1914

Frå Alnakka.net

Gå til: navigering, søk
1914 evt.

| 19. hundreåret | ◄ 20. hundreåret ► | 21. hundreåret |

| 1890-åra | 1900-åra | ◄ 1910-åra ► | 1920-åra | 1930-åra |

◄ ◄ | | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | ◄ 1914 ► | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | | ► ►


Dødsfall

Hans Ross.
Hans Ross (f. 14. april 1833; d. 16. juli 1914) var ein teolog, ordboksredaktør, målmann og statsstipendiat frå Mandal. Hans Matthias Elisæus Ross vart fødd søndag den 14. april 1833 i Holum i Mandal. Han var presteson og vart student i 1849, etter å ha vore elev av blant andre lektor Ole Kristian Thistedahl ved Kristiansand katedralskole. I 1852 vart han cand.theol. Han arbeidde deretter som lærarvikar, studerte tysk i Tyskland 1856–57, engelsk i England 1859–60 og underviste i språk ved skular i Christiania. Etter sitt første møte med Ivar Aasen i 1857, fann Ross livsoppgåva si i å vidareføre og utvide Aasen sitt ordboksverk.   Les meir …

Opphør

 

Fødslar

Abraham Lopes Cardozo z”l (f. 27. september 1914 i Nederland, d. 21. februar 2006) var ein nederlandsk-sefardisk ḥazzán og rabbinar som var særlig kjent for arbeidet sitt med å vidareføre og dokumentere den portugisarjødiske tradisjonen. Abraham Lopes Cardozo vart fødd i 1914 i Nederland som son ått Joseph Lopes Cardozo. Han studerte ved Ets Chaim-seminariet i Amsterdam. I 1939 vart han utnemnt til rabbinar för den sefardiske menigheita i Paramaribo i Surinam. I 1946 kom han så til New York City som ḥazzán ved Shearith Israel — og han vart varande i den stillinga til han gikk av med pensjon i 1984.   Les meir …
Jan-Magnus Bruheim (fødd 15. februar 1914 i Skjåk, død 10. august 1988) var ein författar og diktar. Etter endt skulegang arbeidde han på gard nån år före han begynte som lærar i Vågå i 1957. Skulesentraliseringa på 1960-talet førte til at han slutta i skuleverket, men han fortsette med å drive opplysningsarbeid i fleire år og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing. Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vara ein konvensjonell sentrallyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar.   Les meir …

Etableringar

Nordlandet kirkje.
Foto: Olve Utne, november 2009.
Nordlandet kirkje er ei steinkirkje i jugendstil som vart bygd i 19131914. Arkitekt var kirkjearkitekt Hagbarth Schytte Berg (1860–1944) frå Trondheim, og byggmeister Ole Havnæs frå Ålesund hade hovudenterprisen för oppføringa. Hovudmaterialet för veggene var lokal, handhogd gråstein. Takstolane av tre er synlige frå kirkjerommet. Glasmåleria og bilda på veggene vart laga av Emanuel Vigeland (1875–1948). Kirkja er kjent för den gode akustikken og blir mykje bruka til konsertar.   Les meir …
Bygdøynes i april 2011, med NMM (hovudbygninga og båthallen) til venstre, Frammuseet i midten og litt av Kon-Tiki Museet lengst til høgre.
Foto:Olve Utne
Norsk Maritimt Museum, tidligare (1914–2009) Norsk Sjøfartsmuseum, er eit nasjonalt museum för sjyfart og andre historiske og notidige aktivitetar tilknytt saltvatn og ferskvatn i Norge. I tillegg har museet marinarkeologisk kompetanse; og dei har förvaltningsansvar för kulturminne under vatn i alle fylka på Austlandet og Sørlandet. Norsk Sjøfartsmuseum vart stifta i 1914 og tok over mange av gjenstandane frå Norges Jubileumsutstilling 1914, som vart halda i Frognerparken frå 15. mai til 11. oktober. Dei første åra vart gjenstandane lagra, men frå 1929 fikk museet disponere utstillingslokale ved Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Dei novarande lokala rett sørom Frammuseet (1935– ) og Kon-Tiki Museet (1950– ) på Bygdøynes vart nyoppført för Sjøfartsmuseet. Bygningane vart påbegynt etter andre verdskrigen, og i 1960 flytta museet inn. Siste byggetrinnet vart fullført i 1974.   Les meir …


1914 evt. i andre kalendrar
Jødisk 5674–5675
Islamsk 1332–1333
Iransk 1292–1293
Hindu
Vikram Samvat 1969–1970
Sjāka Samvat 1836–1837
Kaliyuga 5015–5016
Ab urbe condita 2667
Gregoriansk 1914
MCMXIV

Andre hendelsar

 

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>

Personlige verkty