Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net

Versjonen frå 21. januar 2017 kl. 09:09 av Olve Utne (Diskusjon | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis novarande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Gå til: navigering, søk
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30
2017

Alnakka.net er ein nettressurs för kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart författa på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 174 artiklar og 6 148 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg. Du finn tilfeldige smakebitar frå artiklane her på forsida kvar dag.

Religion og livssyn

Bg board L.jpg
Tavla eller tavli (djudíospanjol), oftast kalla trikktrakk i eldre skandinavisk og backgammon frå midten av 1900-talet og utover, er eit brettspel för to personar der kvar spelar kastar terningar som viser kossen ein kan flytte brikkane. Tavlabrettet har to sidor, og kvar side er delt i to halvdeler att. Kvar halvdel har eit kilemønster der kvar kile svarar til eitt felt. Det er seks felt i kvar halvside, og med andre ord 24 felt totalt på brettet. Dei to spelarane har oftast 15 brikkar kvar, og målet er å flytte alle brikkane förbi motspelaren sine brikkar og «heim».   Les meir …
Rabbinar Sandy Eisenberg Sasso (f. 1947 i Philadelphia, Pennsylvania) er ein rekonstruksjonistisk rabbinar og barnebokförfattar. Ho vart ordinert ved Reconstructionist Rabbinical College den 19. mai 1974 som den første kvinnelige rabbinaren innaför rekonstruksjonistisk jødedom og den andre kvinnelige rabbinaren nån gong i USA. Sandy Eisenberg Sasso er gift med rabbinar Dennis Sasso, og dei har borna David (f. 1976) og Debora (f. 1979).   Les meir …
Golden temple.jpg
Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av gurū Nānak Dēv sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Pandjāb i grenseområda mellom India og Pakistan. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islām og hinduisme, men sikhane sjølve ser på han som ein heilt ny religion. Etter gurū Nānak Dēv vidareutviklade de ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er pandjābī og betyder ‘elev’.   Les meir …
Grameen Yunus Dec 04.jpg
Muhammad Yunus (Bengali: মুহাম্মদ ইউনুস [Muhammod Iunus]) (fødd 28. juni 1940 i Chittagong) er ein muslimsk økonom frå Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt — å gje småe lån för å starte opp næringsverksamheit til folk som er för fattige til å få vanlige banklån. Yunus er grunnleggaren av Grameen Bank. Banken og Yunus delte Nobels fredspris i 2006, “för arbeidet deras för å skapa økonomisk og sosial utvikling nedafrå”. Han er den tredje bengalaren som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen.   Les meir …
0611 Soer-Tustna kapell.jpg
Sør-Tustna kapell eller Sør-Tustna bedehus er ei lita langkirkje av tre med 75 sitteplassar på Sør-Tustna i Aure kommuneNordmør. Kirkja vart bygd i 1907 og ombygd i 1952. Det finst ikkje nån gravlund ved kapellet. Kapellet blir bruka av Sør-Tustna bedehus. Kontaktperson (2006) er Else Halsbog.   Les meir …

Biologi

Thymallus thymallus by Christian Maier.jpg
Harr (Thymallus spp.; nyn./bm./sv. harr; nyn. horr; da. stalling; sørsam. haerrie; pites./lules. hár’re -rr-; n.sam. hárri/soavvil; enares. suávvil; fi. harjus/harri) er ein ferskvassfisk av laksfamilien som har ein karakteristisk, høg ryggfinne. Den europeiske harren (Thymallus thymallus) hører heime i den palearktiske klimasonen og er vanlig mange plassar i Nord-Europa — frå Dei britiske øyane og Frankrike i vest til dei russiske Uralfjella i aust. Han er vanlig i Nord-Norge og Norrland. Lenger sør finst han i enkelte vassdrag i Midt-Norge og på Austlandet (inkl. Glåma) så vel som i Svealand og i Götaland sørover til elva Lagan i Småland. I Skandinavia blir harren opp til kring 60 cm lang og 3,5 kilo.   Les meir …
0823 geiter ryddar gravfeltet v Hakadal krk.jpg
Norsk mjølkgeit (bm./nyn. n. mjølkegeit, bm. n. melkegeit, n. melkegjet; sv. norsk mjölkget; da. norsk mælkeged) er ein nyare samlerase för dei tidligare norske mjølkgeitrasane. Opphavsrasane var først og fremst telemarksgeit (finbygd, kvit, oftast kolla), dølageit, vestlandsgeit og nordlandsgeit, og i tillegg noko innslag av saanengeit. Rasane vart ikkje offisielt ihopslegne före tidlig i 1990-åra, og den norske mjølkgeita varierer enno mykje i størrelse og utsjånad. Både bukkane og geiterne kan vara horna eller kolla.   Les meir …
C06623crj Gadus morhua.jpg
Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile Norskekysten, det sørlige Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to underartar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, gjerne kalla skrei; og meir eller mindre stadbunden kysttorsk, òg kalla modd (var. modde, møydde). Fisknamnet torsk er ei samandraging av 'törrfisk'. Det har vorte dreve torskefiske langs Norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjyfarande hade med seg tørka torsk på lange utferder, og alt i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særlig til Spania og Italia. Den her handelen har gått för seg i over tusen år utan avbrott og er framleis viktig. Törrfisken blir først og fremst produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei finn stad på seinvinteren kvart år.   Les meir …

Kystkultur

Å klavere vil seie å byggje eit farty i kravellteknikk; altså sette opp spanta først, og så legge huda utapå frå dekk til kjøl. Å klavere opp betyder å legge kravellhud utapå klinka hud. Mot slutten av 1800-talet vart det vanlig å klavere opp dei klinkbygde jektene.   Les meir …
Salvelinus alpinus (1).jpg
Røye eller røyr (Salvelinus alpinus) er ein fisk av laksfamilien. Røya er den nordligaste av laksfiskane og finst i salt- og ferskvatn kring Nordishavet og Skandinavia, og i tillegg i ferskvatn i høgfjellsområda kring Alpane og Pyrenéane. Røya er ein god matfisk og blir rekna som delikatesse i Nord-Norge. Han blir noko bruka i landbasert fiskoppdrett.   Les meir …
1893 Jakt Johanna.jpg
En seiltur Kristiansund–Lofoten, en strekning på ca. 100 sjømil, kan ofte være en seilads med forhindringer, på grunn av enten stille eller storm, som i begge tilfeller oftest er ufarbart vær for en seiler. Dessuten har man Folla og Vestfjorden, som betinger noenlunde rimeligt vær. Derfor er det naturligt her, som på enhver befordret veistrekning, at man blir nødt til å passere de forskjellige milepele der gir en reisende anledning til å stanse op og tenke litt tilbake. Den første milepel vil jeg kalle Besaker, i Sørtrøndelag, hvor man som regel ankrer op for å avvente noenlunde bra vær over Folla, som ofte kan være stygg med høi sjø. En otte dages venten på Besaker har en seiler ofte måttet nøie sig med i stormende vær. Det gjelder da å ha gode betøininger ute; thi Besaker havn er bekjent for sin hårdførhet, da enhver vindretning her, pleier å gjøre sin rett gjeldende, hvorfor det er sagt, at «Besaker har sitt spesialrokk». Når man så får slippe løs og hele flåten — ofte 20 a 30 fartøier letter anker og skjøter av for en frisk bris, drivende mot Nordhavets dønning ut Buholmråsa til Folls, er det et stolt syn og vidner om, at det er tradisjon i en seiltur langs Norges kyst. Og dikterens ord: «Vår ære og vår makt har hvite seil oss bragt» er man villig til å innrømme.   Les meir …

I dag er det onsdag den 26. april 2017

I jødedommen er det rosj ḥódesj 1.  

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Musikk

Sallas erkelutt.jpg
Ein erkelutt (sp. archilaúd, it. arciliuto, en. archlute, hty. Erzlaute), nokre gonger òg misvisande kalla teorbe (s.d.), er eit europeisk klimpreinstrument som vart utvikla kring år 1600 som eit kompromiss mellom den svært store teorben, som med størrelsen og den oktavkryssande stemminga si var vanskelig å bruke i solomusikk, og tenorlutten frå renessansen, som mangla bassregisteret til teorben. I og med at erkelutten i utgangspunktet er ein tenorlutt med ei noko kortare utgåve av halsförlenginga til teorben, manglar erkelutten den kraftfulle klangen i tenor- og bassregisteret som den större kroppen og oftast lengre halsen på teorben fører med seg. Erkelutten vart ofte bruka som soloinstrument på dei første tre fjerdedelene av 1600-talet, men er sjeldan nemnt som generalbassinstrument i den her perioden; teorben var det instrumentet i luttfamilien som inntok den rollen.   Les meir …
Taus.jpg
Ein tāūs (pandjābī ਤਾਊਸ) er eit indisk strykeinstrument på størrelse med ein cello og med 28–30 strenger, inkludert resonansstrengene. Etter sikhtradisjonen skal instrumentet ha vorte oppfunne av gurū Hari Gōbindh, den sjette av dei ti sikh-gurūane. Ordet tāūs er farsī för ‘påfugl’, og resonanskassen på tāūsen er faktisk forma som ein påfuglkropp. Den lange instrumenthalsen svarar til halefjørene på påfuglen.   Les meir …

Maurice Abravanel (19031993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent för å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og för framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i samma huset som Ernest Ansermet, dirigenten för (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich.   Les meir …

Mat

Jødekakor (nyn./bm. jødekaker; da. jødekager; sv. judekakor) eller jødebrød (sv. judebröd) er det vanlige namnet på ei gruppe småkakor med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honing og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkakor baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (för eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk för dei her sefardiske småkakone er òg at det er minimalt med væske i dem.   Les meir …
Saupsuppe eller kjernemjølkssuppe er ei skandinavisk suppe med saup (kjernemjølk) som basis. Ein lagar jamning i gryta av mjøl og mjølk. Set det over varmen, og vispar godt til det kokar opp.   Les meir …
Hjell-oversikt.arj.jpeg
Törrfisk (nyn. turrfisk; nyn./bm. tørrfisk; sv. torrfisk; da. tørfisk) eller stokkfisk (sv. stockfisk; da. stokfisk) er osalta fisk som er naturlig tørka av sol og vind på hjell eller, sjeldnare, tørka inne i eigne tørkeri. Å tørke mat er den eldste kjente konserveringsmetoden i verda, og tørka fisk er haldbar på årsvis. Metoden er billig òg — det kan gjerast av fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjent frå gamle tider i Norge; ordet «torsk» kjem frå det norrøne þurskr, som er ei ihoptrekt form av þurrfiskr (‘törrfisk’). Törrfisken er den vara Norge har eksportert lengst, og han er, attmed råoljen, naturgassen og inntektene frå handelsfloten, den samfunnsøkonomisk mest lønsame eksportvara gjenom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla kleppfisk.   Les meir …

Språk

Ganander Grammatica Lapponica (1743).png
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntio) i Finland), òg skreve Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent för verket Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestligaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les meir …
Det finst fleire olike nynorske leksikon. Det første av dem var Norsk Allkunnebok, som kom med første bandet i 19481949. Sidan siste bandet av Norsk Allkunnebok kom ut med siste heftet i 1966, kom det ikkje noko större leksikonprosjekt på nynorsk att på førti år, men sidan 2006 har det vorte meir aktivitet att.   Les meir …
C04018 Snaaasen gaerjagaaetie.jpg
Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbredelsesområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Norge og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Norge blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les meir …


Andre nettsidor

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no

Personlige verkty