Adolph de Lemos (1848–1900)

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
Adolph de Lemos.
okjent (1897)

Adolph de Lemos (18481900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinnelig kom frå Hamborg. Han er nemnt i folketelinga för 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande.[1] I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hade handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamborg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år före Adolph dødde den 25. mai 1900.

Innhaldsliste

Bakgrunn og oppvekst

Den nye esnogaen i Hamburg vart innvigd hausten 1855, da Adolph var sju og eit halvt år gammel.

Adolph de Lemos vart fødd i Hamburg måndagen den 29. adar b 5608, det vil seie den 3. april 1848. Vi kjenner ikkje til föreldra hans enno, men de Lemos er eit vanlig portugisarjødisk familienamn. Dét passar godt med at Hamborg hade ein aktiv portugisarjødisk esnoga (synagoge). Den gamle esnogaen brann opp i Hamborgs bybrann i 1842, seks år före Adolph vart fødd. Dei neste åra vart det bruka provisoriske lokale, og den nye esnogaen vart først innvigd i september 1855, da Adolph var sju og eit halvt år gammel.

Familie

Familiebilde av Nathan-slekta frå 1897. Attast frå vinstre ser vi Rosalie og Adolph, og så Sigrid som nummer tre. Sittande rett til vinstre för Sigrid er morfaren hennar, Nathan Nachmann Nathan, og sittande rett til høgre för henne er mormora, Emilie f. Zadig. Nedst til vinstre ser vi yngstebarnet Frithjof.

Adolph de Lemos gifta seg ned Rosalie Nathan, dotter ått Nathan Nachman Nathan. Dei fikk tre born:

  1. David de Lemos (f. 10. oktober 1879, d. 13. januar 1885)
  2. Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883, d. under sjoá), språklærarinne
  3. Frithjof de Lemos (f. Hamborg 1891, d. Oslo 1965). Fridthjof utdana seg til apotekar. Han gifta seg med Gerda Seim (f. 10. mai 1904 i Bergen, d. 16. august 1981 i Oslo). Dei fikk sonen Frithjof de Lemos.
Gravsteinen over Adolph de Lemos på Sofienberg gravlund i Oslo.
Foto: Olve Utne, 2009

Fotnotar

  1. Adolph de Lemos i folketelling 1875 for Bragernes i Drammen fra Digitalarkivet.

Kjeldor

  • Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969.
Personlige verkty