21. februar

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk

Mal:Februar

Dødsfall

Abraham Lopes Cardozo z”l (f. 27. september 1914 i Nederland, d. 21. februar 2006) var ein nederlandsk-sefardisk ḥazzán og rabbinar som var særlig kjent for arbeidet sitt med å vidareføre og dokumentere den portugisarjødiske tradisjonen. Abraham Lopes Cardozo vart fødd i 1914 i Nederland som son ått Joseph Lopes Cardozo. Han studerte ved Ets Chaim-seminariet i Amsterdam. I 1939 vart han utnemnt til rabbinar för den sefardiske menigheita i Paramaribo i Surinam. I 1946 kom han så til New York City som ḥazzán ved Shearith Israel — og han vart varande i den stillinga til han gikk av med pensjon i 1984.   Les meir …
Baruch Spinoza (16321677)
Baruch Spinoza (24. november 163221. februar 1677), etter kvart kjent som Benedictus de Spinoza og kjent som Bento de Spinoza eller Bento d’Espiñoza i samfunnet han vaks opp i, blir, samen med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz, rekna som ein av de store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han er rekna som grunnleggaren av moderne bibelkritikk.   Les meir …
Kristian Østberg (f. 8. november 1867, d. 21. februar 1942) var en norsk jurist, høgskuledosent, folkeminnesamlar og statsstipendiat som særlig er kjent för verket Norsk bonderet. Østberg vart fødd den 8. november 1867 i Grue kommune som bondeson. Han gikk på underoffisersskule 1885–89 og var sersjant i Kristiania linjebataljon 1889–95. Samtidig tok han eksamen på Asker Seminar i 1892, og 1892-1904 var han lærar i Brevik, Trondheim og Kristiania. Samtidig med læraryrket studerte han, tok artium i 1900 og vart cand.jur. i 1905. 1906–1908 studerte han vidare i København, Berlin, Würzburg og München. Frå 1909 til 1918 arbeidde han i Statsrevisjonen, og etter det vart han tilsett som høgskuledosent i rettslære og nasjonaløkonomi ved NLHÅs. Kristian Østberg var særlig interessert i folkloristikk. Alt i 1901 fikk han det første stipendet sitt frå Universitetet för å samle folkeminne frå Finnskogen. Frå 1903 reiste han årlig rundt i landet for å dokumentere folkelig sedvanerett og bonderettslig tradisjonsmateriale.   Les meir …

Opphør

 

Fødslar

 

Etableringar

 

Andre hendelsar

 

Personlige verkty