30. mars

Frå Alnakka.net
<< mars >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31
2024

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2024Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2024Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2024

Fødslar

Mosjé ben Maimón (30. mars 113513. desember 1204), hebr. משֶׁה בֶּן מַיימוֹן [mō'še ben maj'mōn], j.-arab. מוסא אבן מימון ['mūsa ibn may'mūn], gr./lat. Moses Maimonides), mest kjent som Maimonides, var ein dokter, rabbinar og filosof som er særleg kjent for det halakhiske verket Misjné Torá og den filosofiske boka Dalālat al-ha’irīn (meir kjent som Moré nebukhím eller De rådvilles lærar) — ei bok som søkjer å harmonisere jødedommen med vitskap og aristotelisk filosofi. Mosjé ben Maimón vart fødd den 30. mars 1135 i Córdoba i Spania, som på den tida var under muslimsk styre, og studerte Torá under far sin, Maimón, og rebbí Joséf ibn Migásj. Familien flykta til Marokko etter at Córdoba fall og vart innteken av almohadane. I Marokko tok han til seg det meste av den sekulære lærdommen sin da han studerte ved universitetet i Fez. I tida han var der skreiv han det kjente kommentarverket sitt til Misjná.   Les meir …
Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelmann frå Valsøyfjorden i Halsa kommuneNordmør. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 ått föreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga ått honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han Ingvar var 19 år gammel, kjøpte faren ei hardingfele ått honom gjenom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les meir …

Dødsfall

Gurū Hari Krisjan dji (7. juli 165630. mars 1664) var den åttande av de ti sikh-gurūane og vart gurū den 7. oktober 1661 som etterfølgjar etter far sin, gurū Hari Rāi. Före gurū Hari Krisjan dødde, utpekte han Baba Bakala dji som den neste sikh-gurūen. Det viste seg at detta var gammelonkelen hans, gurū Tēgh Bahādur.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar