4. april

Frå Alnakka.net
<< april >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30
2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar

Just Knud Qvigstad (f. 4. april 1853Lyngseidet; d. 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor ved lærarhøgskulen i Tromsø, filolog, folklorist og forskar på samisk språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammel han vart — han dødde knapt tre vekkor føre 104-årsdagen sin – er det ovanleg langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplege publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærlegheitsfortelingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!   Les meir …

Dødsfall

Isaac Aboab da Fonseca
Ishac Aboab da Fonseca (f. 1.2.1605 i Castro Daire, d. 4.4.1693 i Amsterdam) var ein portugisarjødisk rabbinar, kabbalist og forfattar. Frå 1642 var han ḥakhám i K″K Ṣur Israel i Mauritsstad i Pernambuco) i det novarande Brasil, og frå 1654 var han overrabbinar for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han er blant anna kjent for å ha vore med i mangamáden (menigheitsrådet) som lyste Baruch Spinoza i bann på grunn av gudssynet han la fram i skriftene sine. Simaõ da Fonseca vart fødd tisdag den 1. februar 1605 i Castro Daire i det nordlige Portugal ått föreldra David Aboab og Isabel da Fonseca, som begge var novos cristãos (conversos, bené anusím). Sjølv om familien offisielt hadde konvertert til kristendommen, leid familien stadig under antisemittiske fordommar og mistankar frå Den portugisiske inkvisisjonen. Da Simão enno var liten, flykta familien til St. Jean de Luz rett nordom den spanskfranske grensa. Det ser ut til at David dødde der, og i 1612 flytta enkja Isabel og sonen Simaõ til Amsterdam, der nån slektningar av David alt budde. Da dei kom ått Amsterdam, gikk dei straks tilbake til jødedommen att, og Simão tok i bruk det jødiske namnet Ishac Aboab da Fonseca (förenamnet vart òg skreve Yshac, Yshack o.a.). I ungdomstida studerte både Ishac og jamnaldringen Menasseh Ben Israel med Isaac Uziel.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar