27. februar

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Mal:Februar

Dødsfall

Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelmann frå Valsøyfjorden i Halsa kommuneNordmør. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 ått föreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hade laga ått honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanlig fele). Da han Ingvar var 19 år gammel, kjøpte faren ei hardingfele ått honom gjenom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les meir …
Moritz Rabinowitz (18871942) var ein asjkenazisk samfunnsengasjert handelsmann og gründer som var fødd i Polen, men som budde i Haugesund frå 1911 til han vart arrestert av nazistane i 1940 og seinare deportert til Sachsenhausen, der han dødde den 27. januar 1942. Moritz Rabinowitz vart fødd den 20. september 1887 i landsbyen Rajgrod i Polen. Han kom til Bergen i 1909 og til Haugesund i 1911. Han gifta seg med Johanne Goldberg (1889–1939), som var dotter ått Oberkantor Salomon Goldberg i Berlin, kjent for bygginga av synagogen «Friedenstempel» Halensee der. Ei dotter, Edith, gift Reichwald, vart fødd i 1918. I Haugesund opna han ein liten klesbutikk. Idéen hans var å gje bønder, fiskarar og arbeidarar stilfull mote for ein rimelig penge.   Les meir …

Opphør

 

Fødslar

 

Etableringar

 

Andre hendelsar

 

Personlige verkty