Alnakka.net:Om

Frå Alnakka.net

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Kjeldetypane inkluderer artiklar, bøker, bilde og pekarsamlingar. Nettstaden vart opprinneleg starta som ei pekarsamling under namnet «Skrivarstuå», inkludert underavdelinga «Skrivarstuå Judaica», kring 1999. Sidan den tid har innhaldet vorte lagt gradvis over til sjølvstendige artiklar, og med lanseringa av wikiversjonen den 20. januar 2006 har Alnakka.net sett seg som mål å vara eit fullverdig og sjølvstendig oppslagsverk for miljø, kultur og religion. Den 16. mai 2007 begynte arbeidet med å flytte over innhaldet til den nye nettjenaren på http://safon.org , og namnet vart endra frå «Hassafon» til «Safon.org». Namnet Alnakka.net har nettstaden hatt sidan seinvåren 2010.

Kontaktinfo

E-post

Emneområde

Religion

Jødedom

Det primære kulturelle og språklege rammeverket er tradisjonell sefardisk kultur med hovudvekt på portugisarjødisk kultur frå Vest-Europa, men asjkenazisk kultur (særleg i sine skandinaviske utgåvor) og jiddisch blir òg inkludert. Det langsiktige målet er å utvikle ein mest muleg komplett ressurs for dei variantane av jødedommen som har historie i Skandinavia og nærområda. Det religiøst-politiske rammeverket er tradisjonell rabbinsk jødedom, inkludert tradisjonell-egalitær jødedom. Sjølv om dét vil seie at utgangspunktet her ligg i området kring moderne-ortodoks og masorti/konservativ jødedom, så legg vi vekt på at alle ståstader innafor jødisk religion skal vara fordomsfritt og rettferdig representert — frå progressiv jødedom til ḥaredisk jødedom, og frå jødisk fornying til karaittisk jødedom og samaritansk religion.

Sikhisme

Bahá’í

Islām

Innafor islām legg vi hovudvekta på å skildre liberale retningar, inkludert aḥmadiyyā. I tillegg legg vi vekt på kunst og handverk så vel som musikk.

Naturbruk

Avgrensing mot andre nettleksikon

Wikipedia

Lokalhistoriewiki