1946

Frå Alnakka.net
1946 evt.

| 19. hundreåret | ◄ 20. hundreåret ► | 21. hundreåret |

| 1920-åra | 1930-åra | ◄ 1940-åra ► | 1950-åra | 1960-åra |

◄ ◄ | | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | ◄ 1946 ► | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | | ► ►



1946 evt. i andre kalendrar
Jødisk 5706–5707
Islamsk 1365–1366
Iransk 1324–1325
Hindu
Vikram Samvat 2001–2002
Sjāka Samvat 1868–1869
Kaliyuga 5047–5048
Ab urbe condita 2699
Gregoriansk 1946
MCMXLVI

Fødslar

Margarida Ponte Ferreira (f. 1946) er ein portugisisk-norsk forskar og forfattar. Ho har først og fremst skreve faglitteratur, og da særleg rapportar for Norsk utenrikspolitisk institutt, men ho har òg gjeve ut tre romanar under namnet Margarida Utne. Maria Margarida Morais Da Ponte Ferreira vart fødd i 1946 i Lisboa i Portugal ått foreldra Maria Manuela Morais da Ponte og Manuel Soares Ferreira. Ho vaks opp først på Azorane og seinare i byen Beira i Moçambique. Ho tok eksamen ved Instituto Superior de Ciências Económicas e Financeiras i Lisboa i 1969 og arbeidde i fleire år i den portugisiske administrasjonen.   Les meir …
Tom Tofteberg (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg vart fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert i lag med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tisdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård.   Les meir …

Dødsfall

Sigurd Einbu (f. 5. november 1866Lesjaskog; d. 10. mai 1946) (fødd Enebue), var ein norsk sjølvlært astronom frå Lesjaskog, kjent for å ha funne ein nova i stjernebildet Gemini den 12. mars i 1912. Novaen fikk namnet Nova Geminorum 2. Han skreiv etternamnet sitt Enebo i store deler av den vitskaplige karrieren sin. Sigurd Enebue vart fødd den 5. november 1866 på Lesjaskog. Han gikk på Hamar offentlige lærerskole og arbeidde som lærar i Øyer, Vågå og Sel före han vendte heim ått Dombås. Han vart tidlig interessert i astronomi, men han kunne ikkje ofre seg fullt for den astronomiske verksamheita före han vart statsstipendiat i 1908.   Les meir …

Etableringar

 

Opphør

 

Andre hendelsar

Første sida av manuskriptet.
«Spelemannen Erik Almhjell 65 år» (1946).
Fredag 25. oktober <1946> fyller han 65 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Almhjell i Sundalen. Mor hans var frå Torske og av ei sers musikalsk ætt. Berre 4 år gamall dreiv han og øvde seg på trekkspel, det var tungt so han laut ha det ståande på ein krakk. Då han var 13 år tok han til med fela. Broren Ola, som og ei tid var svær spelemann, lærte han gripa, og sjølv lærte han seg notar. Ungdomslaget på Aalvundeid tok seg ein tur over fjellet til Sundalen og kom ned ved Almhjell, då spela 13 åringen ein slått åt dei.   Les meir …

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>