Ali Akbar Khan

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Ali Akbar Khan under ein konsert i 1988.
Foto:Alephalpha

Ustād Ali Akbar Khan (bengali আলী আকবর খাঁ, f. 14. april 1922, d. 18. juni 2009), ofte kalla Khansahib, var ein musikar i Maihar-gharānāen av hindustani klassisk musikk som først og fremst var kjent som ein virtuos sarōdspelar. Ustād Ali Akbar Khan spela ein avgjerande rolle i arbeidet för å gjera indisk klassisk musikk populær i Vesten, både som utøvar (ofte i lag med Ravi Shankar) og som lærar. Han grunnla ein musikkskule i Kolkata i 1956, og i 1967 sette han i gang Ali Akbar College of Music, som no har San Rafael i California som hovudsete og ei avdeling i Basel i Sveits. I tillegg til arbeidet sitt som utøvar og komponist innaför det tradisjonelle rāga-systemet er Ali Akbar Khan kjent som filmmusikk-komponist.

Ali Akbar Khan vart fødd fredag den 14. april 1922 i landsbyen Shibpur i Comilladistriktet i det davarande Austbengal, no Bangladesh, som son ått musikaren Allauddin Khan og Madina Begum. Snart etter at han vart fødd, flytta familien tilbake til Maihar i Madhya Pradesh, der far hans var hovudhoffmusikaren för Mahārādjāen av vasallstaten.

Frå tidlige barneår fikk Ali Akbar undervisning av far sin i ymse instrument så vel som i vokalmusikk, men han konsentrerte seg til slutt om sarōden. Far hans var perfeksjonist og ein streng lærar, og timane ått Ali Akbar begynte i gryotta og varte ofte 18 timar per dag. Ali Akbar lærte òg å spela tablā og pakhavādj av onkelen sin, Aftabuddin Khan, som han besøkte i Shibpur.


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Ali Akbar Khan from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.
Personlige verkty