Adár

Frå Alnakka.net
Månadene i
det jødiske året
Liten asjkenazisk sjofár
   1 nisán
   2 ijjár
   3 siván
   4 tammúz
   5 ab
   6 elúl
   7 tisjré
   8 marḥesjván
   9 kislév
 10 tebét
 11 sjebát
 12 adár

Andre kalendrar:
juliansk
gregoriansk
muslimsk
bahá’í

Adár (hebraisk אֲדָר [ădár], frå akkadisk adaru) er den tolvte månaden i det jødiske året i den sivile kalenderen, den sjette i den religiøse. I jødiske skottår legg ein til ein ekstra månad ved at ein doblar adár.

Adár er ein vintermånad med 29 dagar. I skottår blir det sett inn ein ekstra månad på 30 dagar føre adár. Denna månaden blir kalla adár risjón, adár álef eller adár I, og den vanlege adár blir da kalla adár sjení, adár bét eller adár II. Av og til blir adár og ve’adár bruka i staden for adár I og adár II.

Ein som er fødd i adár eit vanleg år ville i eit skotår ha fødselsdagen sin i veadár.

Dette leier fram til ei kjent jødisk gåte: Kossen kan to tvillingar født med berre nokre få minutts mellomrom ha sin bar miṣvá med 29 dagas mellomrom?

Svar: Det første barnet var født rett før soloppgang på den siste dagen av adár I, medan den andre tvillingen kom til rett etter soloppgang den første dagen av adár II. I eit vanleg år ville begge to ha gebursdagen sin i adár; den andre tvillingen på den første dagen i adár, mens den første tvillingen ville feire gebursdagen sin på den siste dagen i adár.

Helge- og merkedagar i adár

Kjeldor

Mal:Adár


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon