Alnakka.net:Forsida
Frå Alnakka.net
|
Alnakka.net er ein nettressurs för kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom bokja Kitāb al-manākh, som vart författa på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 019 artiklar og 5 754 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg. Du finn tilfeldige smakebitar frå artiklane her på forsida kvar dag. |
I dag er det torsdag den 23. februar 2012. I jødedommen er det rosj ḥódesj 1. Populære sidor
PekararWikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Siste
Gammelnorsk spælsau (nyn. gamalnorsk spælsau, nyn./bm. gammalnorsk spælsau, bm. gammelnorsk spælsau) er ein tradisjonell norsk husdyrrase. Ihop med gammelnorsk sau utgjer dei dei tradisjonelle variantane av spælsauen. Gammelnorsk spælsau skil seg ut frå gammelnorsk sau («utgangarsau») særlig ved kraftigare kropp og meir kjøtt. Etter andre verdskrigen har det elles vore innkryssa blant anna islandsk sau og færøysau i hovudstammen av spælsauen, som no utgjer den sterkt modifiserte kvite og farga spælsauen. I dag er den gammelnorske spælsauen stadig meir populær att. Les meir …
Religion og livssyn
Sherwin Wine (1928–2007) var ein rabbinar som først og fremst var kjent som grunnleggaren av the Society for Humanistic Judaism. Sherwin T. Wine vart fødd den 25. januar 1928. Han studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske menigheita — i Detroit i 1963. Les meir …
Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av gurū Nānak Dēv sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Pandjāb i grenseområda mellom India og Pakistan. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islām og hinduisme, men sikhane sjølve ser på han som ein heilt ny religion. Etter gurū Nānak Dēv vidareutviklade de ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er pandjābī og betyder ‘elev’. Les meir …
Ali Muhammad Shirazi var den eine av dei to grunnleggarane av bahá’ítrua. Han er mest kjent under tittelen Báb, som han tok i 1844 da han förkynte misjonen sin. Han meinte at han hade to rangar, den første som ein manifestasjon av Gud som tala med Guds stemme, og den andre som eit levande menneske. Han var derför Guds port, som var kommen för å bli den nye vegen som folket kunne nå Gud med. Den her meiningja var svært olik den tradisjonelle tydingja av ordet báb og blir ofte misforstått av mange som trur at han hevda at han var ein ny meklar. Les meir …
Al-Qur’ān (arabisk القرآن), oftast kalla Koranen på skandinavisk, er den helige skrifta i islām. Ho består av profeten Muḥammad sine openberringar. För dei truande er al-Qur’ān Guds ord i bokstavelig meining, ein kopi av ei himmelsk bok «nersendt» til Muḥammad gjenom openberringar. Al-Qur’ān er skreven på arabisk, og omsettingar blir ikkje rekna som helige, men som tolkingar av al-Qur’ān. Les meir …
St. Eystein kirkje (nyn. St. Eystein kyrkje, bm. St. Eystein kirke) er ei katolsk kirkje i Flintegt. 5 Kristiansund som vart vigsla i 1958. Det første katolske kapellet i byen vart vigsla i 1932, og fleire nonnor av St. Carl Borromeusordenen kom flyttande til byen året etter. Den katolske menigheita vart formelt oppretta i 1934 med Lilly Werring, f. Germaine Amalie Aubert, og sønene hennar som medlemmar. Menigheita har vokse med tida, og i dag (2008) har ho 255 medlemmar. Les meir …
Biologi
Grå trøndersau (nyn./bm.), nån gonger berre kalla trøndersau eller grå trønder, er ein saurase av «crossbreed»-type med halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augone. Den varme ulla ligg til grunn för kallenamnet sjyvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vara ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England på 1700-talet — trulig ryeland. Les meir … Reinlav, òg kalla reinmose, er fellesnamnet på fleire olike lavartar i underslekta Cladina av slekta Cladonia. Talluset (plantelekamen) til reinmosen er laust festa til underlaget, og tallushøgda varierer frå ner mot 3 cm og opp mot 15 cm. Reinlaven veks rett frå jordgrunnen og har tilpassa seg ekstrem temperaturvariasjon. Nån av reinlavslaga veks i store mengder i skog, fjell og tundra på den nordlige halvkula. Om vinteren er reinlav hovudnæringa til reinen, som dekkjer opp til 90 % av næringsbehovet sitt med reinlav. Andre bruksområde för reinlaven inkluderer tetting av hus (særlig laven kvitkrull) og, særlig i nyare tid, dekorasjon. Les meir …
Sjeviot eller sjeviotsau (eng. Cheviot sheep) er ein kvit saurase med kvitt fjes og svart muletipp. Sjeviotsauen kjem opprinnelig frå Cheviot Hills på grensa mellom Northumberland i England og Scottish Borders i Skottland. I tillegg til Northumberland og Scottish Borders er rasen utbreidd i det nordvestlige Skottland, i sørvest-England og i Wales. Noko sjeldnare er sjeviotsauen i USA, Australia og New Zealand. Sidan sist på 1800-talet har sjeviotsauer vorte svært utbreidd i Skandinavia òg. Sjeviotsauen som vi kjenner han frå nyare tid er ein kombinasjonsrase som blir bruka til både ull og kjøtt. Les meir …
Ein visent (nyn./bm./sv./da.) eller europeisk bison (nyn./bm./sv.; da.: europæisk bison) (Bison bonasus) er eit oksedyr i slekta Bison og er det tyngste landdyret i Europa. Ein typisk visent blir 2,9 meter lang og innpå 2 meter høg; og vekta er inntil 900 kg. För 2 000 år sidan levde visentane i mestparten av Europa — frå England i vest til Sibir i aust, og frå Spania i sør til Sverige i nord. I Vest-Europa vart visenten utrydda på 1000-talet, anna enn i Ardennane, der han overlevde fram til 1300-talet. Den siste visenten i Transilvania dødde i 1790. I aust haurde visentane til dei polske kongane, dei litauiske storhertugane eller dei russiske tsarane etter loven. Les meir …
Kystkultur
Ein jakobsstav (vanlig namn i förbindelse med navigasjon) eller ein radius astronomicus (som måleinstrument i förbindelse med astronomi) er eit enkelt måleinstrument som blir bruka til å måle vinkelavstanden mellom to objekt. I förbindelse med navigasjon galdt dét i all hovudsak måling av høgda til sola eller polarstjerna over horisonten. Andre namn på jakobsstaven inkluderer gradboga og baculus Jacob. Den opprinnelige jakobsstaven vart utvikla som ein enkel redskap med éin tverrstav på 1300-talet og vart bruka til å gjera astronomiske målingar. Jakobsstaven vart først skildra av den jødiske matematikaren, astronomen og filosofen Leví ben Geresjón («Gersonides»). Les meir …
Langholmen (D på Langholma) er eit fråflytta fiskevær på ei langstrekt samling av tettliggjande holmar utom Golmøya i Aure kommune på Nordmør. Dei første fast busette vi veit om er registrert i kirkjebøkerne frå 1751 og framover, og dei siste fastbuande flytta frå Langholmen i 1970-åra. Været Langholmen, som opprinnelig haurde til Golmå, låg under væreigarar i Kristiansund i hundre år: under Christie-familien frå 1822 til 1910, og under Hans Christian Olaus Aass frå 1910 til 1923, da Langholmen kom på lokale hender. Les meir …
«Skuldelev 2» er det andre skipet som vart funne ved Skuldelevsperringa i Roskilde Fjord. Det var det lengste vikingskipet som var funne til da, sjølv om de berre kunne gjette på lengda i den tidlige fasen. Faktisk er det så langt at de først trudde at akterenden var eit anna skip, og det fikk arbeidsnamnet «Skuldelev 4». Dermed blir «Skuldelev 2» òg kalla «Skuldelev 2–4». Les meir …
|
Musikk
Fartein Valen (1887–1952) var ein komponist frå Stavanger. I dag er han høgt respektert og blir rekna som ein banebrytar för moderne musikk i Norge med sine atonale polyfone verk. Den mest kjente komposisjonen hans er orkesterstykket Kirkegården ved havet. Den legendariske kanadiske pianisten Glenn Gould sa ein gong om Valen at han för første gong på mange år hade funne ein ruvande skikkelse i musikken frå 1900-talet. Les meir …
Johannes Berven (1899–1996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Berven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelmann frå Trøa under Innersetra på Tustna i novarande Aure kommune på Nordmør. Johannes Hilmar Gjermundsson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Mora var Anne Marie Eriksdotter Sæter (1858–1925) frå samma plassen. Faren var Gjermund Gjermundsson Berven (1850–1924). Les meir … Kristian Halse (1858–1939) var ein lærar, kirkjesongar og tradisjonsinnsamlar frå Halsa, seinare òg busett i Todalen i Stangvik i novarande Surnadal kommune. Han er kjent för å ha samla inn folketonar frå Nordmør, blant anna etter Gråvinn (Ola Kvande). Kristian Halse var far ått læraren, författaren og spelmannen Leif Halse. Les meir …
Laila Marie Yrvum er ein songar, musikar og tradisjonsinnsamlar av romanislekt frå Tynset og Alvdal i Nord-Østerdalen og med røter frå Nordmør. Laila Yrvum blir rekna blant de viktigaste förmidlarane av romanifolket sin kultur i Norge i dag. Laila har budd mykje på Raufoss, men er i dag busett på Moss i Østfold. Les meir …
Thomas Augustine Arne (mars 1710—5. mars 1778) var ein engelsk komponist som er mest kjent för den populære patriotiske songen «Rule, Britannia!» som framleis blir mykje framført — blant anna under Last Night of the Proms. Arne er òg kjent för å ha sett musikk til mange songar frå skodespela ått William Shakespeare. Thomas Augustine Arne vart fødd i mars 1710 i Covent Garden i London i ein familie som hade slege seg opp i møbeltrekkingsbransjen. Han fikk utdaninga si ved Eton College og var interessert i musikk frå tidlig i ungdomsåra. Eit tilfeldig møte med Michael Festing gav honom rikelig anledning til å pleie musikkinteressa si, men far hans ville likevel at sonen skulle bli jurist. Les meir …
Mat
Pakōṛā (hindī पकोड़ा, urdū پکوڑا ; kannaḍa ಪಕೋಡ [pakodā], telugu పకోడీ [pakōḍī]) eller bhaddji (marāṭhī भजी [bhadjī], gudjarātī ભજિયા [bhadjiyā], tamiḷ பஜ்ஜி [paddji]) er ein indisk matrett som består av hakka grønsaker, løk eller panīr (ost) som er dyppa i røre av kikertermjøl og frityrkoka. Pakōṛā blir gjerne bruka som smårett eller forrett. I Europa blir pakōṛā bruka ein del som gatekjøkenmat og take-out attmed matretter som chips og kebab. Les meir …
Saltfiskball (utt. ["sɑļ:hƫfɪskˌbɑļ:] el. ["sɑļ:hƫfeskˌbɑļ:]) er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er saltfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Saltfiskball er spesielt populær mat på Smøla på Nordmør. Les meir …
Ekte sukatar (gjenom fra. succade frå it. succada) er småe terningar av salta, gjæra og kandisert albedo av etróg (søtsitron, Citrus medica). I krigsgenerasjonen blir ofte sukat bruka som tilsetting i kringlor og julekake. I Norge blir sukatar produsert av Freia, som no blir eigd av det multinasjonale selskapet Kraft Foods. Ein billigare, men mindre velsmakande variant av sukat blir laga av graskar i staden för etróg. Det finst fleire olike hypotesar om namnet «sukat», som heter succade på engelsk, sukade på nederlandsk og stundom Succade/Sukkade (men oftare Zitronat i moderne tid) på tysk. Ein hypotese er at namnet kjem frå latin succidus. Andre hypotesar er at namnet har opphav i arabisk سكر (/sukkar/, ‘sukker’). Den tredje hypotesen sett namnet i förbindelse med hebraisk סֻכָּה (/sukkā/, ‘hytte’), ettersom frukta etróg, som sukatar blir produsert frå, blir bruka under den jødiske høgtida sukkót (lauvhyttefesten). Les meir …
Språk
Dativ er det kasuset som blir bruka i förbindelse med omsynsledd — særlig i dei indoeuropeiske språkja som enno har morfologiske kasus. I mange språk har dativ teke over funksjonen til andre kasus òg — inkludert lokativ (påstadskasus), ablativ (fråstadskasus) og instrumentalis (redskapskasus). I tillegg til rein syntaktisk styring, kan dativ bli styrt av verb, preposisjonar og adjektiv. Les meir … Eilert Moe (1879–1936) var ein lærar, dialektforskar og målmann frå Rindal kommune på Nordmør. Eilert Pedersen Moe vart fødd fredag 3. januar 1879 og døpt i Rindal kirkje søndag 2. februar samma året som son ått skulelærar Peder Magnussen Moe (f. 1854), som opprinnelig var frå Stjørdalen), og Marit Evensdtr., f. Onsøyen, som opprinnelig kom frå Buvika i Skaun kommune. Eilert utdana seg til lærar ved Tromsø seminar og tok deretter skulepostar i Soknedalen og Meldalen före han fikk lærarpost i Romundstad krets i Rindal kommune, der han vart varande resten av livet. Les meir … Just Knud Qvigstad (1853–1957) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor för 104-årsdagen sin – er det ovanlig langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplige publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærligheitsförtelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953! Les meir … Norsk Allkunnebok er eit 10-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1966. I tillegg kom det ut eit eige atlasband. Redaktør för verket var Arnulv Sudmann. I redaksjonen elles satt Peder Galdal, Sivert Langholm, Kåre Tveito, Ragnar Øvrelid og Jostein Øvrelid. I alt bidrog kring 350 medarbeidarar med artiklar til allkunneboka. Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart utgjeve med signerte artiklar, der författaren står til ansvar för opplysningane. Les meir …
Personar
Fartein Valen (1887–1952) var ein komponist frå Stavanger. I dag er han høgt respektert og blir rekna som ein banebrytar för moderne musikk i Norge med sine atonale polyfone verk. Den mest kjente komposisjonen hans er orkesterstykket Kirkegården ved havet. Den legendariske kanadiske pianisten Glenn Gould sa ein gong om Valen at han för første gong på mange år hade funne ein ruvande skikkelse i musikken frå 1900-talet. Les meir …
Halldis Moren Vesaas (1907–1995) var ein författar, diktar og omsettar frå Austlandet. Halldis Moren vart fødd i Trysil den 18. november 1907, og vaks opp på garden Mora. Föreldra hennar var författaren Sven Moren og kona Gudrid. Ho dødde den 8. september 1995. I 1934 vart ho gift med författaren Tarjei Vesaas. Samen busette de seg på garden Midtbø i Vinje i Telemark fylke. Les meir … Kristofer Nagel Janson vart fødd 5. mai 1841 i Bergen og dødde 17. november 1917. Janson gav ut meir enn 50 litterære verk og hundretal artiklar og religiøse skrift. Han hade diktarløn frå Stortinget. Janson fikk diktarløn i 1876, men sa løna frå seg i 1882. Janson og Aasmund Olavsson Vinje var de første som skreiv romanar på landsmål. Nokre av songane til Janson har levd og vorte lært utanboks av mange gjenom åra, blant annat «Hu hei, kor er det vel friskt og lett uppaa fjellet», «Fjukande skyer», «Ung Aaslaug» og «Millom Rosor». Les meir …
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||