Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 26. mars 2020 kl. 19:27 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
<< mars >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31
2024

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Religion og livssyn

Bevis0007 s.jpg
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701.   Les meir …
Elias Canetti (25. juli 190513. august 1994) var ein bulgarsk-fødd sefardisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur (1981). Elias Canetti vart fødd i Rustschuk (no Ruse), ein hamneby ved Donau-elva i Bulgaria, tett ved den rumenske grensa. Han tala flytande djudeospanjol og bulgarsk alt tidleg i barndommen. I 1911 flytta familien til England, der Elias lærte engelsk. Etter at faren dødde i 1912, levde familien eit omflakkande liv i de tyskspråklege landa Tyskland, Sveits og Austerrike. Frå 1924 budde han i Wien, der han fikk doktorgraden i kjemi i 1929.   Les meir …
Guru Arjun Dev being pronounced fifth guru.jpg
Gurū Rām Dās dji (24. september 15341. september 1581) var den fjerde av de ti sikh-gurūane og vart utnemnt til gurū den 30. august 1574 som etterfølgjar av gurū Amar Dās. Före gurū Rām Dās dødde, utpekte han gurū Ardjan Dev dji, den yngste sonen sin, som den neste sikh-gurūen.   Les meir …
Hadia Tajik.jpg
Hadia Tajik (f. 18. juli 1983) er ein journalist og arbeidarpartipolitikar frå Strand kommune i Rogaland. Föreldra innvandra til Norge frå Pakistan före ho vart fødd. Ho vaks opp i Bjørheimsbygd i Strand kommune i Rogaland fylke. Utdaninga hennar inkluderer ein mastergrad i menneskerettigheiter så vel som studium i journalistikk og juss. Ho har arbeidd som journalist blant anna i Aftenposten, Dagbladet og Verdens Gang. Ho vart velt inn på Stortinget ved valet i 2009. Da ho vart utnemnt til kulturminister fredagen den 21. september 2012, vart ho med det den første norske muslimske statsråden i Norge nån gong.   Les meir …
5934cr Edoey kirkje.jpg
Edøy gamle kirkje, tidlegare kjent som Edøykirkja (IPA ["e:dʌyçer̥çɔ] (NA) / ["e:dʌyçer̥çoɲ:] ~ ["e:dʌyçer̥çɑɲ:] (D)), er ei steinkirkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommuneNordmør. Eit skriv frå 1695 nemner at kirkja vart förlenga med sju alen. Kirkja vart nerlagt i 1885, da nykirkjaStraumen stod ferdig, og ho brann etter at lynet slo ner i ho fredag den 14. januar 1887. Alt treverk og interiør anna enn altartavla og nån få andre gjenstandar gikk tapt. Altartavla vart øydelagt under den tyske bombinga av Kristiansund i 1940. Kirkjeruinane vart bruka som lager av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1947 vart kirkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart attinnvigd søndag den 4. juni 1950.   Les meir …

Biologi

 

Kystkultur

Milnbrygga Kristiansund.jpg
Ei bryggje, òg kalla ei sjybu, eit sjyhus eller eit pakkhus, er ei lagerbygning i éin (vanlegare to) eller fleire etasjar som ligg med ein vegg over djupt vatn så skutor kan legge til for lasting og lossing. Øvst på sjyveggen er det som regel eitt eller fleire vindhus med vindor for heising av gods mellom bryggja og skutone. Rett under vindhuset er det bryggjedörer (brýjedöre, brøggdørre) i kvar etasje der varone vart innhavt ved lossing av skuta og uthavt ved lasting.   Les meir …
Skaarungen.jpeg
Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste plassen der dessa båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmør gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. De störste båtane kan ha eit toppsegl òg.   Les meir …
C23050 aurgjeldsfyring.jpg
Aurgjeldgeit eller aurgjeldsgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordlegaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelege båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestgjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i det gamle Hemne prestgjeld, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen oppetter Trøndelag òg.   Les meir …

I dag er det fredag den 29. mars 2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

Charles-Valentin Alkan.jpg
Charles-Valentin Alkan (18131888) var ein fransk-asjkenazisk komponist og ein av de störste pianovirtuosane i si levetid. Komposisjonane hans for piano solo er blant de vanskeligaste som nån gong er skrevne og blir relativt sjeldan oppført. Alkan vart fødd som Charles-Valentin Morhange den 30. november 1813 som eitt av de seks borna (fem brør og ei søster) i ein asjkenazisk familie i bydelen Marais i Paris.   Les meir …
Bhāi Lēhnā, mest kjent som gurū Angād Dēv dji (31. mars 150429. mars 1552) var den andre av dei ti sikh-gurūane. Gurū Angād Dēv vart gurū den 7. september 1539 som etterfølgjar etter gurū Nānak Dēv, som var grunnleggaren av sikhismen. Före gurū Angād Dēv dødde, utpekte han gurū Amar Dās som den tredje sikh-gurūen.   Les meir …

Musikk

Clavicembalo all8 Pisaurensis Venezia 1543.gif
Eit cembalo (frå it. clavicembalo) er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir dana av plekter som knipsar strengen. Dei eldste cembaloa vi kjenner til vart bygd i Italia1300-talet. Cembaloet hadde storheitstida si frå 1500-talet til 1700-talet, da fortepianoet etterkvart tok over. Det finst fleire olike former av cembalo i tillegg til den vanlege, inkludert virginal (rektangulære instrument med klaviaturet på eine langsida, spinett (oftast meir eller mindre trekanta instrument med klaviaturet på skrå av strengene og klavicyterium, der strengene er loddrette.   Les meir …
N77210 - Spinett - Benjamin Slade - foto Olav Nyhus.jpg
Eit spinett (it., spinetta, sp./pt. spineta, fr. épinette) er ein type cembalo der klaviaturet står på skrå av strengene. Instrumentet har gjerne tilnærma trekanta form sett ovafrå. Det eldste spinettet vi veit om vart bygd i 1631 av Hieronymus de Zentis. Av praktiske grunnar har spinett berre eitt strengregister, og den begrensa størrelsen på resonanskassen gjer òg at spinettet kjem best til sin rett i mindre rom. Spinettet har vore mest bruka i private heimar, der overkommeleg pris og lite plassbehov gjerne er meir avgjerande enn ein stor klang som ber godt.   Les meir …

 

Mat

Bourekas.jpg
Borecas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng ihop med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …
3026 blandaball.jpg
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skreve blannaball, blainnabaill o.a., er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er ferskfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særlig blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, og byen blir ofte spøkefullt kalla Baillsund.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Herjedalsk eller herjedalsmål er den tradisjonelle dialekten i landskapet Herjedalen, som sidan 1645 har lege i Sverige. Herjedalsmålet er nærmast i slekt med trøndsk og blir ofte kategorisert under norrländska i svensk språkvitskap. Dialekten har tjukk l (men ikkje av historisk ), palatalisert nn og ll, kløyvd infinitiv etter jamvektsregelen (å kaste; å gråvvå); full utjamning i de fleste jamvektsord (e hukku, e sluggu, en mågå, ha grivvi, ha lissi), monoftongisering av dei tre diftongane ei, öy og au; i-omlyd i presens av sterke verb (gnég, błés). I motsetning til alle andre dialektar av trøndsk har herjedalsmålet w- (ikkje kv-) av norrønt hv-. Andre særdrag inkluderer dei personlege pronomena for ‘eg’ og for ‘vi’. Dialekten har tradisjonelt hatt gjenomført dativ i bestemt form av substantiv.   Les meir …

C04018 Snaaasen gaerjagaaetie.jpg
Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbredelsesområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Norge og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Norge blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les meir …


Andre nettsidMal:Or

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no