Abraham Geiger

Frå Alnakka.net
Rabbinar Abraham Geiger (1810–1874)

Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av ledarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særlig trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ei religion i utvikling og endring.

Liv

Alt som barn begynte Abraham Geiger å tvile på den tradisjonelle forståelsen av jødedommen da studia hans i klassisk historie såg ut til å motseie de bibelske påstandane om guddommelig autoritet. Da han var 17 år gammel, begynte han å skrive på det første verket sitt — ei samenlikning mellom lovstilen i Misjná, Tenákh og Talmúd. Han arbeidde òg på ei ordbok over misjnaisk hebraisk.

Geiger sin ven [ד ?] hjelpte han økonomisk slik at han kunne studere ved Universitetet i Heidelberg, noko familien hans vart veldig skuffa over. Hovudfokuset hans låg kring filologi, syrisk, hebraisk og klassiske fag, men han følgte òg førelesningar i Det gamle testamentet, filosofi og arkeologi. Etter eitt semester gikk han over til å studere ved Universitet i Bonn, der han studerte samtidig med Samson Raphael Hirsch. Hirsch og Geiger vart vener til å begynna med, og dei organiserte eit jødisk studentlag i lag der det erklærte målet var å øve seg opp i homiletikk, og med det å bringe studentane nærmare eit jødisk verdisyn som eit djupare mål. Det var til denna gruppa at Geiger heldt si første preke den 2. januar 1830. I seinare år kom han og Hirsch til å bli bitre motstandarar som ledarane av to motstridande retningar av jødedommen.

I Bonn begynte Geiger med eit intenst studium av arabisk og al-Qur’ān, og han vann ein pris for essayet Was hat Mohammed aus dem Judenthume aufgenommen?. Geiger vart promotert til ein doktorgrad ved Universitetet i Marburg for detta essayet. I essayet argumenterte Geiger svært overtydande for at store deler av al-Qur’ān var enten tekne frå eller basert på rabbinisk litteratur.

Denna boka var det første steget hans mot eit mykje større intellektuelt prosjekt. Geiger arbeidde for å påvise at jødedommen hadde hatt sterk påverkning på både kristendommen og islām. Han meinte at ingen av dessa religionane hadde religiøs originalitet, men at dei snarare berre var reidskap for å förmidle den jødiske monoteistiske trua til den heidne verda.

På denna tida fanst det ikkje nånn stillingar som var opne for jødar i Tyskland, så Geiger laut søkje arbeid som rabbinar. Han fikk seg arbeid i det jødiske samfunnet i Wiesbaden (18321837). Der fortsette han med de akademiske utgjevingane sine først og fremst gjenom forskingstidsskrifta han sjølv grunnla og var redaktør for, inkludert Wissenschaftliche Zeitschrift für jüdische Theologie (183539) og Jüdische Zeitschrift für Wissenschaft und Leben (186275). Tidsskrifta hans vart eit viktig medium for jødisk vitskaplig forsking i si tid; hovudsakleg for historiske og teologiske studiar, men òg for kommentarar kring hendelsar i samtida.

Frå denna tida av begynte Geiger på reformprogrammet sitt òg, særlig i synagogeliturgien. For eksempel avskaffa han sørgjebønene over Tempelet i Jerusalem ut frå overtydinga om at jødar som var tyske statsborgarar kunne bli oppfatta som illojale mot landet, og at detta kanskje kunne auke antisemittismen. Geiger var drivkrafta attom fleire synodar av rabbinarar med reformidéar i håp om å formulere eit program for religiøs reform av jødedommen. I motsetning til Samuel Holdheim ville han ikkje opprette ei eiga trusretning; han arbeidde snarare for å endre den tradisjonelle jødedommen innanfrå.[1]

Reformatoren

I Tyskland1800-talet utmerka Abraham Geiger og Samuel Holdheim, saman med Israel Jacobson og Leopold Zunz, seg som grunnleggarane av reformjødedommen. Geiger var ein meir moderat og intellektuelt orientert reformator som arbeidde for å fundere denna nye forma av jødedommen på vitskaplig historiestudium, utan å gå ut frå trua på at nånn jødisk tekst bokstavelig tala var skreven av Gud.

Geiger var ikkje berre ein forskar som uttala seg om viktige emne og personar i jødisk historie. Han var òg ein rabbinar som stod ansvarlig for mykje av reformdoktrinen kring midten av 1800-talet; og han bidrog til mykje av særpreget til reformrørsla i jødedommen slik ho framleis finst i dag. Michael A. Meyer, som har spesialisert seg på historia til reformjødedommen, har sagt at om nånn enkeltperson kan kallast grunnleggaren av reformjødedommen, så må det vara Geiger.

Mykje av det Geiger skreiv har vorte omsett til engelsk frå den tyske originalen. Det finst mange biografiske og andre forskingstekstar om han, slik som verket Abraham Geiger and the Jewish Jesus av Susannah Heschel (1998), som tek for seg Geiger sitt radikale standpunkt at det kristne Nye testamentet illustrerer at Jesus var ein farisear som lærte frå seg jødedom.

Nån av Geiger sine studiar er inkludert i The Origins of The Koran: Classic Essays on Islam’s Holy Book redigert av Ibn Warraq. Andre verk inkluderer Was hat Mohammed aus dem Judentume aufgenommen? (1833) og An Appeal to My Community (1842).

Kritikk

Sjølv om han opprinnelig var ein kollega av Geiger, skreiv den galisiske rabbinaren Solomon Judah Loeb Rapoport ein skarp kritikk av Geiger sitt reformprogram (posthumt trykt som Nachalat Yehuda). Samson Raphael Hirsch tileigna mange av numra av tidsskriftet Jeschurun til kritikk av Geiger sine reformsyn (utg. på engelsk som Hirsch, Collected Writings).

Geiger sin motstand mot idéen om ein jødisk nasjonal identitet vart òg skarpt kritisert. Det vart blant anna framsett skyldingar om at Geiger skulle ha nekta å gjera noko for jødane som vart orett skylda for ritualmord i Damaskus i 1840. Den jødiske historikaren Steven Bayme har konkludert at Geiger faktisk kom med sterke protestar mot skyldingane på humanitært grunnlag.[2]

Verkliste

  • Was hat Mohammed aus dem Judentume aufgenommen? Bonn, 1833.
    • (Engelsk omsetting:) Judaism and Islam, F. M. Young, 1896. Online Edition
  • Das Judenthum und seine Geschichte von der Zerstörung des zweiten Tempels bis zum Ende des zwölften Jahrhunderts. In zwölf Vorlesungen. Nebst einem Anhange: Offenes Sendschreiben an Herrn Professor Dr. Holtzmann. Breslau: Schletter, 1865-71.
    • Engelsk omsetting: Judaism and its history: in 2 parts, Lanham [u.a.]: Univ. Press of America, 1985. ISBN 0-8191-4491-6.
  • Abraham Geiger and liberal Judaism : The challenge of the 19th century. Compiled with a biographical introduction by Max Wiener. Translated from the German by Ernst J. Schlochauer. Philadelphia : Jewish Publication Society of America 5722.
  • Nachgelassene Schriften. Reprint of the 1875-1878 ed., published in Berlin by L. Gerschel. Bd 1-5. New York: Arno Press, 1980. ISBN 0-405-12255-1

Fotnotar

  1. Meyer, Michael A.: Response to Modernity: A History of the Reform Movement in Judaism. Oxford (Oxford University Press), 1988, s. 90, 419 (fotnote nr. 109). Konklusjonane er basert på den utgjevne brevvekslinga mellom Abraham Geiger og ein nær ven, Joseph Derenbourg.
  2. Bayme, Steven: Understanding Jewish History: Texts and Commentaries. Jersey City, NJ: KTAV, 1997. p. 282. ISBN 0881255548

Litteratur

  • «Abraham Geiger» i Encyclopedia Judaica (2007)
  • Bomhoff, Hartmut: Abraham Geiger - durch Wissen zum Glauben - Through reason to faith: reform and the science of Judaism. (Text dt. und engl.). Stiftung Neue Synagoge Berlin, Centrum Judaicum. Jüdische Miniaturen ; Bd. 45. Berlin: Hentrich und Hentrich 2006. ISBN 3-938485-27-2
  • Geiger, Ludwig: Abraham Geiger. Leben und Werk für ein Judentum in der Moderne. Berlin: JVB, 2001. ISBN 3-934658-20-2.
  • Heschel, Susannah: Abraham Geiger and the Jewish Jesus. Chicago; London: Univ. of Chicago Press, 1998. (Chicago studies in the history of Judaism). ISBN 0-226-32959-3.
  • Paul, Jobst: «Das ‘Konvergenz’-Projekt : Humanitätsreligion und Judentum im 19. Jahrhundert», i Margarete Jäger, Jürgen Link (Hg.): Macht – Religion – Politik. Zur Renaissance religiöser Praktiken und Mentalitäten. Münster, 2006. ISBN 3-89771-740-9

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Abraham Geiger from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.