibelverk, ser likevel ut til å ha hatt meir varig verknad. Forfattaren Olav Duun kom nemleg til lærarskolen på Levanger same året som den nye utgåva av Høyems Den helige saga kom ut, og det er rimeleg å tru at språket i bibelomsettinga og Vestrums målsyn vart diskutert blant studentane på skolen. Den målforma som Duun kom fram til etter dei to første bøkene, er heilt i tråd med det Høyem og Vestrum hadde kjempa for: eit skriftleg språk som beinveges og fullt ut bygger på talemålet, der setningsbygnaden er munnleg og der heile ordtilfanget blir utnytta.[29] Han seier at han har lært språket av kårkallen heime. Truleg oppdaga han den gode forteljestilen av han, men Duun har nok fleire direkte modellar for si språklege form. Det er tydeleg at talemålstonen ligg bak heile forfattarskapen, og da ikkje berre i replikkane, slik som hos mange norske forfattarar, men også i prosaframstillinga. Duun har gitt Vetle Vislie æra for at han språkleg utløyste diktarevnene hans, og det er sikkert heilt rett, men forklaringa på at han frå og med Paa tvert (1909) gjekk bort frå den relativt regelbundne skriftforma over til eit så utprega talemålsnært landsmål, ligg nok i påverknaden i miljøet rundt Vestrum.

Liksom Høyem fekk heller ikkje Duun fekk særleg mykje godord for den trønderskprega målforma si, i alle fall ikkje frå først av. Han skriv om dette i eit brev til Vislie i 1917 at

Eg fekk på eitt einaste år 36 skjennepreker for at eg skreiv dansk, ikkje berre ord, men vendingar.[30]

Duun heldt seg nemleg ikkje til reglane, verken i ortografi eller i ordval, og eit så fritt forhold til norma, det var ikkje velsett i dei mest nasjonale landsmålskretsane. Han var klar over dette, og i eit brev til Vislie i 1908 kommenterer han Rasmus Steinsviks melding av Marjane, der stilen hans var kritisert, med at

det han har set, er berre ideleg ‘ondskabs synd’, av den ‘gjørlige’. Og er er rædd, at um eg er godfor aa læra noko, so ber det ikkje den vegen han ynskjer.[31]

Duun var da heller ikkje særleg glad i dei nasjonale puristane. Det kjem tydeleg fram i skildringa av representanten for dei høgstemte målmennene som han har lagt inn i to av bøkene sine, nemleg Mikkjel Vikesylt som opptrer i På Lyngsøya og i I stormen. Denne personen er kanskje den sterkast karikerte figuren i Duuns bøker. Han er framstilt som ein hyklar som snakkar eit oppstylta landsmål og er full av frasar og høgtidelege ord som når han talar om “njotingi og mammons-dyrkingi”. Formelt uttrykker han seg i samsvar med landsmålsnorma den gongen, men det er mange ord og lite innhald i det han seier: “Nei det er som eg tidt hev sagt, det, at med umsyn til spekulasjon og det umkverve, og alt sovore, både eitt og hitt: Det er andi, du, som er det yver-legne.”[32]

Duuns diktarspråk kan ein sjå som det ypparste uttrykket for det trønderske målsynet og stilidealet. Duun viste at det i den enklaste daglegtalen låg poetiske mulegheiter, berre dei vart utnytta av ein diktar med sansen for det som er ekte og i samsvar med emnet. “Eg maa gaa den lange kvardagslige skildringsvegen,” seier han om diktararbeidet sitt,[33] og han seier at han må få stilen til “å gro opp av molda”.[34]

Respekten for talemålet synes å gå som ein raud tråd i trøndersk målreising, heilt frå Barliens katekismeomsetting til overhallmål i 1800 og fram til Olav Duuns romanar der heimedialekten frå Ytternamdalen kan høras både bak replikkar og prosaframstilling. Også andre trønderske nynorskforfattarar går inn i denne tradisjonen, f.eks. Kristofer Uppdal, Inge Krokann, Ola Setrom, men Olav Duun er den fremste representanten for denne lina. I dei seinare tiåra har vi fått fleire yngre trønderske skjønnlitterære forfattarar som har ført tradisjonen vidare. Det er forfattarar som alle har hatt opplæring i bokmålet og har skrivi dei første bøkene på dette målet, men har gått bort frå det for di personane og miljøet dei skildra, ikkje vart ekte og levande i denne målforma. Dei har gått over til nynorsk, og eit nynorsk som på same vis som Duuns språk har dialekttalemålet som stilistisk norm og ikkje alltid er i samsvar med den klassiske nynorsk-tradisjonen, særleg ikkje når det gjeld bruk av ord og ordlagingselement som ikkje har heilt nasjonal stamtavle og derfor ikkje har vori heilt godtatt innafor den offisielle norma. Blant dei mange yngre trønderske nynorskforfattarane kan vi nemna Torvald Sund som har hatt stor suksess med sine frodige barnebøker skrivne i eit fosenmålsprega nynorsk, Idar Lind som bygger skriftmålet sitt på namdalsdialekten i kriminalbøkene frå trøndersk miljø, Rudolf Børø som også har fosenmålet som bakgrunn for sin nynorsk. Den liberale og demokratiske trønderske lina innafor målrørsla er såleis levande og sterk også i dag, trass i tilbakegangen for nynorsken som opplæringsmål i landsdelen. Det ser ut til at det trønderske talemålet finn sitt beste uttrykk innafor eit romsleg og udogmatisk nynorsk. Vi får håpe at den målforma og det stilmønsteret som dei beste trønderske diktarane har utnytta, også kjem til å sette spor etter seg i den offisielle nynorsken.

Fotnotar

  1. Nysted 1976:583.
  2. Dalen og Hagland 1985: 130f.
  3. Walton 1984: 56.
  4. Walton 1984:54
  5. Sst.55.
  6. BD III:62.
  7. BD I:134.
  8. BD I:350.
  9. Myhren 1975:52.
  10. Sst.
  11. Sst. 53.
  12. Sst. 53.
  13. Sst. 53
  14. BD I:349 f.
  15. Sst. 350.
  16. Sitert i Røkke 1930:67.
  17. Haugland 1971:121.
  18. 1881:11
  19. 1881:323.
  20. Storm 1888:34 f.
  21. 1881:IV
  22. BD II:133.
  23. BD II:194.
  24. 1881:IV.
  25. Sst.
  26. Groven 1990:111
  27. Sst. 113.
  28. Groven 1990.
  29. Jfr. Dalen 1977.
  30. Lien 1968:135.
  31. Lien 1968:132.
  32. På Lyngsøya: 121.
  33. Lien 1968:133
  34. Sst.133f.

Litteratur

  • Dalen, Arnold 1977: «Talemål som litterær reiskap. Om Olav Duuns språk.» UNITEKST nr.2. Trondheim. S. 38-53.
  • Djupedal, Reidar 1957-60: Ivar Aasen. Brev og dagbøker I-III. Oslo 1957-60. (Forkorta: BD).
  • Duun, Olav: På Lyngsøya og I Stormen. I Skrifter 3 og 7. Oslo 1957.
  • Groven, Lars 1990: «Språkmannen Arne Vestrum - og litt om Olav Duun i Levanger-tida.» Nord-Trøndelag historielag. Årbok for 1990. Steinkjer. S. 105-117.
  • Haugland, Kjell 1971: «Ei folkerørsle blir til.» Haugland, Kjell: Målpolitiske dokument 1864-1885. Oslo. S. 7-30.
  • Høyem, O.J. 1881: Den helige saga og kjørkjesaga. Nidaros.
  • Høyem, O.J. 1901: Den helige saga. Omvølt og utgjevi paa nytt lag av Trønderlage. Levanger.
  • Lien, Asmund 1968: «Nokre brev frå Olav Duun.» Årbok for Trøndelag. Nr.2. Trondheim. S.128-146.
  • Myhren, Magne 1975: Ei bok om Ivar Aasen. Språkgranskaren og målreisaren. Oslo.
  • Nysted, Hans Olufsen 1976: Dansk rigssprog, en beskrivelse fra 1700-tallet. Udgivet med Indledning af C. C. Henriksen. København.
  • Røkke, Olav 1930: Olav Jakobsson Høyem. Nidaros.
  • Storm, Johan 1888: Det nynorske Landsmaal. Kjøbenhavn.
  • Vig, Ole 1865: «Anmeldelse. Norske Ordsprog, samlede og ordnede av I. Aasen.» Myhren 1975, s.50-55.
  • Walton, Stephen J. 1984: Om grunnlaget for norsk målreising. Voss.


© Den her teksten er fullt ut verna etter tilgjengelige opphavsrettslovar og kan ikkje brukast fritt. Han kan brukast innaför nettstaden Alnakka.net etter løyve frå opphavsretthavaren. This text is fully protected by all available copyright laws and may not be redistributed and used freely. It may be used within the web site Alnakka.net by permission from the copyright owner.
Personlige verkty