Skilnad mellom versjonar av «Alnakka.net:Forsida»

Frå Alnakka.net
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist)
Line 11: Line 11:

| width="50%" valign="top" style="border-right:1px solid #006699;"|

| width="50%" valign="top" style="border-right:1px solid #006699;"|

[[:Fag:Religion og livssyn|Religion og livssyn]]

{{Portal randomteaser|count=1|Q|Portugisarjødar}}{{Portal randomteaser|count=1|Q|Osmanske_sefardím}}{{Portal randomteaser|count=1|Q|%Sikhisme%¦%Sikhar%¦%Gurdvārā%¦%Buddh%¦Parsis%¦Dharmiske_religionar}}{{Portal randomteaser|count=1|Q|%Muslimar%¦%Islām%¦%Islam%¦%Moskéar%¦%Aḥmadiyy%¦Bahá’í%}}{{Portal randomteaser|count=1|Q|%Kirkjor%¦%Katedralar%¦Kapell_%¦%Kirkja%¦%Prestar%¦%Biskopar%}}

[[:Fag:Religion og livssyn|Religion og livssyn]]

{{Portal randomteaser|count=1|Q|Portugisarjødar}}{{Portal randomteaser|count=1|Q|Osmanske_sefardím}}{{Portal randomteaser|count=1|Q|**Sikhisme¦**Buddhisme¦**Parsisme¦**Dharmiske_religionar}}{{Portal randomteaser|count=1|Q|**Muslimar¦**Islām¦**Bahá’í}}{{Portal randomteaser|count=1|Q|**Kristendom}}

[[:Fag:Matematikk og naturfag|Biologi]]

{{Portal randomteaser|count=3|Q|{{Categorymatch for biologi}}}}

[[:Fag:Matematikk og naturfag|Biologi]]

{{Portal randomteaser|count=3|Q|{{Categorymatch for biologi}}}}

[[:Emne:Kystkultur|Kystkultur]]

{{Portal randomteaser|count=3|Q|{{Categorymatch for kystkultur}}}}

[[:Emne:Kystkultur|Kystkultur]]

{{Portal randomteaser|count=3|Q|{{Categorymatch for kystkultur}}}}

Versjonen frå 27. mars 2020 kl. 01:08

<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30
2020

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 914 artiklar og 475 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg. Du finn tilfeldige smakebitar frå artiklane her på forsida kvar dag.

Religion og livssyn

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstjenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hade ikkje vorte søkt om tillatelse til å ha gudstjeneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstjenestor og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Bg board L.jpg
Tavla eller tavli (djudeospanjol), oftast kalla trikktrakk i eldre skandinavisk og backgammon frå midten av 1900-talet og utover, er eit brettspel for to personar der kvar spelar kastar terningar som viser kossen ein kan flytte brikkane. Tavlabrettet har to sidor, og kvar side er delt i to halvdeler att. Kvar halvdel har eit kilemønster der kvar kile svarar til eitt felt. Det er seks felt i kvar halvside, og med andre ord 24 felt totalt på brettet. Dei to spelarane har oftast 15 brikkar kvar, og målet er å flytte alle brikkane forbi motspelaren sine brikkar og «heim».   Les meir …

Biologi

Kystkultur

«Skuldelev 2» er det andre skipet som vart funne ved Skuldelevsperringa i Roskilde Fjord. Det var det lengste vikingskipet som var funne til da, sjølv om de berre kunne gjette på lengda i den tidlige fasen. Faktisk er det så langt at de først trudde at akterenden var eit anna skip, og det fikk arbeidsnamnet «Skuldelev 4». Dermed blir «Skuldelev 2» òg kalla «Skuldelev 2–4».   Les meir …
Nordlandsbåt viser til opne båtar av ymse størrelsar som tradisjonelt har vorte bygd i Nordland og Troms. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl. Den eldre typen nordlandsbåt blir kalla krumstemning, ettersom han har relativt runde stamnar. Ein nordlandsbåt av den nye typeen som vart gradvis utvikla frå kring 1800 og fram til kring 1860, har rette og høge stamnar som står Mal:Mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog.   Les meir …
Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere för i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfartøy som kjem frå magnetismen i sjølve fartøyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg etter kursen til fartøyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen för olike retningar.   Les meir …

I dag er det tysdag den 7. april 2020

I jødedommen er det bedikàt ḥaméṣ.

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

Musikk

Stainer-fiolin (1658).jpg
Ein barokkfiolin er, etter vanlig bruk av ordet, ein fiolin der halsen, gripebrettet, stolen og strengehaldaren er utforma slik de typisk sett var under barokken og til dels klassisismen. Barokkfiolinen i sine olike variantar er éin av fleire historiske variantar av strykeinstrument som no står sentralt i rørsla för historisk oppføringspraksis som gradvis har vorte vanligare frå tidlig på 1900-talet av. Barokkfiolinen kom inn seinare enn cembalo, gambe og blokkfløyte, men kring 1980 begynte han å bli vanligare òg.   Les meir …
Antonio Chainho.jpg
Guitarra portuguesa (pt.) eller portugisisk gitar (nyn./bm./da.; sv. portugisisk gitarr) er eit 6-kors, 12-strenga klimpreinstrument av cistertype. Tidlig på 1800-talet var olike variantar av open stemming vanlig, men utover 1800-talet har stemminga ddʹ aaʹ hhʹ eʹeʹ aʹaʹ hʹhʹ (Lisboa) eller ccʹ ggʹ aaʹ dʹdʹ gʹgʹ aʹaʹ (Coimbra) teke meir og meir over. Guitarra portuguesa, som har vorte standardisert til to hovudvariantar i løpet av første halvdelen av 1900-talet, blir særlig bruka i den portugisiske musikkgenren fado — typisk i eit ensemble med ein songar, ein guitarra portuguesa og ein gitar.   Les meir …

Ketil Haugsand (f. 1947) er ein cembalist og dirigent frå Straumen i Inderøy kommuneInnherred. Ketil Are Haugsand vart fødd fredag den 13. juni 1947. Han tok utdanelsen sin i Trondheim og Oslo, og etterkvart i Praha og Haarlem. Seinare studerte han med Gustav Leonhardt i Amsterdam og mottok Prix d’Excellence ved konservatoriet der i 1975. Frå 1974 til 1995 underviste Ketil Haugsand ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, og frå hausten 1994 av har han vore professor i cembalo ved Hochschule für Musik i Köln i Tyskland.   Les meir …

Mat

20060700 waffle with icecream and raspberries.jpg
Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.   Les meir …
Pakōṛā (hindī पकोड़ा, urdū پکوڑا ; kannaḍa ಪಕೋಡ [pakodā], telugu పకోడీ [pakōḍī]) eller bhaddji (marāṭhī भजी [bhadjī], gudjarātī ભજિયા [bhadjiyā], tamiḷ பஜ்ஜி [paddji]) er ein indisk matrett som består av hakka grønsaker, løk eller panīr (ost) som er dyppa i røre av kikertermjøl og frityrkoka. Pakōṛā blir gjerne bruka som smårett eller forrett. I Europa blir pakōṛā bruka ein del som gatekjøkenmat og take-out attmed matretter som chips og kebab.   Les meir …
Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består av trekanta, frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøttfyll, særlig med potet, løk og erter. Retten oppstod trulig i Uttar Pradesh og er no vanlig i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner vi han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø.   Les meir …

Språk

Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk för ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed fölgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet för sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970).   Les meir …

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn; d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent för arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk. Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Norge og Sverige för å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les meir …

Andre nettsidor

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no