Yitzhak Navon

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 16:17 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{æ}}» til «a»)
Yitzhak Navon.
Foto:Wierzba

Yitzhak Navon (יצחק נבון, f. 9. april 1921 i Jerusjalaim, d. 6. november 2015 i Jerusjaláim) var ein israelsk politikar, diplomat og forfattar. Han var Israels 5. president i åra 1978–1982 som medlem av sentrums/venstre-partiet Hammaˤarakh. Han var den første israelske presidenten som var fødd i Jerusalem, der familien på farssida hans har budd sidan 1600-talet.

Yitzhak (t.v.) og broren Victor i Jerusalem i 1929.
Foto: Mal:Okjent

I 2005 vart han kåra som den 108. beste israelaren nån gong i ei meiningsmåling utført av den israelske nyheitsnettstaden Ynet.[1]

Liv

Yitzhak Navon vart fødd i Jerusalem i ein sefardisk rabbinar-familie. På farssida er han etterkommar etter spanske jødar som busette seg i Det osmanske riket etter bortvisinga av jødane frå Kastilja i 1492. Familien (Barukh Mizraḥi-familien eller Al Mashraki) flytta frå det noMal:Varande Tyrkia til Jerusalem i 1621. På morssida er han etterkommar av den kjente kabbalisten Haim Ben Attar. Ben-Atar-familien kom frå Marokko til Jerusalem i 1884.[2]

Navon studerte hebraisk litteratur og islamstudiar ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem. Etter å ha tjent i Haganah i Jerusalem vart han sendt av Den israelske utanrikstjenesta til Uruguay og Argentina. Kona hans, Ofira Resnikov, som var femten år yngre enn han, dødde av leukemi i 1993. Dei hadde to born.

Politikk

I 1951 vart Navon statssekretær för Israels første statsminister, David Ben-Gurion. Året etter vart han utnemnt til byråsjef under Ben-Gurion. Han fortsette som byråsjef under statsminister Moshe Sharett.

I 1963 vart han ein av avdelingsledarane ved Utdanings- og kulturdepartementet. Mal:TVo år etter vart Navon innvelt i Knesset som medlem av Ben-Gurion sitt parti Rafi, som vart ihopMal:Slegit med ˤAvodah (ein del av Hammaˤarakh) i 1968. Navon tjente som visepresident för Knesset og formann för Knessets utanriks- og forsvarskomité.

Författarskap

Navon skreib to musikalar som vart oppført på Habimah (Det israelske nasjonalteateret) i Tel-Aviv. Han skreiv òg Dei seks dagane og dei sju portane (1979), ei legende om attföreininga av Jerusalem.

Fotnotar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon