Luláb

Frå Alnakka.net

(Omdirigert frå Arbangá miním)
Gå til: navigering, søk
Arbangá miním

Luláb (hebr. לוּלָב), òg skrive lulav, tyder ordrett ‘palmegrein’ eller ‘palmeblad’. I praksis blir ordet luláb bruka i tydinga arbangá miním.

Arbangá miním

Ein luláb inneheld ei palmegrein, to kvistar av piletre og tre kvistar av myrt. Dessa er samenbundne til ein bunt med palmegreina i midten. I tillegg til luláben brukar ein ei etróg-frukt. Etróg (hebr. אֶתְרוֹג) er ei sitrusfrukt som liknar mykje på sitron. Luláben med sine tre slag plantar og etrógen i tillegg blir kalla de fire slaga (hebr. אַרְבָּעָה מִינִים, arbangá miním)

Det blir sagt at luláben og etrógen til samen står for sju personar frå den jødiske historia: De tre myrtekvistane står for Abrahám, Jiṣ’ḥák (Isak) og Jangakób; dei to pilekvistane står for Mosjé (Moses) og Aharón, palmegreina står for Joséf — og etrógen står for kong Davíd.

Netilàt luláb

Det blir rekna som ein miṣvá å gjera netilàt luláb (hebr. נְטִילַת לוּלָב) kvar dag under sukkót, anna enn på sjabbát, når ein ikkje gjer dette.

Føre du gjer netilàt luláb, snu deg mot aust. Hald luláben i høgrehanda og etrógen, med knoppen opp, i vinstrehanda. Hald hendene samen, slik at luláben og etrógen rører kvarandre. Sei:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ עַל נְטִילַת לוּלָב׃

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hangolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv, veṣivvánu ngal netilàt luláb.

Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over Universet, som helga oss med boda Dine og baud oss å halde fram palmegreina.

Første gongen vi gjer netilàt luláb dette året seier vi sjeheḥejánu:


בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. שֶׁהֶֽחֱיָֽנוּ וְקִיְּמָֽנוּ וְהִגִּיעָֽנוּ לַזְּמַן הַזֶּה׃

Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, universets regent, som heldt liv i oss og heldt oss oppe og lét oss nå denna tida.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, sjeheḥejánu vekijjemánu vehiggingánu lazzemán hazzé.

Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos abiviguo, y nos sostuvo, y nos allegó al tiempo este.

Snu så etrógen slik at knoppen snur ner. Deretter:

  1. Strekk fram hendene og før luláben mot aust og tilbake til bringa att tre gonger.
  2. Snu deg mot høgre; strekk luláben tre gonger mot sør.
  3. Snu deg mot høgre; strekk luláben tre gonger mot vest.
  4. Snu deg mot høgre; strekk luláben tre gonger mot nord.
  5. Snu deg mot høgre slik at du vender andletet mot aust att; strekk luláben tre gonger oppover.
  6. Bli ståande med andletet vendt mot aust; strekk luláben tre gonger nerover.

(Dette er sefardisk tradisjon og stemmer overeins med Sjulḥán ngarúkh. Asjkenazím snur seg ikkje rundt under netilàt luláb.)

Personlige verkty