Alnakka.net:Ordliste

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Ordliste
  A     B     C     D     E  
  F     G     H     I     J  
  K     L     M     N     O  
  P     Q     R     S     T  
  U     V     W     X     Y  
  Z     Æ     Ø     Å    
Andre retningslinjor

Av hensyn til lesarane prøver vi å halde skrivemåten mest mulig konsekvent innaför heile prosjektet. Utgangspunktet er at vi fölgjer Nynorskordboka med hovudvekt på midtnorske former. Språkforma er elles lagt tett opp til dialekten på Nordmør, i Fosen og i Ytter-Namdalen — inkludert ein del skrivemåtar som ikkje står i Nynorskordboka. Nedaför finn du eit generelt oversyn over språkforma her. För skrivemåten av enkeltord, slå opp på förebokstaven i ordlista — sjå boksen til høgre.

Merk at bidrag på alle former av skandinavisk (inkludert nynorsk, bokmål, svensk og dansk) er like velkomne, men bidragsytarar som fölgjer ei anna språkform/normering, må rekne med at språkforma i bidraga deras på Alnakka.net kan bli endra når nån får tida.

Innhaldsliste

Normering

Samsvar med hovud- og sideformer

Hovudformer

  • Vi brukar a-ending i bestemt form av sterke hokjønsord (boka, sola).
  • Vi skriv å bli - blir - vart - vorte (ikkje å verte - vert eller blei - blitt).
  • Vi brukar er-fleirtal av hannkjønsord som ender på -nad eller trykklett -a.
  • Vi brukar er-presens av verb som ender på -ere.
  • Vi brukar oftast ø för øy og au der dét er tillate som hovudform på nynorsk (høre (ikkje høyre), løk (ikkje lauk)).

Sideformer

  • Vi skriv -lig heller enn -leg i ord som mulig, behøvelig og farlig.
  • Vi brukar ø för kort/open y der det er tillate som hovud- eller sideform på nynorsk (bøtte (ikkje bytte), ønskje (ikkje ynskje)).
    • Unntak: framför nn brukar vi y: tynne (ikkje tønne).
  • Vi brukar helst or-fleirtal av svake hokjønsord (hyllor, bøttor).
  • Vi brukar helst kløyvd infinitiv (å sova, å laga; å kaste, å feire).
  • Vi skriv helst vi (ikkje me), mykje (ikkje mye), mulig (ikkje mogleg eller mogeleg), bilde (ikkje bilete eller bilæte).
  • Vi brukar j-laus infinitiv i enkelte utvelte ord: legge, sette, sitta, synge (men derimot liggja, tenkje, steikje).

Eigne former

I ein del fall skil skrivemåten seg ut frå det vi finn i Nynorskordboka:

  • Vi skriv tisdag (ikkje tysdag, tirsdag)
  • Vi skriv i orda ljøs (lys, ljos) (f./adj.), ljøsne (ikkje lysne, ljosne)).
  • Vi skriv (ei) kirkje, ikkje kyrkje. Dét er i tråd med mange norske dialektar så vel som med norrønt, færøysk og islandsk.
  • Vi skriv (å) trøske, ikkje treskje eller treske. Dét er i tråd med nordmøring og mange andre norske dialektar.
  • Vi skriv gjenom, ikkje gjennom. Dét er i tråd med at ordet blir uttala med dental n i alle norske dialektar som har palatalisering av historisk nn. Formene gjøno(m) og gjøna er elles tradisjonell dialekt i Midt-Norge, Nord-Norge og Jamtland. Likeeins skriv vi (eit) kjøn (ikke kjønn), (ein) honing (ikkje honning), ein ven (ikkje venn). Tilsvarande skriv vi òg (eit) skjen (solskjen, mån(e)skjen).

Grammatisk kjøn:

  • Vi brukar hannkjøn i orda: bane, kasse, krabbe, måse, pakke, potet, synagoge.
  • Vi brukar hokjøn i orda: bygning, kai, lampe, maskin, penn, pil, påske, rogn.
  • Merk særlig hokjøn i dei her orda: auge, eple, lunge, nyre.

Når det gjeld ordvalet, så legg vi vekt på å bruke ord som faktisk er i bruk i Midt-Norge. Dét inkluderer ord som:

innflytelse (ikkje innflytnad), kjærligheit (ikkje kjærleik), verksamheit (ikkje verksemd)

Merk preposisjonane utur (ut or, ut av) og ått (åt, til).


 
 

Fonologi

Lange vokalar og diftongar

J + vokal

  • ja: fjas, ja, kjaka, tja, tjafs
  • je: gje, gjeld, gjeve, kjenne, kjennspak, tjenar, tjene, tjenest
  • ji:
  • jo: fjon, fjord, gjord, gjorde, ljore, skjor, tjor
  • ju: djup, djupn, hjul, jul, jur, mjuk, sju, sjuk, tjue, tjukk, tjukne, vedbju
  • jy: sjy, tjyv
  • : kjær, kjærest, lærar, lære
  • jø: bjølle, bjønn, fjøl, fjør, fjørfar, fjøro, fjøs, gjømme, kjøken, kjøl, kjøre, kjøtt, ljøs, otjø, snjø/sny, tjønn, tjøro
  • jå: ljå, skjå, sjå

Korte vokalar

Före ostemte plosivar (ptk)

I

  • ip(p): snipp
  • it(t): ditt, fritt, mitt, sitt, sitta, smitte, snitt
  • ik(k): å bikke, eit blikk, å drikke, eit sikkel, å sikle, snikkar, snikkere, snikkering, å sprikke, stikke, ein strikk, ein trikk, eit triks

E

  • ep(p): å sleppe
  • et(t): eit bett, ein brett, å brette, bretta, dett, å detta, mett, eit nett, rett, eit sett, å sette, tretti
    etter, ei vekka
  • ek(k): ein bekk, ein bekre, å brekke, eit dekk, ei ekre, ekra, ekte, ein jekk, å jekke, å mekre, mektig, å rekne, ei rekning, ein sekk, ein skrekk, ei slekt, å slekte, eit spekk, ein trekk, eit trekk

U

  • up(p): upp
    ein slupp, ein tupp, tuppot
  • ut(t): slutt, slutta
    ein futt, ein lutt, å putte
  • uk(k): bukk, bukse, lukt, lukte, sukk, sukker, tukt, tukte, ukse

O

  • op(p): eit hopp, å hoppe, ei klopp, ein kropp, ein sopp, ein stopp, å stoppe, ei stropp, ein topp, å toppe
  • ot(t): eit brott, ein mott, eit skott, eit slott, ein skrott, ein vott
  • ok(k): ei blokk, ein brokk, dokker, dokkers, ei dokke, ein flokk, eit fokk, ei klokke, ein lokk, eit lokk, ein rokk, ei rokke, ein sokk, ein stokk

Y

  • yp(p): å dyppe, hyppig, ei hyppigheit, å yppe, ypperlig
  • yt(t): ytre
  • yk(k):

Ø

  • øp(p): eit søppel, å søple
  • øt(t): ei bøtte
  • øk(k): ei øks
    ei økt

Konsonantar

D

Ein enkel d er normalt stum etter diftong eller lang vokal (inkludert tidlig förlengd a og e/i i visse einstavingsord):

  • eit bad, eit blad, blid, breid, ein fred, god, grei[d], eit haud, ei hud, eit lad, lei[d], ei leid, eit mod, ein sau[d], ein sei[d], ei skei[d], sped, ei tid, eit vad, ein ved, vedbju

I ord med historisk kort vokal varierer uttalen mellom d og stum:

  • å bada, ei lø[d]o, ein rade, ein slede, ein spade

D blir uttala i enkelte ord med historisk d etter lang vokal:

  • Edøya

(Merk likevel at ein alternativ uttale med kort e og jamvekt med andrestavelsen finst i det ordet.)

I nyare lånord blir d oftast uttala:

  • ein grad, å gradere
Personlige verkty